onsdag 23. november 2011

BÅTSOK

Det bles.
Og verre skal det visst bli.
I fylgje gamle almanakkar var denne dagen sjølve startskotet for vinterstormane.
Ikkje rart då at sunnmøringane merka primstaven med eit anker.


Men Båtsok er berre det lokale namnet.
Klemetsmess vart (og vert framleis) feira over den katolske verda til minne om pave Klemens
som vart kasta på havet
med eit anker om halsen
fordi han reiv dei heidenske templa
og bygde kyrkjer der i staden.
Og slikt noko ville ikkje keisar Nerva
(eller kanskje var det Trajan)
ha noko av.
Lekamen hans vart seinare gravlagd i San Clemente-kyrkja.
Det er berre eit steinkast frå Colosseum. 
Framleis med ankeret om halsen.

Derfor tenkjer eg i kveld på Roma.

Ikkje det at eg lengtar tilbake.
Men det får meg til å gle meg til litt varmare
og litt lysare
dagar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar