fredag 24. september 2021

"Skal vi aldri bli ferdige med krigen?"

 Siste veka i september

skal Svein Sæter og eg besøke fire bibliotek på Sunnmøre 

for å snakke om krigen

og diskutere kvifor

vi ikkje vert ferdige med han.


Journalisten og kulturarbeidaren

Svein Sæter (f 1960 frå Sunndalsøra)

har mellom svært mykje anna

 gitt ut over 20 sakprosabøker

sidan debuten i 1996,

og fleire av desse sirklar rundt

dramatiske hendingar frå andre verdskrigen.

Det er nok å nemne

"Spion i Hitlers rike" (2006), 

om agenten Sverre Bergh, basert på 

intervju med han rett før han døydde,

"Operatøren" (2008), 

om tungtvatnsabotøren og Kon Tiki-fararen Knut Haugland,

og "Krig. Mor. Bror" (2019), 

om broren hans, Ottar Haugland, sin kamp mot

 nazismen, som førte han til 

konsentrasjonsleirane i Tyskland.

For min eigen del

gav eg i 2009

ut krigsdokumentaren 

"Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil 1940-45",

men både romanane "Livingstones retrett", "Vegen til Neverland",

 "Brevet til Rosalin" og "Aldri kome tilbake", i tillegg til 

fjorårets  novellesamling "Krighistorier",

har krigen som bakteppe.

Faktisk innser eg no 

at dei fleste av dei 12 skjønnlitterære bøkene mine,

jamvel fleire dikt og noveller,

på ein eller annan måte

har trådar attende til krigen,

og dei farar, utfordringar og dilemma han skapte,

noko som vel avspeglar kor viktig denne tidsbolken

har vore sjølv for oss

som vart fødde

10-15-20 år etter at han tok slutt. 

Eg ser verkeleg fram til desse samtalane med Svein,

sjølv om eg ikkje kan love 

at vi kjem fram til noko endeleg

svar på spørsmålet

"Skal vi aldri bli ferdige ...?" 

Sjå linken frå Nynorsk kultursentrum her:

Øystein Orten og Svein Sæter

Andre blogginnlegg om krigen:

https://oysteinorten.blogspot.com/2020/05/maidagar-overtakingar.html

https://oysteinorten.blogspot.com/2021/04/thermopylae.html

https://oysteinorten.blogspot.com/2021/05/fenrik-stal-og-willy-brandt.html

https://oysteinorten.blogspot.com/2020/04/ei-lita-historie-om-krigen.html