søndag 27. november 2011

KOME

Fyrste søndagen i advent kom med storflo og høge bølgjer over Breisundet.
Nysnøen la seg som sukkerdryss over Sulafjellet.
I ishavsbygda Brandal spelte musikantar frå skulekorpset med valne fingrar.
Skuleborna song.
Vart.
Vakkert.
Så vart julegrana tend i stiv kuling.
Og gode brandølingar spanderte gløgg, kaffi og peparkaker på dei frammøtte.


Så er den store ventetida i gang.
Men gløym ikkje at advent kjem av det latinske ordet for å kome.
Heldigvis slepp vi å gjere noko.
Kanskje er det sjølve essensen i heile juleevangeliet.
Det er nokon som kjem.
Jamvel hit til det forblesne nordvest.
Kvart eit lys vi tenner skal minne oss om det.

fredag 25. november 2011

Svart Elvis Syng Beatles


Ikkje for det. 
Paul McCartney og The Beatles si framføring av Let it be er verkeleg strålande.
Likevel.
Ray Charles (1930-2004) tilførte denne låten noko nytt.


Som ein ung og meir eller mindre (kanskje helst det siste) lovande bluespianist på 1970-talet
var det ingen eg såg meir opp til
enn Ray Charles.


Det måtte i så tilfelle vere Oscar Peterson.
Men han song ikkje.
Om Billy Joel (ein annan glitrande pianorockar) har rett i at Ray Charles har vore viktigare for utviklinga av popen enn Elvis, 
veit eg ikkje.
Men at verda hadde vore fattigare utan musikken hans, og ikkje minst dei mange coverversjonane, 
er eg heilt sikker på.


Når Ray Charles  gir stemme til denne songen med all si tøffe livserfaring frå sørstaten Georgia, 
fyllest teksten til The Beatles frå Liverpool med ei anna meining.    
Slik erobrar kunsten nye rom.

onsdag 23. november 2011

BÅTSOK

Det bles.
Og verre skal det visst bli.
I fylgje gamle almanakkar var denne dagen sjølve startskotet for vinterstormane.
Ikkje rart då at sunnmøringane merka primstaven med eit anker.


Men Båtsok er berre det lokale namnet.
Klemetsmess vart (og vert framleis) feira over den katolske verda til minne om pave Klemens
som vart kasta på havet
med eit anker om halsen
fordi han reiv dei heidenske templa
og bygde kyrkjer der i staden.
Og slikt noko ville ikkje keisar Nerva
(eller kanskje var det Trajan)
ha noko av.
Lekamen hans vart seinare gravlagd i San Clemente-kyrkja.
Det er berre eit steinkast frå Colosseum. 
Framleis med ankeret om halsen.

Derfor tenkjer eg i kveld på Roma.

Ikkje det at eg lengtar tilbake.
Men det får meg til å gle meg til litt varmare
og litt lysare
dagar.

fredag 18. november 2011

Ring Them Bells

Å jau.
Det er mykje å riste på hovudet over.
Men tru meg.
Her finst framleis songar som gir noko.
Som tekstforfattar er Bob Dylan nesten uoverstigeleg stor.
Klassisk og fornyande på same tid.
Som her.
Med klokkene.
Som tvingar eit bibelsk landskap inn i den travle rushtrafikken. 
Og som minner oss om Tennyson og Aukrust og at det snart er jul.
Eit stort tal artistar har gjort sine versjonar av denne låten.
Mellom andre Joan Baez og Carloline Henderson.
For ikkje å snakke om Barb Jungr.
Men Joe Cocker si tolking er heller ikkje dårleg.


Teksten finn ein her:

http://www.bobdylan.com/songs/ring-them-bells



onsdag 16. november 2011

Roppehornet om kvelden

Om du sløyfar middagen etter jobb, er det framleis muleg å kome seg opp i fjellet før det mørknar.

Etter ein liten times gange frå Flø var vi på Roppehornet.

På toppen var det skymt.


Medan Vattøya bada seg i Ulsteinfjorden, sokk sola i sørvest.   

På vegen opp helste vi på ungdyr i Roppemarka.


Øyane nordom Breisundet blåna smått om senn.


Ikkje noko er så mørkt som ein snølaus november.

lørdag 12. november 2011

Sjabervik i Spjelkavik

Sjabervik  
Spjelkavik Sjabervik 
Spjelkavik Sjabervik Spjelkavik



Midt i den travlaste handletida på Moa vart
Ålesund bibliotek sitt bokbad på Spjelkavik-filialen i dag gjennomført i fin stil.


Voneleg vart det ein interessant samtale om novellesamlinga Sjabervik for dei omlag tretti som tok del.

Biblioteksjefen viste seg som ein meget kyndig lesar og avslørte mange interessante parallellar mellom dei ulike personane i boka. 

Fleire av tilhøyrarane meinte ho gjekk tidlegare bademeistrar som Eva Bratholm og Anne Grosvold ein høg gang.


fredag 11. november 2011

KLART FOR BAD

LAURDAG ER BADEDAG

Hundeidvik Ørstavik Hareidsvik Barstadvik Gjerdsvik Ulsteinvik Hallkjellsvik
Spjelkavik

Då varmar vi opp stampen


Ålesund bibliotek, Spjelkavik filial

og

plaskar ut i


kl 1300




SJÅ:









torsdag 10. november 2011

BLÅMÅNE

Før det skyar over
og månen forsvinn heilt for oss,
rekk vi kanskje å lytte til denne balladen, 
sungen av irske Mary Black.

Nanci Griffith har også laga flotte versjonar av songen, 
ikkje minst i duett med låtskrivaren Patrick Alger.

Ein overdriv vel ikkje om ein seier at teksten dveler ved eit tema som er like gamalt som nymånen.


lørdag 5. november 2011

HELGEMESS

Vi merkar det.

Dagane blir kortare.

Men framleis er det flotte turforhold.

Frå den vesle tjønna på veg opp mot Løkeberget var det fin utsikt nordover.

Jamvel sola kasta nokre lystrimler over Storfjorden.

Slik at fjella fekk nye blåtonar i seg. 


Det er blitt sagt at november er døden sin månad.

Ikkje så rart kanskje når ein tenkjer på dei siste dagars markering av Halloween.

Denne gjennomkommersialiserte utgåva av den engelske Allehelgensaftan 31. oktober.

Frå gamalt av feira ein i Noreg Allehelgensdag 1. november.

Og Allesjelersdag 2. november.

Før den lutherske danskekongen avskaffa desse katolske merkedagane i 1770.

Og flytta dei til den fyrste søndagen i november.

Altså Helgemessesøndag.

Til minne om dei døde.

Difor vil nok mange tenne lykter på gravene i kveld.

På den gamle sunnmørske primstaven var dagen merka med ein kvelva båt.

Som får oss til å tenkje på forfedrene våre.

Og kampen for det daglege brød her langs kysten.

Alt slitet. All stirren. Alle farane.

Også det eit lys i dette snølause novembermørket.











fredag 4. november 2011

TAKKAR OG BUKKAR

Ja, då er det berre å takke og bukke for alle gode helsingar!


Tekstmeldingar, epostar og blide fjesbokkommentarar.


Handtrykk, klemmar og jamvel kyss.

Takk, takk!

Møre og Romsdal fylke sitt kulturstipend
for 2011
vil kome godt med!


Pengane skal investerast i tid.

Til å studere.

 Og skrive.

Om eit opprør her på Sunnmøre.

På 1600-talet.

Det er 10 generasjonar attende.

Men kanskje ikkje så lenge sidan likevel.

For som alle veit.

Tida går ikkje.

Ho spring ikkje heller.


Ho kjem.

onsdag 2. november 2011

Øystein Orten: Sjabervik (2011)



Tegner varme portretter av folkene i en kystbygd


Øystein Orten skriver jordnære fortellinger om menneskenes strev


en fiktiv bygd på Mørekysten: Husmannen Angel slepes bakbundet etter hesten til futens mann.

De nakne føttene er isklumper i vinterkulda. Støvlene satt Angel igjen hjemme, til sønnen.
Selv kommer han ikke til å trenge dem, for Angel vet hva som venter; fangehull og spott i gapestokken.

Skjebner
I Øystein Ortens første novellesamling er handlingen lagt til en bygd innrammet av høye fjell, mørk himmel og et urolig hav.

Dette bakteppet er det samme for de omkring tjue sjelene som skildres, men tidene og livsvilkårene endres.

Handlingen spenner over 175 år, fra 1835 til 2010. Foruten Angel møter vi Himmel-Jon som reparerer alt som er i høyden, sjømannen som blir torpedert under krigen, og tausen som føder husbondens barn.

Alle strever og lever som best de kan, med de andre, og med seg selv.

Strev
Mange av novellene skildrer mennesket i et barskt primærsamfunn. Jordbrukeren, fiskeren og tømreren trer frem, men også kapellanen, samt legen til en tilreisende engelsk lord.

Sistnevnte tilbyr et blikk utenfra på bygda, som stort sett skildres innenfra.

Språket varierer med karakterene, og historiene formgis som fortellinger, men også som dagboknotat, gravtale, reiseskildring og brev.

I sistnevnte sjanger er kapellanens brev til biskopen i Bjørgvin. Her tegnes det et bilde av bygdas temmelig utflytende prost som man er nødt å flire av.



Stødig
Orten er en stødig historieforteller og formidler kunnskap om forgangen tid og menneskehjertenes uforanderlighet.

Novellesamlingen (med den talende tittelen) er ikke dristig eller skakende litteratur, men gir varme og innsiktfulle portretter av menneskene i Sjabervik - av de som kommer, de som blir og de som drar.






Maya Troberg Djuve



DAGBLADET 29.SEPTEMBER 2011

tirsdag 1. november 2011

Øystein Orten: Sjabervik (2011)



Ein vestlandsk fornøyelse



Det kunne ha vore kvar som helst, men aller helst på Hareid. Heimbygda til forfattaren, og ei bygd som så mange andre bygder på Vestlandet.

Difor er det gjenkjenning, humring og undring når ein les dei 21 tekstane om Sjabervik i Øystein Orten si novellesamling.

Frå 175 år tilbake og fram til no møter ein dei mange typane som har vore og som finst i ei bygd. Vi møter bygdehistorie og etterkvart samtid. Bygda er teikna med kjærleg penn, men også med noko krasst i seg. Korleis ser vi på kvarandre? Og ser vi kvarandre i det heile?

Her og der anar vi at det er etterkomarane vi møter etterkvart som årtia går. Det hadde vore enklare og orientert seg gjennom novellene om ein anten valde å følgje den raude slektstråden, eller valde å ikkje gjere det i det heile. Men novellene bit seg i deg likevel. Og boka er ein vestlandsk lesefornøyelse.



Toril Myren


SUNNMØRSPOSTEN 30.august 2011