fredag 30. august 2013

Go Go Go With The Flø

Flø skuffar deg aldri, 
særleg ikkje når véret er som i dag,
med 18 grader og berre ørlite vind på dei høgste toppane,


så om du parkerer bilen ved bommen,
og traskar grusvegen fram mot Brørevatnet,
før du skråar vestover mot kvia ved foten av Snellelida,
og ser at Svartevatnet lagar eit slags hjarte
mot havet,


og sidan fylgjer råsa mot Smørkinna,
slik at du får sjå kva denne øya 
(og kanskje også menneska som bur her)
er laga av,
altså lyng og stein og lyng,


hamnar du til slutt på Veten,
som framleis viser kva funksjon dette fjellet hadde
som varslingssentral for ufred
i kanskje meir enn 800 år,
sidan vetane langs kysten ikkje var vardar,
men ringmurar med véd, 
klare til å tennast
om den rette meldinga kom,


med ei fenomenal utsikt
frå Kjerringa på Stad i sør
til Skulen og Hildrehesten
og jamvel øyane i Ytre Romsdal i nord,


 noko som skulle prove
at Flø både var 
og er
eit sentrum,
ikkje berre for kunst og motar og det som er att
av landbruk 


på denne øya 
som vikingane kalla Hod,


men eit spetakulært utkikspunkt
mot leia,
gjerne med stor L,


sjølve vegen mot nord,
denne retninga som har gitt landet vårt namn,
slik at vi trygt kan seie
Go With The Flø,
Go, Go, Go,
særleg på ein fredagskveld
i slutten av august.

fredag 23. august 2013

Mettemaritråsa over Hareidlandet


For å markere kronprinsessa sin førtiårsdag den nittande august,
gjekk eg Hareidlandet på tvers
i sol og regn.



Den royale råsa startar i Indredalen


og passerer rikeleg med røsslyng
på vegen opp mot toppen av Snellelida,


der ein kan sjå sørvestover mot Runde
og mange av dei andre forblesne (men akk, så lukkelege) 
øyane i Ulstein og Herøy.


Etter Rypdalsvatnet


skråar ho utover mot Skolma,
med store sjansar for så mykje vind og regn
at det blir uråd å ta bilete,
og etterpå ned mot Ytreflødalen,
med fin sikt mot fjellet Lesten
på Gøyna,
eit kjent og kjært méd for fiskarbøndene,
ein gong bautande inn frå havet
med fisk i alle rom. 


Bak ein stein ved elva
møtte eg nokre lyse og fagre jenter
i sin beste alder.
Ingen av dei var henne.


Men kven veit,
ein vakker dag kjem kanskje kronprinsessa
vandrande over Turrlyngheiane
eller langs Skinnalivatnet,
frå aust mot vest,
i sol og regn,
som om det var det mest naturlege
i verda.

tirsdag 20. august 2013

Mjølkesyrebronsesmak

Med ei vel tøff opning
på firehundremeteren under Veteran-NM
(28 sekund),


vart dei siste to hundre
temmeleg harde
(34 sekund).


Men skøy var det likevel.


Byrkjelo 11.8.2013




Litt internasjonalt

Litt stas er det no sjølvsagt
å kome på trykk 
i det internasjonale litteraturmagasinet Structo.


 Det er den skotske forfattaren Christine de Luca
som har omsett diktet 72 
frå 
kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004)
til shetlandsk,
slik ho også har gjort det med
den islandske forfattaren Adalsteinn Àsberg Sigurdsson
sin tekst
Leiden Heim.


Det er mange flotte tekstar i dette magasinet.
Eg kjenner meg i godt selskap.




torsdag 15. august 2013

Über allen Gipfeln ist Ruh


Riseselet, Hareid, mot Vartdalsfjella
torsdag 15. august kl 1945.

Über allen Gipfeln 
Ist Ruh',
In allen Wipfeln 
Spürest Du
Kaum einen Hauch;
Die Vögelein schweigen im Walde.
Warte nur! Balde
Ruhest du auch.


JWvG

mandag 5. august 2013

Å, Ivar

Å
Ivar, du Ivar,
kva leita du etter
då du traska fjørelangs
og bygdimellom
alle desse tusen kilometrane,
var det verkeleg
dei håse orda og surklande lydane
frå alle som hadde gått 
før deg 
med låke ryggar og ringe sko
eller berre dei blyge smila
og grove nevane
som tok i mot deg
då du stod ved grindene
og ville inn,


for utan deg
hadde vi no sloppe
alt dette evinnelege snakket
om kva som eigentleg er 
vårt
og ikkje trengt om 
å sørgje over
alle
venene
som har forlate
oss
(altså språket, 
denne vindskeive fellesskapen
av mold og melodiar)
og 
dermed 
også seg sjølve,
  så vi 
som framleis meinheld i stirren
og kjem snublande etter
(noregsmeistrar
i toskeskap)
 undrar oss
i kor:
korfor korfor korfor
måtte du gå så langt
og så lenge, vi veit no kvar 
det endar