søndag 30. november 2014

lørdag 22. november 2014

Snipsøyrvatnet Blues

Då syng
hausten på siste verset


medan vinteren 
kjempar mot dei siste restane av sommar


over gardane på Nesset,


ved skogkanten på Ulset,


i bergsidene 
mot Kvamstua og Kongsvollen,


over hyttetaka i Ulsetbotnen,


bjørkene ved Ulsettua,


myrane under Alskleiva


og vegen tilbake frå 
Snipsøyr skule
(the one and only)

 

mot Melshornet,


Hovden, Morka, Røyset og oppetter ræsene frå Bigset


mot Skafjellet,
der ein kan sjå sola ta seg ein dukkert 
i havet mot vest. 

fredag 7. november 2014

GRUS

Ved inngangen 
til denne andre helga i november,
då den norske eliteserien  
skal avsluttast,
for det meste på strøkne kunstgrasbaner,
slår det meg
at dei aller fleste kampane vi spelte i gamle dagar
var på grus.


 Hareid sitt guttelag i 1978. På grus. 

 Storparten 
av mi eiga fotballkarriere,
frå lilleputt til junior,
hovudsakleg som høgreback med ein halvdaud venstrefot,
gjekk altså føre seg på ørsmå bitar av stein,
erodert frå grunnfjellet
 heilt sidan siste istida.
Berre ein sjeldan gong
slapp vi til på sjølve stadion.
For graset måtte gro.
Og det tok tid.
T-i-d.
Opp og ned langs kalksstripene 
sprang eg derfor 
år etter år
på restane av eit knust norsk fjell.
Akkurat dette kom eg til å tenkje på no,
rett før seriefotballen rullar
ein siste gong før jul.

søndag 2. november 2014

Allehelgensaftan

Vi feirar helgemess
til minne om alle døde
og alle dei ukjende 
martyrane og helgenane.
På den gamle primstaven
var dagen merka med ein kvelva båt.
 


Hareid har vore kyrkjestad i 850 år.
Festum Omnium Sanctorum,
song dei fyrste prestane.
Likevel veit ingen
kor mange som  kviler her.


Men i går kveld 
dukka månen opp over Melshornet
og lyste over dei som kom bort på havet.