mandag 29. april 2013

Heilt vanleg grått

Våren kjem snart ridande,
og Hareid opnar seg
i nyansar av grått.


Frå Løysingsteinen.
Med utsikt mot Breisundet
og Nøre Luten.


Mot Verparen.
Med Løkeberget og Kongsvollen
i det nesten blå.

onsdag 24. april 2013

Ufyseleg og fantastisk for Hødd

Så er det berre
å gratulere Noregsmeistrane frå 2012 med ei flott sesongopning
på den tradisjonsrike og snart historiske Høddvoll.
Sigeren over Hamkam smakte godt,
kanskje mest fordi spelet
var både eitt og to hakk betre enn
på same tid i fjor.
Og sjølv om hedemarkingane pressa litt mot slutten,
med stangskot og redusering til 1-2,
sat vi der og følte oss temmeleg trygge,
 naboen og eg.
Nei, absolutt ingen angst
for at sigeren ville ryke.


 Så takk til laget,
med eminente Latifu i spissen,
takk til heiaropsjefen på hovudtribuna,
som aldri blei sliten av å piske opp stemninga
i det våtkalde publikumet,
og takk til det ufyselege vestavéret,
som heldt ballen så lenge i lufta
at ingen forstod kvifor heimelaget fekk straffe 
og difor kunne gå opp til 2-0
ved ein glitrande god nigerianar som vi aldri må gi slepp på.

lørdag 20. april 2013

Resirkulert Afrika

Då eg totalt tilfeldig snubla over eit bruktboksal
på Gjenbruk-butikken
til Det Norske Misjonsselskap
inni Myrvågane i dag,
var det vanskeleg
ikkje å tenkje på
lysbileteseriane
frå Kamerun og Madagaskar
som vart viste
på bedehuset i gamle dagar.
 
 
Alle desse brune kroppane
stuva saman
i treskuggar og skur
under den brennande sola
i Afrika
lyttande til historiene
om jødane sine ørkenvandringar
og Jesu undergjerningar
frå munnane til norske misjonærar,
tenkte eg på
då eg plukka 18 bøker
opp i posen.
Alt dette vi sende nedover.
Evangeliet. 
Og så dette andre dei innfødde fekk med seg på kjøpet.
Det var sikkert godt meint,
har eg ofte tenkt.
Og kanskje også rett gjort.
For han som leitar, skal finne, lærte vi i søndagsskulen.
Men ikkje om eg hadde trudd
at det var nettopp
i misjonen sine hyller
eg endeleg skulle kome over
Herman Hesses Demian
og Milan Kunderas Udødeligheten.
 

Elles mykje gildt å sjå inni Myrvågane
på ein vindfull og grå sunnmørsdag.
Så kva kan ein ikkje få
for førti kroner.

fredag 19. april 2013

Jostein frå Hjørungavåg

Så kom gladmeldinga.
Nokon kjende att den sakna katten sin
etter eit tilfeldig gløtt i fjesbokja.
 

I ettermiddag kom nemleg ein mann
 køyrande i ein kvit Toyota.
Brått svinga han opp på tunet vårt og sa:
- Nei, er det du, Jostein?

 
 Dermed hoppa katten ned frå altanrekkverket.
Det vart eit gledeleg gjensyn.
Jostein fekk jamvel site i framsetet
på nyevegen langs Overåstranda
der Hareid nesten umerkeleg
glir over i Hjørungavåg skulekrins.
Ikkje så rart, kanskje,
etter eit heilt år på rømmen.

lørdag 13. april 2013

SISTE SOLSTRIMA

No tippar eg
at det blir lenge til neste gong


  vi sløvar slik
i solsteiken på altanen,
for brått tjukna det seg til med skyer
over eidet,


 men vérprofetane
har teke feil før.

onsdag 10. april 2013

Claudio Magris: I blinde

Trass i tallause sidespor og hyppige kronologibrot, er det lenge sidan ein roman har gjort sterkare inntrykk på meg enn Claudio Magris` I blinde .


Den italienske litteraturprofessoren Magris (f 1939),
med slektsband til både Italia, Jugoslavia og fjerne provinsar i det gamle habsburgske dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn,
er spesialist på tysk språk og sentraleuropeisk kultur ved universitetet i Trieste, 


og er nok mest kjend for reiseskildringa Donau
som vart ein verdssuksess då ho kom ut i 1986
(og som sikkert har gjort forfattaren økonomisk sutalaus
for all framtid).


Men der Donau 
(som også har trekk av romanen og essayet i seg)
er kronologisk 
(som faret etter elva),
er I blinde kaotisk og lunefullt 
(som havet).
Heile teksten i Alla cieca
som kom ut i 2005, 
er bygd opp som ein monolog frå den (viss eg har rekna rett) 
åttitoår gamle kommunisten Salvatore Cippio, 
lest inn på ein bandopptakar ved ein psykiatrisk klinikk i den italienske grensebyen Trieste, 
til legen hans, dr. Ulcigrai.
Og det er verkeleg ei fascinerande forteljing, 
der Salvatores livshistorie, 
som jugoslavisk antifascist og straffange,
fyrst i konsentrasjonsleiren Dachau 
("ondskapens uoverstigelige høydepunkt"),
og seinare 
(etter brotet mellom Tito og Stalin)
i det jugoslaviske gullaget Goli Otok,
vert voven inn i 
den (viss eg har rekna rett) hundreogtredve år eldre danske sjømannen 
Jorgen Jorgensens livshistorie
(med vekt på rolla hans under utryddinga av urfolket på Tasmania) 
som pasienten ikkje greier å skjelne frå si eiga.
For lesaren, altså meg, 
(eller lyttaren til bandopptaket, altså dr. Ulcigrai) 
vert dei dramatiske opplevingane til desse to personane 
fletta så tett og stramt saman
at det stundom er uråd å skilje dei frå einannan.
Ei setning kan byrje med Salvatore
og slutte med Jorgen.
Men røynslene deira har fleire likskapar.
Begge er politisk medvitne og opplever tortur og menneskleg råskap.
Begge vert stempla som forbrytarar og forrædarar.
Begge får merkelappen displaced person og blir gitt ein ticket of leave 
av styresmaktene.
Og begge opplever kvinna
(og då meiner eg med stor k)
som både hore og madonna (Norah og Maria).
Til saman utgjer forteljingane deira EI historie om det jaga og forviste individet
som har erfart at såkalla siviliserte menneske
har vist det blinde auget til, 
og i likesæle berre akseptert,
 dei mest ekstreme formene for brutalitet og fornedring framigjennom,
biletgjort av dei kvinnelege gallionsfigurane
sine hundreår lange reiser over
verdas sju, åtte eller ni hav.


Språket i denne romanen, 
som også har klangbotnar i dei greske eposa Iliaden og Odysseen, 
er eruptivt og nyskapande.
Min norske versjon, utgitt av Press Pocket, 
er ypparleg omsett av Kjell Risvik, 
og er ein meister og nobelpriskandidat som Claudio Magris verdig.

mandag 1. april 2013

Hareid mot Gøyna i kveld

Treningskampen mellom Hareid og Godøy,
som etter planen skulle avviklast komande torsdag,
vert spelt
i ettermiddag kl 1700, melder Hareid IL si heimeside.
Bakgrunnen for denne framskundinga
er eit ønske frå Godøy.
Heile sju av dei faste A-lagsspelarane deira reiser på sjøen allereie onsdag.


Men også Hareid kan oppleve mannskapsmangel i kveldens kamp,
sidan det vakre véret har lokka fleire av spelararne til å bruke ein ekstra dag
i påskefjellet.
Trenarane Hans Gisle Holstad og Vidar Vollseter
oppfordrar difor alle heimeverande oldboysar
som er i "nokolunde bra form"
om å pakke med seg sko og leggskinn og møte på klubbhuset
seinast kl 1615.
- Alle skal få spele minst ti minutt, seier Kisse 
på ei dårleg mobiltelefonlinje frå Steinbu.  


På grunn av J16-kampen mellom Hareid og Blindheim
på kunstgrasbana kl 18
vert oppgjeret mellom Hareid og Gøyna avvikla på grusbana,
som ved middagstider var mesta fri for snø.
Og kjenner vi støtteapparatet til Hareid IL rett,
er Tor Henning Andersen og Harald Åsen allereie ute med sladden,
slik at spora etter lokale rånarar
og Sirkus Merano sine elefantar
vert viska bort for godt.
Kampen skal dømmast av Rich Hunstad, Hjørungavåg IL,
og er ein er snar,
rekk publikum heim i god tid til den direktesende tippeligakampen
mellom Vålerenga og Sogndal
som går på TV2 frå klokka 19.

For oppdatert informasjon sjekk 

http://fotball.hareidil.no/#cid=1