søndag 31. oktober 2021

Bly Bly Bly

Då er Odd Goksøyr ute med si tredje omsetjing av den norskætta amerikanske lyrikaren Robert Bly (f 1926).


Talking into the Ear of a Donkey, som vart utgjeven i 2011, kjem her som Å snakke inn i eseløyret. Forutan dei femti dikta inneheld samlinga også ordforklaringar, ein kort biografi og foto av eit tresnitt av Bly, ved kunstnaren Arnfinn Mork-Stordal.
 

Tidlegare har Goksøyr gjendikta Den natta Abraham ropte til stjernene (The Night Abraham called to the Stars, utgjeven i 2001) i 2014 og Dei dømde meg til tusen år i glede (My Sentence Was a Thousand Years of Joy, 2005) i 2015. Alle samlingane er utgjevne på det Volda-baserte Ura Forlag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar