tirsdag 27. juni 2017

UNDER LINDA I SOL OG REGN

Trass i skiftande vér, 
med både sol og regn og få varmegrader,
var mellom 75 og 80 menneske innom 
Under Linda,
Norges minste poesifestival,
i Einabu på Hareid 
laurdag som var.


Det omlag 90 minutts lange 
programmet
med song og lyrikk
over temaet 
NATUR OG OVERTRU
vart avløyst av ei god ykt med kaffi og drøs
før publikum fekk ein ny omgang 
med ord og tonar
avslutta på imponerande vis  
med stuntpoesi
frå ekteparet Irene og Lidvar Rise.

Innslaga kom slik:

1. Øystein Orten las "Regn" av Sigbjørn Obstfelder.


2. Ronald Øvrelid song "Chelsea Hotel #2" av Leonard Cohen i omsetjing av Odd Goksøyr og "Lullabye" (Goodnight My Angel) av Billy Joel i omsetjing av Andreas Bjåstad.


3. Aina Basso las frå romanen "Inn i elden" og fortalde elles om sunnmørskvinna Sva-Maska og hekseprosessane på 1600-talet.


4. Gunn Marthe Veddegjerde Pieroth og Odd Goksøyr framførte "Aldri så einsam" og "Song i urda" med tekstar av Øystein Orten og melodiar av Odd Goksøyr.  


5. Hilde Myklebust las heile andre delen av diktsamlinga "Søkk" og tekstar frå "Bjørkebokstavar", mellom anna "Den gamle bjørka"


6. Øystein Orten las Christine De Luca sitt dikt "Glimt av opphav" ("Glims o origin") i norsk omsetjing av Odd Goksøyr. 


7. Odd Goksøyr song "Fugl på ein streng" og "Isaks versjon" av Leonard Cohen i norske omsetjingar av han sjølv.

KAFFI OG DRØS

8. Øystein Orten las Arnold Eidslott sitt dikt "Lengsel etter havet".


9. Ronald Øvrelid song sin eigen "Drøym din draum".


10. Gunn Marthe Veddegjerde Pieroth og Odd Goksøyr song sistnemnde sine eigne viser "Om vi flyg" og "Balladen om ein trulaus mann".




11. Lidvar Rise las "Gjere ein annan mann ei beine" av Olav H. Hauge 
og "Håndtrykket" av Arnold Eidslott (utanboks).

12. Irene Rise las to dikt av Tove Lie (utanboks). 

 

Så vart det litt kaffi og drøs igjen,
før nokre starta opp bilane sine og køyrde heim.

  


Årets publikum  
på Under Linda kom frå alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre.
I tillegg registrerte vi folk frå Bergen, Ålesund, Sula og Giske.
Nokon hadde jamvel teke den lange vegen frå Perth i Australia
for å ta del i festivalen,


som i år vart arrangert for femte gong,


dei to siste åra 
med støtte frå Norsk forfattersentrum.


FOTO: Øystein Orten, Aina Basso, Svein Nordal, Ingrid Opedal, Karina Grimstad, Mari Myrene Bleikli og Olaug Orten Trovåg. 

Stor takk til alle som hjelpte til!

fredag 9. juni 2017

MYKLEBUST OG BASSO UNDER LINDA I ÅR

Laurdag 24. juni
inviterer vi til song, lyrikk, kaffi og drøs
på Hareid igjen.


I år er det 
Aina Basso frå Giske 
og Hilde Myklebust frå Vanylven 
som står for dei verbale innslaga,
medan Gunn Marthe Veddegjerde Pieroth, Odd Goksøyr
og Ronald Øvrelid tek del med song.
Eg har også tenkt å vere der.
Og kanskje les eg eit dikt.
Vi satsar på at det vert ei kjekk stund.
Arrangementet er støtta av Norsk Forfattersentrum.