fredag 28. februar 2020

Beckett Broch Brodsky Cohen Moravia Oates Saramago

Ikkje så få utfordringar
får ein om ein mengar seg med venene sine 
på Fjesboka
og den siste og absolutt ikkje minst
meiningsfylte
er å leggje ut framsider eller omslag på sju bøker 
som har betydd
noko for deg framigjennom
i løpet av ei veke 
så her er mine








vald frå bokhylla på omlag to minutt
og det kunne sjølvsagt ha vore 
titals, hundrevis av fleire
men det får bli ein annan gong.

fredag 21. februar 2020

VÅRE FALNE

Kanskje fordi vi i vår 
skal markere runde tal for den andre verdskrigen 
sin start og slutt i Norge,  
har eg denne veka bladd og lese 
gjennom dei fire banda av "Våre falne",
som inneheld omlag 11500 korte biografiar 
om dei nordmennene som på ulike vis fall
som følgje av krigshendingane i åra 1939-1945. 


Det sju-åtte kilo tunge bokverket 
vart initiert av dei norske styresmaktene 
rett etter at krigen var slutt,


og ei redaksjonsnemnd på sju personar
fekk ansvaret for å samle inn opplysningar, 
skrive og redigere tekstane, 
før dei vart utgitt i åra 1948-1951.



Eg innrømmer gjerne - timane med lesing og blaing 
gjorde noko med meg.
Alt er så nøkternt, hardt og uendeleg trist.

Kanskje kan vi sjå på dette bokverket
som ein del av nasjonen Norge sitt sorgarbeid
etter det vi opplevde etter 9. april 1940.

Kven møter vi så mellom desse permane?
Jau, vanlege menneske av alle slag.

Ein kjøpmann frå Ålesund.
Ei butikkdame frå Trondheim.
Ein oberstløytnant, kjend frå felttoget i Gudbrandsdalen.
Ein skuleelev frå Volda.
Ein dreng frå Nordal.
Ein fiskar frå Ytre Sogn. 
Ein krinssekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund (KFUK/M).
Ei husmor frå Ålesund.
Ein lektor frå Bergen.


Øvst frå venstre: Israel Steinfeldt, (Ålesund), Malke Mahler (Trondheim), 
Lars Dannevig (Tønsberg), Abraham Mahler (Volda), Lars Selboskar (Nordal),
Sjur Trovåg (Solund), Jonas Uri (Nordal), Lea Steinfeldt (Ålesund), 
Erling Jørstad (Bergen).

Og altså over 11000 fleire,
som fall som fylgje av krigen,
med dei grufulle ideologiske, 
militære og strategiske 
mekanismane som spelte inn, 
alle med bilete og ein liten biografi.
Til saman utgjer dei Norges lengste minneord.

Framleis er det mange som hugsar fleire av "dei falne"
frå den tida dei var born eller ungdomar.
Og vi som er yngre, har fått bitar av historiene deira fortalt.  

Det er kanskje nærliggjande å tenkje på Nordahl Grieg, 
som i diktet "17. mai 1940" seier:

"Vi er så få i dette landet,
hver fallen er bror og venn".

I 1943 blir denne forfattaren sjølv ein av dei falne.

Kvart band i bokverket opnar med ein illustrasjon
av biletkunstnaren Alf Rolfsen (son av Nordahl).
Kanskje tematiserer dei motstand, okkupasjon, sorg og håp? 


Då eg for 12-13 år sidan
stod midt i arbeidet med å samle inn
historier til dokumentarboka 
"Himmelen over Shetland"
(Det norske Samlaget, 2009),

  
registrerte eg at mange av dei 
som hadde mist nære familiemedlemar,
hadde heile bokverket heime,
oftast på ein sentral plass i bokhylla i stova.
Ikkje så rart, når ein tenkjer på det store tapet
 som desse familiane hadde lidd.

Ei historie som også er omtala i den boka,
er den siste reisa til MTB 345,
der Agnar Bigset frå Hareid var maskinist.
Dette var eit av dei styggaste brotsverka som okkupantane stod bak,
og hendinga vart nytta som tiltalepunkt
under prosessane i Nürnberg hausten 1945.
I "Våre falne" står det følgjande:


 Om ålesundaren Israel Steinfeldt kan vi lese:  


Om Trygve, far sin barndomskamerat:


  Om oberstløytnant Dannevig, 
som var far sin overordna 
under felttoget i Gudbrandsdalen:


Om Sjur Trovåg, onkel til svigerfar min:


Eller om Erling, syskenbarnet til mor:




 

Som ein ser, er det små, nøkterne fakta,
der ein berre anar lidingane som ligg bak.

Så endå ein gong nærmar vi oss 9.april og 8.mai.
Er det ikkje på tide å leggje krigen bak seg, spør nokon?
Bli ferdige, kome oss vidare?

Nei, vil eg svare.
Snarare tvert om.
Dei nye generasjonane må få høyre desse historiene.
Eg meiner dei har krav på det.
Vi må lære dei unge å avsløre og gjennomskue. 
I den krigen som var, ser vi også krigar som kan kome.

 Nettopp derfor er "Våre falne" eit så viktig dokument. 
Og som alle minneord skal det minne oss på noko 
- det som har hendt, og det som kan kome til å skje.
Minneord er påminningar.

I dag ligg "Våre falne" også på nettet.
Det går fint an å søkje på person
(men hugs fullstendig namn).
Ein snarveg til DIS Norge og Nasjonalbibloteket sin portal 
finn ein her: