tirsdag 29. mars 2022

Handens rørelser över pappret

For oss som har undervist i skulen ei stund, er den svenske gymnaslæraren Filippa Mannerheim si bok Konsten att undervisa. Om lärarens hantverk (2021) interessant lesnad. Ikkje fyrst og fremst fordi ho sår tvil om verdien av den gjennomgripande digitaliseringa av læringsarbeidet frå barnehage til universitet som har gått føre seg i Norden dei siste 15-20 åra, men kanskje mest fordi ho trekkjer fram læraren som kunnskapsformidlar nummer ein og den trykte læreboka som sjølve navet i undervisninga si framdrift. Ho understrekar også betydninga av å lese lengre tekstar (gjerne høgt) og å skrive for hand – i eit knyststilt klasserom (med mobilforbod).

Foto: expressen.se

Reaksjonært? Tja, kanskje – om ein ynskjer at skulen skal utvikle seg slik den gjer – mot ein heildigital, skjermbasert læringskvardag frå borna er små til dei blir vaksne. Fornuftig? Ja, truleg, om ein legg forsking og erfaring til grunn for den praksisen ein vel som lærar.

Mannerheim baserer seg mellom anna på Jonas Linderoth (pedagogikkprofessor og forskar på dataspel) si bok Lärarens återkomst. Från förvirring til upprättelse (2016), som tek eit kraftig oppgjer med demoniseringa av den tradisjonelle læraren, og som samstundes formulerer ein skepsis til individualiseringa i den svenske skulen. Eleven skal, meiner han, i langt større grad tilpasse seg fellesskapen, altså klasseromsundervisninga – og ikkje omvendt. 

Ho byggjer også på Eva Malm (med bakgrunn frå Steinerskolan og Waldorflärarskolan i Göteborg) si bok Handen som handling. Om kultur och bildning (2016), som understrekar handskrifta si heilt avgjerande betydning for læring.

Mannerheim funderer også synet sitt på nyare hjerneforsking. Til dømes hevdar Anne Mangen, som er professor ved Reading centre ved Universitetet i Stavanger, at det oppstår eit nært samspel mellom motorikk (rørsleevner), kognisjon (intellektuelle funksjonar), persepsjon (tolking) og emosjonar (kjensler) når vi skriv for hand. Fleire ulike delar av hjernen vert aktiverte samstundes. Dette styrkjer læringa. 

Den svenske hjerneforskaren Göran Lundborg er inne på det same i Handen i den digitala världen (2019): "Handens rörelser över pappret" skaper minnespor i hjernen, som er viktige for at vi skal hugse kva handa vår skriv ned. "Minnet av själva handrörelsen har betydelse för igenkänning av bokstavarna" held den finske hjerneforskaren Mona Moisala fram i artikkelen "Lär vi oss sämre om vi slutar skriva för hand?" (Svenska Yle 2017).  

På nesten same vis argumenteter professor Audrey van der Meer ved NTNU: "Ved å bruke håndskrift skapes det mye mer aktivitet i de sensomotoriske delene av hjernen". "Gjennom å trykke pennen på papiret, se bokstavene man lager og høre lyden av å skrive, aktiviseres mange sanser. Dette skaper kontakt mellom ulike deler i hjernen og åpner den opp for læring. Vi både lærer bedre og husker bedre" (forskning.no 15/9/2020). Dette er heilt i tråd med dei banebrytande forskingsresultata frå Princeton University i 2014 (jamf Pamela A Mueller/Daniel M Oppenheimer i Psychological Science 6-14)  som viste at handskrifta skaper heilt avgjerande læringsspor i hjernen - som tastaturet ikkje greier. 

Men er dette ny kunnskap? Allereie då vi studerte pedagogikk i byrjinga av 1980-talet, lærte vi om samanhengen mellom sensomotoriske stimuli og intellektuell utvikling. Vi har eigentleg visst det heile tida, men har kanskje ikkje kunna slå det skikkeleg fast før no. 

Kvifor held vi så likevel fram i den leia vi gjer – med nettbrett og PC-ar, i så å seie alle læringssituasjonar, ikkje som hjelpemiddel, instrument vi kan nytte oss av der dei trengst (og som vi skal gle oss over finst), ja, der dei er føremålstenelege, men som sjølve arenaen for all undervisning - frå borna våre er tre år og oppover? Skal ikkje skulen basere seg på vitskap? Skal ikkje skulen vere lærandeJau, det stend so skrive. 


Så – er det då ut med PC-en og inn med den gamle skulemeister-pedagogikken? Nei, sjølvsagt ikkje. Vi skal bruke dei digitale hjelpemidla når - og der - dei fremjer læring. For vi skal  ikkje ha noko anna mål enn dette – å skape mest muleg læring. 

Og der er altså handa viktig, viser forskinga. Det vi skriv med er viktig. Og rørslene. Teikna. Jamvel lydane når dei vert forma på papiret.

Så får kvar og ein finne ut kva som funkar for sine elevar – i sitt klasserom – ut frå den kunnskapen vi tileignar oss langsmed. Det er ein kunst. Og heldigvis står kunstnaren fritt her – han vel dei reiskapa som han synest eignar seg best til å gjere det arbeidet han er sett til. Det har vi både lovverket og utdanningsministeren sitt ord på.