søndag 31. oktober 2021

Andreas Bjåstad / Opp bakken

 



Går vegen oppover til siste slutt?
Til berre enden står igjen
Vil reisa fylle dagen kvart minutt?
Heilt inn i kvelden, venn




Men finst det kvilestad når kveld blir natt?
Eit ly når denne seine tid tek til
Kan mørkret vike så eg finn det att?
Til slik ei kro går ingen vill




Vil der bli andre vandrarar å sjå?
Dei som har fare før
Vel framme, må eg rope, banke på?
Det vil nok opne seg ei dør




Men vil eg, svak og sår, få kvile, fred?
Bak strevet skal du sjå
Vil der bli seng for meg og dei som bed?
Ja, dei som kjem vil få





Christina Rossetti: Up-Hill / Andreas Bjåstad: Opp bakken

Bly Bly Bly

Då er Odd Goksøyr ute med si tredje omsetjing av den norskætta amerikanske lyrikaren Robert Bly (f 1926).


Talking into the Ear of a Donkey, som vart utgjeven i 2011, kjem her som Å snakke inn i eseløyret. Forutan dei femti dikta inneheld samlinga også ordforklaringar, ein kort biografi og foto av eit tresnitt av Bly, ved kunstnaren Arnfinn Mork-Stordal.
 

Tidlegare har Goksøyr gjendikta Den natta Abraham ropte til stjernene (The Night Abraham called to the Stars, utgjeven i 2001) i 2014 og Dei dømde meg til tusen år i glede (My Sentence Was a Thousand Years of Joy, 2005) i 2015. Alle samlingane er utgjevne på det Volda-baserte Ura Forlag.

lørdag 16. oktober 2021

GODT AT DU ER TIL

  MINIKONSERT MED TEKSTAR AV ANDREAS BJÅSTAD

Som ein del av Hareidsstemna 2021
 inviterer Hareid folkebibliotek
til ein minikonsert
basert på tekstar 
av Andreas Bjåstad 
med Elise Gjærde, Odd Goksøyr, Ronald Øvrelid 
og meg sjølv
mandag 18. oktober klokka 1900


Andreas har gjennom mange år vore aktiv som forfattar og gjendiktar, og er kanskje særleg kjend for salmane og songtekstane sine, ofte skrivne til kabaretar og matinear i kyrkjer og forsamlingshus, som til dømes «Vår ferd i dine hagar» i 2011. 

I tillegg til 50-60 eigne tekstar 
har han også gjendikta litterære storleikar som Christina  Rossetti, Dante Gabriel Rossetti og Elisabeth Barrett Browning og artistar som Bob Dylan, Van Morrison, Joni Mitchell og Nanci Griffith. 

Fleire hugsar kanskje «Amerikansk kjærleik på ny norsk», som var ein konsert med omsette songar av amerikanske, kvinnelege artistar i 2008.

 Ikkje minst har Andreas hatt eit tett samarbeid med den shetlandske lyrikaren Christine de Luca, 
som besøkte Hareid for nokre år sidan,
og dei tok begge del i 
"Under Linda",
Norges minste poesifestival,
i 2018.


Tekstane til Andreas er blitt svært godt mottekne.
Til dømes fekk han andreprisen i Nynorsk Kultursentrum sin konkurranse om beste bryllaupssalme med "Å måtte denne dagen" i 2006. Fleire av gjendiktingane hans er presenterte i tidskriftet Bokvennen. 

Programmet, 
med tittel frå eit av Andreas sine dikt,
vil innehalde mange salmar 
og songtekstar av hovudpersonen, 
og vil vare ein god time. 

Fri inngang.

Vel møtt!

Sjå også

BRODER ANDREAS 73

lørdag 2. oktober 2021

NEI

 "Skal vi aldri bli ferdige med krigen?"
var spørsmålet
som Svein Sæter og eg stilte oss under samtalane 
på biblioteka i Valldal, Fosnavåg, Volda og Langevåg denne veka,
og med støtte frå dei som tok ordet mellom publikum,
må svaret bli NEI.  
FOTO: JOHN ROALD PETTERSEN

Krigen engasjerer framleis,
og sjølv om dei som opplevde den på nært hald, 
vert færre,
aukar kunnskapen om denne perioden år for år,
ser det ut til,
gjennom ny forsking og nye publikasjonar.
Kjenslene er enno sterke,
ikkje minst mellom pårørande
til dei som fekk kjenne krigen på kroppen.

FOTO: ANNE GERD BJORVATN-ENEROTH

Ekstra verdfullt for oss
var det å høyre 
historier som mange av deltakarane kunne fortelje,
ofte med nære slektningar i hovudrollene.

FOTO: ANNE GERD BJORVATN-ENEROTH

Krigen er altså ikkje ferdig fortalt,
og kvar ny hending som vi fekk høyre om,
gjer biletet rikare og meir nyansert.
Siste ord er altså ikkje sagt.