onsdag 31. desember 2014

!GODT 2015!

Klassisk romjulsver
 på Hareid i dag,
med 8 plussgrader 
og brånande snø i gråkvite fjell.
Eit nesten uforanderleg landskap inne i oss.


Men då eg studerte nordhimmelen i ettermiddag, 
kjende eg at noko kunne vere i ferd med å snu.
Eit raudskjer i skyene over Sula.
Ein liten blenk frå siklene inne i Berget.
Og var det ikkje ei aning skarpare luft, tru.
Så tende eg eit lys for det gamle året
medan eg håpte at det nye 
skulle bli godt.

søndag 21. desember 2014

Jul i Peparkakeskogen



Solsnu i dag
og tid for juletrehenting.




Dermed stakk
den faste komiteen til fjells.



Ovanfor Gjerdsskogen
var snøen mykje djupare enn vi hadde trudd.


Likevel hadde reven vore ute på rov.





Så var det å bakse seg i veg
opp mot Peparkakeskogen.




Her fekk vi sjå
at skilnaden på 1 grad pluss
og 1 grad minus
er nauta mykje snø.


Kjekt endeleg å kome opp



til den faste rasta under granene





for både skognissar


og troll med auge store som mandarinar.







Så ein siste sup

med kakao


før nedturen


som
(ulikt mykje anna i livet)
gjekk langt lettare
enn oppturen.

søndag 7. desember 2014

NORWEGIAN VIKINGS 50+

Grimstadvatnet Rundt,
Hareid laurdag 6. desember 2014:
Opplett, nordvest kuling (dreiande sør), 2 grader pluss.