onsdag 9. mars 2011

Eugenio Montale: Sommerfugl i Dinard


Det er blitt hevda at livet til den norditalienske forfattaren av denne boka var forma som eit modernistisk dikt, fullt av uventa lydar, brå assosiasjonar og tydelege kontrastar, og bore fram av ei original stemme med uregelmessig rim og hyppige rytmeskift. Så var han også ein individualist av dei sjeldne, ein einsamflygar som søkte det urøyvde og opphavelege overalt der han ferdast.
Som ung drøymde Eugenio Montale (1896-1981) om å bli operasongar. Han var yngst av åtte søsken (sju gutar og ei jente) i ein relativt velståande apotekarfamilie i Genoa og byrja tidleg å ta songtimar under den kjende barytonen Ernesto Sivori, men utbrotet av den fyrste verdskrigen førte han inn i den italienske hæren (han utdanna seg som offiser ved militærakademiet i Parma), og ved den austerrikske fronten kjempa han heilt til trippelalliansen vart tvinga til å kapitulere i november 1919. Då freden kom, vende Montale attende til fødebyen for å ta opp att synginga, men etter at Sivori døydde i 1923, bestemte han seg for å satse på ein litterær karriere. Han studerte (på eiga hand) dei store europeiske samtidsforfattarane og vart djupt inspirert av filosofar som Henri Bergson og Arthur Schopenhauer, noko hans såkalla hermetiske poesi (ermetismo) seinare skulle vise.   
I 1928 reiste Montale til Firenze, der han blei direktør for Gabinetto Vieusseux-biblioteket, ei stilling han elles miste i 1938, då han nekta å bli medlem av fascistpartiet. Etter andre verdskrigen busette han seg i Milano, der han også døydde i 1981.
Den tydelege motstanden mot Mussolini gjorde Montale populær mellom dei nye makthavarane i Italia. Utover 1950-talet vart forfattaren tildelt mange ærestitlar. I 1967 vart han utnemnd som senator på livstid av den italienske presidenten Guiseppe Saragat. Likevel var det ei overrasking for mange då han fekk Nobelprisen i litteratur i 1975.
Det var fyrst og fremst som poet og kritikar (av både litteratur og musikk, særleg i Milano-avisa Corriere della Sera) at Montale vart kjend. Han samarbeidde med store namn som Italo Svevo og Salvatore Quasimodo, og korresponderte ivrig med Ezra Pound (trass i fascistsympatiane hans). Han vart også vidgjeten for sine omsetjingar av forfattarar som Shakespeare, T.S. Eliot og Eugene O`Neill. Truleg tok ikkje Italo Calvino for hardt i då han kalla Montale ein klassisk, europeisk intellektuell av betydelege dimensjonar.
Eugenio Montale debuterte med diktsamlinga Ossi di Seppia (Blekksprutbein) i 1925, men braut for alvor gjennom med Le occassioni (Tilfelle) i 1939. Denne boka, som var skrive like i etterkant av at det stormfulle kjærleiksforholdet som Montale hadde til den jødisk-amerikanske gjesteprofessoren Irma Brandeis var slutt, er blitt kalla ein stoisk protestsong mot fascismen, og var – mellom mykje anna – inspirert av Dantes usløkkjelege lyst etter å bli sameint med sin Beatrice i Divina Commedia (som vi veit møttest dei i den niande himmelen i Paradis). Seinare skulle eit nytt ulukkeleg kjærleiksforhold, denne gongen med den unge poeten Maria Luisa Spazani, inspirere han til å skrive La bufera e altro (Stormen og andre ting) i 1956, av mange rekna som den siste av dei store diktamlingane hans.
La farfalla di Dinard kom ut fyrste gongen i 1956, men vart utvida for kvart nytt opplag fram til 1960. Den norske utgåva som Aschehoug gav ut i 1976 (typisk nok året etter nobelpristildelinga) inneheldt 50 noveller.

Dette er korte forteljingar, eller kanskje betre – episodar, dei fleste på omlag 3-4 sider. Persongalleriet er uvanleg rikt, frå rebusløysaren pater Buganza i opningsnovella En ukjents fortelling til den eksentriske (og misnøgde) restaurantgjesten Pantaleone i Nyttårsmåltid. Både tenestejenta, smuglaren, politikaren (kandidaten for Ordenspartiet, Løven fra de to kyster), fransiskanarmunken, den skjeggete nabokona og underoffiseren med fartstid frå Eritrea vert skildra med latter og varme. Familiemotsetnader som i  Romeo og Julies Verona likeså. 
Omgjevnadene er for det meste norditalienske. Vi vitjar både Genoa, Livorno og Trieste. Mange tekstar avspeglar forfattarens barndomsopphald i familien sitt sommarhus ved den ligurgiske riveraen. Middelhavslandskapet i Levante-regionen (Aust-Liguria) utgjer sjølve kjernemiljøet i desse novellene. Kvadrofonien av lydane frå kysten – bårer som bryt mot klipper, båtar, fuglar - langs Genoa-gulfen dannar kulisser for tekstane sine små melodrama. Men novellene tek oss også utanlands, til Buenos Aires (og den italienske bydelen Boca), til Sveits, England og Frankrike (jamfør badebyen Dinard i Bretagne, der tittelnovella, som kjem heilt sist, utspelar seg).
Observasjonane er skarpe, skildringane intense. Vi kjenner lukta av paraguayansk te, vi høyrer lyden frå togperrongane. Språket er poetisk, rikt og overraskande. Spora etter Debussy og impresjonistisk musikk er tydelege.
Dei fleste av tekstane er skrivne frå ein personal synsvinkel, og det kan vere eit barn eller ein turist som fører ordet. Eg-forma passar tekstmaterialet godt. Lesaren får eit temmeleg intimt forhold til dei figurane som hovudpersonen møter på sin veg gjennom livet. Men framfor alt understrekar denne tilnærminga Eugenio Montales sjølvvalde einsemd og flukt inn i den urøyvde naturen, framfor alt den norditalienske vestkysten, som representerte det nærmaste ein kunne kome lukka:
”Berre dette kan vi fortelje deg i dag/alt det vi ikkje er, alt det vi ikkje vil”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar