tirsdag 26. mars 2013

Brørene Revisited Easter Blues

Dette var eigentleg ein dag 
eg skulle gjere mange fornuftige ting,
men eitt eller anna lokka 
(eller tvang)
meg til Brørene igjen.


Gjekk heimafrå denne gongen.
Fyrst Gjerdsråsa med joggesko.
Og så på ski frå Øvrestøylen.


Over Skafjellet
begynte eg å forstå kva det var
som drog meg.


Og etter Bigsetsetra
var eg heilt sikker.


Utsikta mot dei såkalla
Sunnmørsalpane.
Eigentleg er ho betre herifrå
enn derifrå.


I Dalsmunnen
såg eg at fleire hadde tenkt
(eller følt)
og gjort som meg.


Komt seg ut
og opp
og fylt kroppen
med
stillheit og avstandar.

lørdag 23. mars 2013

Den gode Amundsenkjensla

Palmelaurdagen
vart nytta til ein skitur til Skolma.


Trass i det flotte véret
var det ikkje mykje folk i fjellet
(kvar var dei 12 000 andre?)
men spor etter både dyr og menneske
fylgde meg i alle fall opp mot Riseselet,
der to kvinner frå Bigset krins 
sat lettare påkledd i hytteveggen.  


Nesten heile turen
gjekk eg med sola i ryggen.


Frå Brørene kunne eg sjå Sarshornet,
Breifjellet og Runde
som perler
(ja, faktisk)
på ei nesten linjalrett snor,


før eg vende nasa austover att,
der hyttene på Bigsetsetra
bada seg i sola
saman med dei høgste tindane
i Ørsta og Volda,


og sidan nordetter,
over Turrlynghaugane,
med fin utsikt
mot Sulafjellet
og Aure, Tusvika og Hundeidvika
i fagre Sykkylven.


Eg såg ikkje ein kjeft
etter den minste broren 
(der eg snakka med ein mann på ei berghylle som vedgjekk
at kondisen nok ikkje var like fantastisk som i gamle dagar)
og var altså åleine i fjellheimen
på kongerikets niogtjuande største øy.
Slik fekk eg den gode
Amundsenkjensla.
Eg tenkte 
at 
sanneleg har 
absolutt ingen 
gått her før meg.


I alle fall ikkje i dag.

mandag 18. mars 2013

Snarvegar til vår

Ingen stader
i Nord-Europa
har fleire vekkgøymde hjortetrakk, attgrodde sauderåser
og inderlege grusvegar 
enn Hareid.

 

 
Bygda er eit paradis
for føremålslause vandringar
mot kvarsomhelst.

 


Og som regel slepp vi
å møte folk
og snakke om véret.


For det er vel dette 
vi oppsøkjer.
Eit slags
ordlaust samhald
med vegetasjonen

 
i det evige krinslaupet
mot vår.

onsdag 13. mars 2013

Grimstadvatnet i Oslo

Kjekt å sjå
 

rappe skeisetak
 

midt i hovudstaden

 
igjen.


 

søndag 10. mars 2013

Sjarmen og varmen i Farmen

Endeleg fekk vi tak i
ein høveleg modell for Farmen-gensaren 
som kona har spøta
på i det siste.


Garn: Mitu raumaull
(truleg frå saud som har kome klar jerven i Ulvåa-dalen).


Men modellen hadde ein vanskeleg kropp å strikke til.

 
Med mål på 
bol, ermar og brystkasse
mellom medium minus og extra large.

Ikkje akkurat Gaute Grøtta Grav.

torsdag 7. mars 2013

LINCOLN INNFRIR

Der finst filmar 
ein ser veldig fram til å sjå,
som det amerikanske borgarkrigs- og slaveforbodseposet
 LINCOLN,
regissert av meisterhanda Steven Spielberg,
og med den trippeloscarvinnande Daniel Day-Lewis 
som den hardt prøvde presidenten.



At hovudrolleinnhavaren,
som mange av oss hugsar frå produksjonar som 
Tilværelsens uutholdelige letthet, 
My Left Foot og There Will Be Blood m m fl,
er kjend for sitt ekstreme researcharbeid og intense fokus
på settet, anar vi verkeleg i denne filmen.
Framstillinga hans som Lincoln er etter mi meining heilt fenomenal.
Berre ein einaste scene med denne mannen
(som forresten er yngste son 
av den britiske Poet Laureate Cecil Day-Lewis,
om nokon skulle ha lese han)
er verdt inngangspengane.



Spennande 
er også gjensynet med dobbeltoscarvinnande
Sally Field 



som Mary Lincoln,



ikkje direkte uaktuell i serien Brothers And Sisters.
Mor-son som vil ut i krigen-dilemmaet 
kjem flott fram i denne figuren.
Den store overraskinga er likevel
Tommy Lee Jones
si framifrå (og svært morosame) tolking



av den radikale kongressmannen
Thaddeus Stevens,


ein av dei fremste abolisjonistane,
som med sin kløkt og sine verbale knyttnevar 
er med på å avgjere utfallet 
av både
det omstridde grunnlovstillegget (slaveforbodet)
og borgarkrigen.
  
Spring og sjå
(gjerne på Sjøborg i Ulsteinvik)!