søndag 27. november 2011

KOME

Fyrste søndagen i advent kom med storflo og høge bølgjer over Breisundet.
Nysnøen la seg som sukkerdryss over Sulafjellet.
I ishavsbygda Brandal spelte musikantar frå skulekorpset med valne fingrar.
Skuleborna song.
Vart.
Vakkert.
Så vart julegrana tend i stiv kuling.
Og gode brandølingar spanderte gløgg, kaffi og peparkaker på dei frammøtte.


Så er den store ventetida i gang.
Men gløym ikkje at advent kjem av det latinske ordet for å kome.
Heldigvis slepp vi å gjere noko.
Kanskje er det sjølve essensen i heile juleevangeliet.
Det er nokon som kjem.
Jamvel hit til det forblesne nordvest.
Kvart eit lys vi tenner skal minne oss om det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar