tirsdag 1. november 2011

Øystein Orten: Sjabervik (2011)



Ein vestlandsk fornøyelse



Det kunne ha vore kvar som helst, men aller helst på Hareid. Heimbygda til forfattaren, og ei bygd som så mange andre bygder på Vestlandet.

Difor er det gjenkjenning, humring og undring når ein les dei 21 tekstane om Sjabervik i Øystein Orten si novellesamling.

Frå 175 år tilbake og fram til no møter ein dei mange typane som har vore og som finst i ei bygd. Vi møter bygdehistorie og etterkvart samtid. Bygda er teikna med kjærleg penn, men også med noko krasst i seg. Korleis ser vi på kvarandre? Og ser vi kvarandre i det heile?

Her og der anar vi at det er etterkomarane vi møter etterkvart som årtia går. Det hadde vore enklare og orientert seg gjennom novellene om ein anten valde å følgje den raude slektstråden, eller valde å ikkje gjere det i det heile. Men novellene bit seg i deg likevel. Og boka er ein vestlandsk lesefornøyelse.



Toril Myren


SUNNMØRSPOSTEN 30.august 2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar