fredag 27. april 2012

BJØRNSONS APRIL


Jeg vælger mig april!
i den det gamle falder,
i den det ny får fæste,




Slik begynner det kjende diktet VALG,
skrive for ein dansk kalendar i 1866.
Men som vi alle veit hadde ikkje Bjørnson noko val
sidan alle andre månader var opptekne.

det volder lidt rabalder, -
dog fred er ej det bedste,
men at man noget vil.

Eg vil vel tippe at han aller helst kunne ha tenkt seg
nasjonalmånaden mai
eller i nestbeste fall stiklestadmånaden juli
(det kunne ha vore likt han).
Så blei det altså berre april.

Tiloversmånaden.
Ryddeihagenmånaden.
Dekkskiftemånaden.

Heldigvis for oss laut Bjørnson verkeleg skjerpe seg
for å få noko ut av april.
Denne månaden gav han motstand.
Han baud på kamp.
På sett og vis
kan vi altså takke ein litt vanskeleg
dansk redaktør for at vi har fått dette fine diktet,
som held fram slik:


 Jeg vælger mig april,
fordi den stormer, fejer,
fordi den smiler, smelter,
fordi den ævner ejer,
fordi den kræfter vælter, -
i den blir somren til!
 
 
 
Vi kunne altså ikkje ha vore denne månaden forutan
(sjølv ikkje nordavinden på Hareid, som var ganske sterk i dag).

For spesielt interesserte minner vi om Tordis Maurstad
si tolking av VALG frå 1946.





GOD HELG!

fredag 20. april 2012

SKJOLDDAGEN

Denne underlege dagen,
som på gamle norske primstavar
var avmerka med eit skjold,
til minne om Sulpicius
som verna folket sitt mot
dei merovingiske kongane for meir enn 1500 år sidan,
vert nok for all ettertid hugsa for terroristen
si kalde og detaljerte utgreiing i tingretten
om dei uhyrlege misgjerningane han stod bak
toogtjuande juli
i fjor.



Som eit stort og tragisk paradoks
snakka han om sine "emosjonelle skjold"
som han måtte skjule seg bak
for å gjennomføre
dei syttisju drapa
på nettopp denne dagen,
i eldre tider kalla
Skjolddagen
eller
Manndomsdagen.

Tjuande april var også Hitlers fødselsdag.
På femtiårsdagen hans i 1939
paraderte over femti tusen soldatar for han i Berlin,
berre månader før den andre verdskrigen braka laus
med det brutale åtaket på Polen
(som Hitler sjølvsagt kalla eit svar på provokasjonar).

Det kan vere mange måtar
å rettferdiggjere grufulle handlingar på,
tenkjer eg etter ein kik på dagens TV-sendingar.

Det finst ulike våpen som kan verne oss
mot både fornuft og kjensler.

Altså skjold.




onsdag 18. april 2012

GAMLE HELTAR

Trist melding på TV i dag.
Åge Storhaug frå Klepp på Jæren er død.
74 år gamal.
For oss som dreiv med turn rundt 1970,
var han helten over alle heltar.


Ikkje berre vann han 14 kongepokalar,
sølv i EM i 1965 (hopp)
og samtlege nordiske meisterskap i perioden 1961-1971,
berre for å nemne noko,
men han fekk mange turnarar til å tru
at dei kunne greie det same -
og jamvel meir til.


Ein av trenarane våre
i Hareid Turnlag
(som det heitte fram til 1972),
Eindride Hareide,
stod på hendene
på løetaket
den dagen han var 70 år.
Det var i 1973.
Eg meiner Sunnmørsposten kom og tok bilete av han.
Lett hallande til sides (i retning nord).
Med utsikt over Hareidsvika og Sulafjellet.


Omlag slik
(men her i retning aust, mot Vartdalsstranda).

Vi gutungar hadde sanneleg
mange gamle storturnarar å sjå opp til
i det gamle klubbhuset på Hareid.

Eindride, Oleander, Olaf, Gustav o s v.

Men tilbake til Jæren.
Då han var ung,
trente Åge Storhaug for det meste i løa.

Om igjen, Åge!
ropte faren hans
heilt til det vart kveld.

Noko å tenkje på for alle som vil bli god i noko.




søndag 15. april 2012

EVIL OR MISGUIDED

Det er kanskje eit lite paradoks
at den store rettssaka mot terroristen
startar samstundes med hundreårsmarkeringa for Titanic sitt forlis.
I begge tilfelle er det blitt sagt:
Det skulle ikkje skje.

 


Men korleis kunne det - likevel.

Under arbeidet med dokumentarboka
Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil 1940-45
møtte eg hausten 2007
forfattaren og Normandie-veteranen James W. Irvine (f 1917)
i Lerwick på Shetland.
Ikkje berre var det eit skup å få treffe denne mannen.
Få britar har så store kunnskapar om krigen i Noreg som han.
Av mangt som vart sagt under samtalane våre,
hugsar eg kanskje denne setninga best:

"Quisling was misguided, but Rinnan was evil."

Som eit tilfeldig samantreff av hendingar les eg no
Knut Hamsuns På gjengrodde stier frå 1949,
som er ein forsvarstale like mykje som ein roman.
Trass i denne forfattaren sitt udiskutable geni, 
noko som også blir avspegla i denne siste boka hans,  
er eg ikkje tvil om at han var skuldig
i det han var tiltalt for.

 


Jau visst gjekk Hamsun fleire gongar i forbøn
for dødsdømde motstandsmenn.
Han brukte også posisjonen sin
for å få forfattarkollegaer ut frå Grini.
Antinazisten Ronald Fangen til dømes.

Likevel er det vanskeleg å tilgje han.
Hamsun støtta - og lot seg bruke av - nazistane -
og gjekk dermed god for
dei uhyrlege brotsverka dei stod bak.

"Det fanst inga unnskyldning for ikkje å vite,"
sa Ragnar Ulstein til meg ein gong.
Han tenkte på oss nordmenn og handsaminga av jødane.

Uvitenheit og ignoranse er ikkje OK.

Men alle er jo ikkje samde i dette.
Som vi hugsar vekte den danske forfattaren
Thorkild Hansens Prosessen mot Hamsun (1978)
sterke reaksjonar,
sidan han prøvde å framstille Hamsun som eit offer for det norske rettssystemet.

No vil det sjølvsagt vere djupt urettvist å samanlikne Hamsun med drapsmannen som i morgon vert stilt til ansvar for drapet på 77 menneske.

Hamsun var på sitt forunderlege vis også ein slags humanist.

Men les ein På gjengrodde stier, ser ein faktisk parallellar.

Ein ting er det fordreia verdsbiletet.
Noko anna er ønsket om å bli sett på som tilrekneleg.
Er det noko Hamsun vil framheve veldig sterkt,
så er det at han er eit heilt normalt menneske
og for all del ikkje sinnsjuk.
Han var berre gamal og døv.

Hamsun angra heller ingenting.
Han stod inne for alt han hadde gjort.

 

 
Var han så vond eller villfaren.
Evil or misguided.

Kanskje helst det siste.
Men det er gale nok.

Tilbake til morgondagen.
Altså 77 menneske.

Korleis kan vi møte eit slikt faktum med fornuft.
Kva tid gjekk det gale.

Kanskje ein gong i oppveksten.
(Hugs at også Rinnan hadde ein barndom.)

Eller var det inne i den digitale liksom-verda heime på guteromet
avsondra frå alle dei sunne meiningsbrytarane
som vi finn i normale sosiale fellesskap.

Tilrekneleg eller utilrekneleg.
Evil or misguided.

For meg betyr det ingenting.

Utøya var
 uansett kva psykiatarane seier
ein galen og forstyrra manns verk.

Av omsyn til samfunnet og seg sjølv
bør han aldri sleppe ut igjen.

Det beste vi kan håpe på
er at han ein gong vil forstå kva han faktisk har gjort.

Fyrst då kan det bli snakk om soning 
i eigentleg forstand.

tirsdag 10. april 2012

Påske i alle retningar

Påska er over.
For min eigen del vart den fysisk-egoistiske delen av ferien
 avslutta
med ein skitur 
frå Ulstein til Hareid
i solglimt, regndropar og fleirfoldige varmegrader.


Hareid - meir enn eit trafikalt sentrum.

Ruta:
Kommunegrensa-Gamleeidet-Hofsetmarka
-Kiberget-Mosvarden-
Bigsetselet-Dalsmunnen- Skafjellet-Grimstadskardet-
Gjerdeskogen-Heim.

Til saman godt og vel 11 km.
Forresten same lengd som Jerusalem-Emmaus.



Ein S i Osnesdalen - for ho som ventar med middagen.

Men dei to eg møtte på vegen, kjende eg frå før.
Ein trønder på klister og ein snikkar med hund.
Ingen overraskingar.


Frå Mosvarden - i retning Sulafjellet.

Turen tok heile 3 timar (inklusive gode pauser).
For føret var slettes ikkje godt.
Snøen var meir som kaldt smør med innslag av havregryn
og gav heller dårleg glid.



Bigsetsetra - med Bjåstadselet i bakgrunnen.


Men for oss som ikkje er utskjemde med ferdigpreparerte løyper,
var dette likevel ein flott tur.



Andre påskedag - vegvisaren i Dalsmunnen er også ein kross.

Stabbinga i den krame snøen betalte seg.
Eg fekk sjå nordover.



Nordøyane - sett frå Skafjellet. Ein studie i blått.


Frå Skafjellet (der det alltid er vind)
ser vi dei fleste av øyane
på Nøre Luten
(eller Nåra-i-Djupa,
som gamalt folk framleis seier).



Retninga nord - mellom fjella Skulen og Gamlemsveten.

Altså nordover.
Med utgangspunkt herifrå.
Tilsynelatande ein forlaten stad.


Men eg seier til meg sjølv igjen og igjen:
Dette er ikkje periferien.





Sentrum i universet - det er her.


søndag 8. april 2012

Storebroren på Oppstodedagen

I dag gjekk vi ein tur på Brørene.
Fjortenåringen og eg
fekk oppleve Ulstein- og Hareidsfjella
i sol, snø og vind,
svolt, tørst og kulde,
den gode kjensla av å nå fram,
men også gleda av endeleg å kome heim.


Også i verkeleg gamle dagar,
på 1960- og 70-talet,
høyrde lange skiturar påska til.

I vår trøndersk-romsdalsk-sunnmørske heim
handla denne høgtida oftast om slektstreff
og utfartar i fjellet.

Mor mi var ein god skiløpar.
Vi andre kom som regel diltande etter.


Det var haugar og dungar med søskenbarn.

Så ei rast i solveggen på ei eller anna seter.
Tett i tett
mellom tanter og onklar.
Mimring om fjerne barndomar.
Rosinbollar med brunost.
Lukta av kakao og raudt klister.
Heime venta mormor med påskeegg
fulle av gul marsipan.

Sidan kom leirane i Vaksvika
og Liabygda.
Bibeltimar, fjellturar, sketsjar, nye vener.
Overnatting på flatseng i gymsalar og bedehus
med bibelsitat på veggane.

"Ver hugheil, son".

På bussturen heimover registrerte vi at ei ny årstid
var komen til låglandet.
Våren.
I ettertid ser eg at desse samkomene var ei gåve.

Dagens tur gjekk altså til Brørene (620 moh).
Vi starta i løypene på Gamleeidet.
Frå Kibergskardet såg vi at vinteren framleis eig Ulsteinvik
dagen før årets fyrste adeccoligakamp 
mellom Hødd og Kongsvinger.
Voneleg er Høddvoll grøn og berr i morgon.


Det var varmt og vindstille 
mellom Bjønnanakken og Mosvarden.


Frametter dalen møtte vi elles to brør
(med etternamnet Holstad)
med omlag 500 meters mellomrom.

Kvar er den tredje, spurde eg.

Han er ikkje planlagd enno, sa den yngste.

Begge karane er i 40-50-åra.

Endeleg kom vi til Storebroren.
Med vestlege vinddrag,
kan det ofte vere heilt stille på denne toppen,
men ikkje slik i dag.


Det bles og det snøva.
Kaffien vart leita fram.


Ei lita kvild i livd gjorde godt.



Hareidlandet,
kongerikets niogtjuande største øy,
er skapt slik at det alle tider går raskare den andre vegen.
Nedatt.
Sikta betra seg også då vi hadde passert Risesetra
og kunne sjå Hareidsdalen og Storfjorden.



Vel heime smakte det svært godt med
ein italienskinspirert pastarett og eit gloheitt bad.

Jesu oppstode
er såleis blitt markert med både fjelltur og familemiddag.
Så får vi sjå om det vert høve til litt lesing
utover kvelden.

Påska er ikkje over enno.
I morgon går turen til Emmaus.
Og tek eg ikkje heilt feil, kjem nokon til å møte nokon.

tirsdag 3. april 2012

SOL I SNØ I SOL

 Den seine vinteren her i nordvest
fyller påskeveka med ein tradisjonell miks av aktivitetar.


 
Sol og blå himmel avløyser no og då bygene frå nord
og gir oss mulegheiter for kaffi og kryssord på altanen
før skisporet lokkar deg ut
og dreg deg runde etter runde
i mildt sagt omskifteleg ver.
Born og dyr likeeins.


Sidan blir det krim på TV.
Det er britiske seriar.
Whitechapel. Forhandlaren.
Er det ikkje rart kor etterforskingar av drap tiltrekkjer oss.
Vi vil gjerne oppklare mysteriet.
Finne syndaren.
Kjenne oss att i det svake og svikefulle.
Før vi dømer.
Til slutt blir det lesing.
Lagerkvist sin Barabbas er eit årleg rituale.
Romanen er som eit vrengt evangelium.
Påska fortald gjennom mordaren som gjekk fri.
Forskarane meiner forresten at Jesus vart krossfest tredje april.
Altså i dag.
Kanskje ikkje så rart då at snøen kjendest krammare
på skituren i stad.
Det var som om det låg ein høgtidleg lovnad om vår inne i han.
 


mandag 2. april 2012

KORTREIST TRIM

Byrjinga på den stille veka
vart ikkje heilt slik eg hadde tenkt.


Vinteren kom overraskande på besøk,
og det ser ikkje ut til at han reiser vidare med det fyrste.
Kuldegradane er komne for å bli.
I skrivande stund jagar haglbygene over markene.
Ambisjonane om ei våronn i hagen
er definitivt skrinnlagde.
Men ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko.
Endeleg lagar det seg til med stabilt og godt skiføre
i det nordvestlandske låglandet.
Så i ettermiddag fekk eg ein flott tur
på attelega rett bakom huset.
90 minutt med staking og diagonalgang på blå swix.
Jamvel i sol.
Det er ikkje mange ting som kjennest betre enn dette.
Eg er sanneleg priviligert.
Skia står rett utfor døra.
Det er berre å spenne dei på.
Då får eg heller ta snømokinga på kjøpet.