torsdag 31. mars 2011

Øystein Orten: Vegen til Neverland (2005)

Lyrisk og levande

Vegen til Neverland er eit fritt framhald av Livingstones retrett, som Orten gav ut for to år sidan. Til saman utgjer desse to bøkene ein slektskrønike gjennom om lag hundre år, frå fiskebåten Livingstone går ned heilt innmed land, og to av brørne til forteljarens bestefar druknar.

Boka frå i år handlar først og fremst om Embret, fødd omkring 1920 og død i år 2000. Men etter kvart som forteljinga skrid fram, blir han som fortel meir og meir synleg. Det er sin eigen far han fortel om, og det er sorg i stemma. Heile tobandsverket handlar om å gå gjennom gamle fotografi og finna vegar i slektshistoria, og i denne boka er han for så vidt ved vegs ende.

Dette skiftet mellom den som fortel, og det han fortel om, er også eit skifte mellom lyrisk og episk haldning. Orten er ein god lyrikar, også i denne boka. Forteljaren har eit behov for å uttrykkja seg, og boka endar med ein telefon som ingen tek.

Til det lyriske registeret høyrer også den store gleda ved å setja saman ord og ting på måtar som gjer at små parti av romanen kunne setjast grafisk opp som dikt. Orten har ein fin musikalitet, og ein forkjærleik for lett araiske uttrykk med rot i dialekten. Boka er full av språklege gleder.

Han har også lyrikarens blikk for og kjærleik til karakteristiske ting som gir oss eit stort rom omkring seg; han kan skildre eit flyttelass så vi brått er tilbake til Radionettens og Book-Jensen-platenes tidsalder, eller ein basar med åresal og underhaldning så vi kjenner lukta av kaffi og smaken av løfse og søst. Og i dette ligg overgangen til det episke, det forteljande. Han har eit stort stoff han vil formidla, han fortel om ein heil epoke, ei livslengde, frå Embret lurte seg ut av Akershus festning den 9. april 1940, til han sovnar inn med vatn i lungene den 11. september 2000. Vi fylgjer han då han melde seg for dei norske styrkane, slåst i Gudbrandsdalen, kom til eit nedbomba Molde, og deretter slo seg ned hos lensmannen på den store øya G. utanfor. Der blir han verande, øya liknar på Gossen, og som på den vart det bygd svære festningsverk ved hjelp av tyske soldatar, tvangsutskrivne nordmenn og russiske krigsfangar. Etter krigen møter han Mol, slår seg ned som lensmann i Ylva (som må vera Vanylven), og romanen ebbar ut når han flyttar til Dalen H, som liknar svært på Hareid. Då er forteljaren i mors mage. Så får vi ikkje vita meir, før vi er i notida, på ein kai i Ålesund, Wilhelm II.s by.

Dette fortel han om, i store, sveipande drag, fullt av lukt og farge, men også med eit sterkt medvit om at den som fortel, er generasjonen etter, ein son fødd i 1962. Derfor blir krigshendingane verken heroiske eller anti-heroiske; og han har også blikk for plaginga av "tyskertøser" og uskuldige barn av nazistar.

Det spesielle ved denne romanen, er ikkje at den fortel om krigen og etterkrigsåra. Det har mange gjort. Det spesielle ligg i det blikket han ser det med, som ikkje er knytt til frontane i krigen eller etter den, men til den sørgjande sonen som har lete seg kviskre i øyra at livet er kort, og at ein må skunda seg å sjå tilbake om ein skal få ei slags innsikt, også i eige liv. Difor blir det eit eksistensielt driv, også i dei skildringane av dei lange strekka av historia der forteljaren endå ikkje var fødd. Det er godt fortalt, og det er vakkert og gripande fortalt. Dette er lyrisk prosa på høgt nivå.

Jan Inge Sørbø


Sunnmørsposten 18. november 2005

onsdag 30. mars 2011

Øystein Orten: Vegen til Neverland (2005)

Landet som ikkje er

På leiting etter sine eigne røter finn eg-forteljaren fram til holrom og fragment av levde liv, der krigsåra står i sentrum.

Vegen til Neverland er ein frittståande oppfølgjar til Livingstones retrett frå 2003. Eg-forteljaren leitar i det som finst att etter ein død far, og prøver å rekonstruere det livet han levde.

Hovudfiguren er dermed den same som i førre boka, men forteljinga er denne gongen samla om krigsutbrotet og dei fem vanskelege åra som følgde, på ei øy som tyskarane gjer om til flystripe og festning. Så følgjer vi Embret, som er far til eg-forteljaren, i ei meir overflatisk og utydeleg forteljing om 50-åra, fram til eg-forteljaren blir fødd ettera at foreldra har flytta til Dalen H:

"Staden vi enno ikkje ser, men berre knapt anar. Landet der Aldri og Alltid råder. Mot Neverland. Mot Everland. Ein eller annan plass mellom her og ingenstader".

Fedrane våre

Ortens roman er ei familiesoge der uklår dokumentasjon og eigen spekulasjon freistar å etablere ei forståing av kor alt tar til, av det einkvan har kalla "begynnelsens mysterium".

Spørsmålet blir også kva fedrearven betyr for han som blei fødd i 1962, og som nå skaper ei mogleg fortidshistorie. I tre nokså omfattande kursiverte tekstar blir sjølve prosjektet drøfta, med vekt på det umoglege og likevel nødvendige i både det historiske og eksitensielle ved utforskinga av nær fortid.

Det er mye godt å seie om Ortens andre roman; mellom anna fordi han skriv godt og skaper ein open tekst der vi ofte berre får omriss og konturar av det som kunne ha hendt. Av og til kan det virke som forfattaren skaper mye tekst ut frå små hendingar, men i skildringa av krigsåra dominerer skildringa av konkrete hendingar over spekulasjonar og tankeverksemd.

Å skape i språket

Vegen til Neverland er i store parti halden i ein språktone som ope viser at romanen står i gjeld til nynorsklitteraturen, gjerne den høgnorske, frå Anders Hovden og frametter. Det er ikkje noe minus: språket kan vere poetisk i den forstand at det peikar på og dveler ved seg sjølv, i freistnaden på å skape ei tapt fortid.

Forteljaren trur det handlar om å "rekonstruere rørslene, memoere fram menneskekroppane", men teksten hans syner at det handlar om å konstruere, om å skape, der det ikkje var noe frå før eller der det uansett var noe heilt anna.

Vegen til Neverland er ei vakker bok som ein les med glede. Ho er skriven i stort alvor, men også med tydelege spor som syner at ho kunne ha blitt til noe anna og meir.


Hans H. Skei


Aftenposten 19. september 2005 

tirsdag 29. mars 2011

Øystein Orten: Livingstones retrett (2003)

Mørekysten med dybde


Velskrevet historisk roman om hav, liv og folk. Fortellerglede og slektshistorie hånd i hånd. 


Øystein Orten har utgitt to diktsamlinger og debuterer nå som romanforfatter med Livingstones retrett. Fortellingen i romanen spenner fra 1900 til 1940, og er grundig og velskrevet. Vi befinner oss på Mørekysten, blant fiskere og bønder som kjemper mot bølger og levd liv. Der blir vi kjent med karakterer og miljø, og får innblikk i fødsel og død, bryllup og begravelser. Bak historien fra lille Norge, ligger en større ramme; verdens kriger. En del av romanen skildrer en soldats kamp i andre verdenskrig.


Romanen består av små kapitler, og mange poetiske sideblikk. Vi hopper stadig til side fra hovedsynsvinkelen; en gutts blikk på verden, og hans forsøk på å forstå arv, miljø, slekt og tid. Slekt og tid er sentrale begreper, og romanen stiller spørsmål ved hva man tar med seg videre, hva som er fastlåst og hva som forandres. På tross av tidsspennet og forandringene skildrer romanen de store temaene livet, døden, Gud, kjærligheten og havet - på en måte som viser hvor essensielle de er for mennesket. Den fragmentariske oppbyggingen gjør at vi kan miste tråden, men samtidig er det gode skildringer vi finner i alle disse små innblikkene.


Det poetiske, men samtidig knappe språket er svært gjennomarbeidet. Livingstones retrett tematiserer folk og eksistens, hendelsene som preger dem, og deres etterkommere. Vi er låst inne i et bestemt tidrom, men livet, døden, havet og kjærligheten når oss i høyeste grad i denne romanen.


Mari Nymoen


Adresseavisen 11.02.2004

mandag 28. mars 2011

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

No 72

but one day somebody will
give elegiac speeches on the emissaries

the travelling preachers
with their vibrating tongues of resonance  

and the petrified truths
well hidden inside

in the suitcases packed for America
placed at the very back in the passenger boat

write scorching
obituaries in deep September evenings

when people are gathering sheep in the steepest mountains
and are kicking brown-bitten apples on the bonfire

because this is what it is like
when the harvesting of the living and the dead starts

one simplifies and adds
in order to live here


(72 from kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her 2004 translated into english by Hilde Petra Brungot)

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

No 25

the morning comes pulling along
with the things I do not know

the day that was supposed to bring
a feeling of belonging

or the taste of expectations

but I simply sit down
and give away
everything


(25 from kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her 2004 translated into english by Hilde Petra Brungot)

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

No 23

here Bible stories are crumbling
like Underground train graffiti

here are traces of an action
I am unable to follow

inexplicable patterns
in the coffee grounds

faces that are slowly appearing
in the ashes after a long night

I can see the dead
who are waiting to die once more

in the shadow
of their childhoods

the living
who are waiting for the opportunity to live

in a brighter light
upon their wanderings

those things which always
return 

swing doors, flaps of the wings


(23 from kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her 2004 translated into english by Hilde Petra Brungot)

søndag 27. mars 2011

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

No 21

the wind is a cry
which no mouth owns

sometimes it rises
with its back against a tremendously slow second

and listens


(21 from kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her 2004 translated into english by Hilde Petra Brungot)

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

No 18

between one stone and the next
lie all the directions of the compass

north and south
like half-burnt boards of wood from a bonfire

the votive ship model is sailing

from west towards east
so that the sun never has the time to reach above the mountain
                                                                                                                           tops
before she is drowning in the ocean


(18 from kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her 2004 translated into english by Hilde Petra Brungot)

lørdag 26. mars 2011

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

No 74

and still
children will be born and lifted forward
in the flickering light of the summer wind
under the winter night’s high vault over darkness

still fumbling and finding their self  in labourers`
movements and sensing the odor of spring
and transformation
here



(74 from kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her 2004 translated into english by Hilde Petra Brungot)

torsdag 24. mars 2011

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

No 58

(a crofter`s cottage)

that
houses like these
could put up so many

half-grown lads in short pants, girls wearing clogs
and second-hand Sunday dresses

some of them with sinewed limbs
or slightly crooked

in honour of the photographer they peer into
the world which has hardly awakened

gradually
spread

across the islands
with children on the loose in the neighbouring villages

received letters from relatives in Canada
or those displaced to outskirts faraway

in the soil of the graveyard
where the sun tells fortunes in their intestines

one more time

(58 from kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her 2004 translated into english by Hilde Petra Brungot)

onsdag 23. mars 2011

Italo Calvino: Usynlige byer


Journalisten og forfattaren Italo Calvino (1923-1985) vart fødd på Cuba (i ein forstad til Havana), men flytta allereie i toårsalderen til San Remo på den italienske rivieraen, der faren hans kom ifrå.
Begge foreldra var botanikarar med akademiske stillingar på høgt nivå. Med utgangspunkt i sitt ateistiske livssyn nekta dei å gje sonen noko form for religiøs oppseding heime. Dei insisterte også på å ta han ut frå religionsundervisninga i skulen. Trass i dette fekk den unge Italo Calvino den fyrste utdanninga si ved små privatskular drivne av protestantiske dissidentar (valdensarar m fl).
I 1940 blei han – motvillig – med  i den ungfascistiske organisasjonen Avanguardisti og deltok såleis i Italia sin okkupasjon av den franske rivieraen (rett etter Frankrikes kapitulasjon i juni 1940). Av frykt for å bli innkalla til militærteneste for fascistane, rømte han i 1942 opp i dei liguriske alpane, og kom der med i den kommunistiske motstandsrørsla mot det vaklande Salò-regimet til Mussolini. Frå våren 1944 og fram til freden i mai 1945 kjempa han med Garibaldi-brigadane mot dei siste tyske styrkane i Nord-Italia under dekknamnet ”Santiago”.
Etter press frå foreldra tok Calvino sine fyrste eksamenar i  botanikk ved universitetet i Torino. Han heldt fram med same fag under studia i Firenze, før han endeleg hoppa over til fakultetet for humaniora, der han tok eksamen på ei avhandling om Joseph Conrad.
I perioden mellom 1955 og 1958 hadde Calvino eit (mange vil seie skandaløst) forhold til den kjende (og gifte) skodespelarinna Elsa de`Giorghi (fleire av kjærleiksbreva mellom desse to kom på prent i 2004). Han gifta seg seinare med den argentinske omsetjaren Ester Judith Singer (i fødebyen Havana) under ei reise til Latin-Amerika i 1964 (der han også møtte Ernesto Che Guevara).
Som så mange andre venstresosialistar forlot Calvino kommunistpartiet etter den sovjetiske invasjonen av Ungarn i 1956. Han vitja USA i 1959 og budde fire månader i New York, som han sidan kalla min by. Frå syttitalet budde han i ei toppleilegheit på Piazzo Campo Marzio, like ved Pantheon i Roma.
Calvino blir framleis kalla den siste trollmannen i europeisk litteratur og mottok fleire høgthengjande prisar for forfattarskapen sin (mellom anna den austerrikske statsprisen for europeisk litteratur). Han vart også æresmedlem av Det amerikanske akademi i Roma.
Den fyrste romanen hans, Vegen til edderkoppens reir, Il senterio del nidi di ragno(1947), handla ikkje overraskande om motstandsrørsla under den andre verdskrigen. Blikk og grep på dette historiske stoffet var originalt allereie i debuten. Men det var den meir fabulerande, eksperimentelle prosaen som skulle gjere han kjend. Heilt frå 1950-talet skreiv han ulike typar av allegoriar og fantastisk litteratur. Stilen hans kunne likne den argentinske forfattaren Jorge Luis Borges, og fleire kalla han Europas fyrste magiske realist.
Calvino blei seinare med i den eksklusive foreininga Oulipo, som var eit laust samband av franske forfattarar og vitskapsmenn med Raymond Queneau og Georges Perec i spissen, og gjennom universitetsmiljøet ved Sorbonne vart han kjend med framståande tenkjarar som Roland Barthes og Claude Levi-Strauss.
Ved sida av forfattarverksemda si skreiv Calvino for ulike aviser (L`Unitá, La Republica m fl) gjennom heile livet.  Han overraska også mange ved å publisere noveller i den italienske utgåva av Playboy.
I fylgje Umberto Eco skal hans aller siste ord – etter fleire tilfelle av slag - ha vore: ”I paralleli! I paralleli!” (”Parallellane! Parallellane!”), noko som mange kan hevde var sjølve essensen i det litterære programmet hans.
Calvino er kanskje aller mest kjend for romanen Hvis en reisende en vinternatt (Se una notte d`inverno un viaggiatore 1979), som kom i norsk omsetjing i 1985.
Også her er allegorien i sentrum, men ingen av forteljingane som blir påbegynte (kanskje er det ulike variantar av den same) får nokon slutt. Historia blir altså summen av alle byrjingane som endar i ingenting.
Lesaren (”Du”, altså eg som les) blir tidleg lokka inn i ein labyrint av overraskingar. I den ytre handlinga oppsøkjer han (altså Lesaren) bokhandelen kort tid etter å ha kjøpt ei bok fordi eksemplaret hans viser seg å vere eit feiltrykk (mange av sidene er skrivne på polsk). Men saman med Ludmilla (Lesarinna), som er ute i same ærend, oppdagar han at samtlege eksemplar er like. Saman finn dei ut at boka inneheld opningskapittel til ti ulike romanar, som alle endar i eit slags høgdepunkt av uutløyst spenning, men som likevel er vovne inn i kvarandre på intrikat vis.
Den norske forfattaren Jan Kjærstad rakk å gjere eit spennande intervju med Calvino like før han døydde av hjerneblødning i Siena i 1985 (trykt i Vinduet 2-85). På dette tidspunktet var han nyleg lansert i Noreg, og han var elles den mest omsette av alle italienske samtidsforfattarar.
I intervjuet med Jan Kjærstad seier Calvino at han prøver å nytte ein ny litterær innfallsvinkel for kvar bok han skriv. Ideen bak denne romanen tok utgangspunkt i den kjensgjerninga at mange romanar startar med eit heilt spesielt driv som framhaldet sjeldan greier å ta vare på. Derfor ynskte han å skrive ein roman som berre inneheldt opningar som ville eggje lesaren sin fantasi.
Boka munnar på den eine sida ut i ei kjensle av uvisse og uro over manglande meining. På ei anna side endar romanen i den reine idyllen sidan Lesaren og Lesarinna endar i ektesenga saman.
Ikkje uventa er Viss en reisende en vinternatt blitt kalla eit kroneksempel på ein postmoderne tekst. Dette er ein metaroman, sidan forteljinga i så høg grad reflekterer over seg sjølv.
Det same kan kanskje ikkje seiast om Usynlige byer (Le città invisibili) frå 1973 (omsett til norsk i 1982). Dette er ein original og svært vakker roman. Boka er både ein surrealistisk fantasi og eit eventyr (eller kanskje ei samling av eventyr) med spor av fabelsjangeren (inklusive ein kort og fyndig moral) i seg.
Ramma rundt romanen er ein samtale mellom Marco Polo frå Venezia og den mongolske herskaren Kublai Khan i Xanadu. Her, i slottshagen hans, under duftande magnoliatre, ved azurblå kjelder, fortel den unge oppdagaren om alle dei byane han har vitja på reisa si (som tok nesten 4 år). Dette er stader med all verdas prakt og herlegdom. Her er bygningar og bruer i edle metall, svimlande vakre (oftast nakne, badande) kvinner og lukkelege menneske som promenerer gatelangs gjennom lune kveldar. Men her er også stader med galskap, svolt og fortaping.
Den mektige tartarkongen lyttar med uro til desse historiene, sidan dette er byar han ikkje har besøkt, men som likevel må vere ein del av hans ufatteleg store imperium. Og forteljaren i boka undrar seg på om ”triumfen over våre fiendtlige herskere har gjort oss til arvinger av deres langvarige forfall”.
Vi anar at Kublai Khans uoversiktlege keisarrike, med sine labyrintiske ferdselsårer gjennom fjellpass og ørkenar, kan vere ein metafor for universet sjølv. Sinnsstemningane hans spenner frå djup depresjon til overstadig eufori. Han mistenkjer dei tidlegare speidarane og sendeboda sine for å ha fare med lygn. På ei anna side tvilar han nok også på kor sanne Marco Polo sine historier er. Likevel lyttar han og let europearen halde fram. Kanskje fryktar den store herskaren tomheita som kan oppstå om fantasiane og draumane skulle forsvinne.
Boka har 55 kapittel (eitt for kvar by) fordelt på 9 bolkar. Overskriftene er lyriske. Strukturen i historia er som metrumet i eit langt klassisk dikt.   
Det kanskje mest spennande ved romanen er at byane som Marco Polo skildrar, truleg aldri har eksistert anna enn i fantasien, men dei har likevel trekk frå samfunn i fortida, notida (som altså er slutten på 1200-talet) og framtida.
Kvar by har kvinnenamn (som Diomira, Ipazia, Tamara o s v) og har heilt spesielle eigenskapar. Her er byar som forsvinn og byar som aldri vil bli gløymde. Her er sovande byar og skjulte byar, lukkelege byar og ulukkelege byar. Her er også byar som berre kjenner avreiser og ingen heimkomstar.  
Men framfor alt verkar det som om forteljingane er styrte av den mennesklege hovuddrifta attrå  eller lyst (som vel i fylgje den katolske kyrkja vert rekna som ei dødssynd). Eit kjernemotiv i desse forteljingane er elles badande kvinner og kvinner som spring nakne gjennom byen:
”Anastasia…vekker ens begjær, ett om gangen, for så å tvinge deg til å undertrykke dem”.

Byane trer fram som kvinnene i eit harem, og forteljingane får oss til å tenkje på "Tusen og en natt".
Boka er svært filosofisk, i den forstand at den stiller grunnleggjande spørsmål ved menneskets historie og eksistens. Teksten er prega av ei barokk kjensle av forgjengelegdom, og dveler ved mystikken rundt teikna, eller symbola, som menneska omgir seg med.
Ein stad spør Kublai Khan:
”Reiser du for å gjenfinne din fortid?”
Marco Polo svarer:
”Den som reiser, gjenkjenner det lille som er hans eget når han oppdager hvor meget det er som han aldri har eid eller kommer til å eie”.
Det handlar altså om å leite i denne romanen, særleg tørsten etter å vite og frykten for å ikkje finne det som kanskje berre eksisterer i draumen og fantasien.
Etter mi meining er dette ei poetisk, umåteleg vakker og grensesprengjande bok.

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

No 57


(drift)

it was the stubborn industrious ones
who cast their anchors here

who built up houses
and piers that forced themselves forward towards the light

it was we
born by ourselves

who woke up
at a border

lonesome birds

that floated up
in the dusk

and drifted with the current
towards grandfathers’ graves not formerly visited

and yet, deep inside us
a rhythm of sea air

deep inside us
the old ones who are struggling with the hay drying racks

and are rocking quietly back and forth
near the quays


(57 from kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her 2004 translated into english by Hilde Petra Brungot)

tirsdag 22. mars 2011

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

No 29

I laugh
at the idea of the ocean would be missing the beaches

that the butterflies would be test flying spring
one more time

I still inhale
what makes the tree bloom

later the last remains of laughter
descend from the woods

and the dead fly in the window sill
is filling the emptiness with an imagined humming


(29 from kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her 2004 translated into english by Hilde Petra Brungot)

mandag 21. mars 2011

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

No 19

you go to church
a morning dressed in a widow’s garments

organ music is listening
to find if anybody might be in the hall

crowds of nameless rise
and fall apart between the pews

extracted tongues call for the miracle
by means of German hymns

the church is a closed down café
the wafer between the lips one krone on a jukebox

people as old as crucifixions
shape their faces for the singing


(19 from kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her 2004 translated into english by Hilde Petra Brungot)

torsdag 17. mars 2011

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

No 17

when the snow comes
with an emergency landing across the moor

and spreads its wings across the fields
with black frost

I can see the summer dying
in the mouth of a small child

I can read from the lips of the moon
that is turning thinner and thinner

before they disappear
in blue defiance

as a kiss flavoured with the lumps of course salt
from the ocean


(17 from kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her 2004 translated into english by Hilde Petra Brungot)

onsdag 16. mars 2011

Øystein Orten: POEMS IN ENGLISH

Elegy                                                

losing seven aunts, all mine
seven aunts, unwed and untouched

with black headscarves and red-checked nylon dresses
selling birches for the womens’s guild and giving of themselves
inch by inch

as young girls they went to school for three weeks
in the fall and three weeks in the spring
and each day a resurrection

then they served after confirmation
on small farms

for the pilot in the fishing village, for the rich man on the moors
the oldest took care of her mother, knitted bed-spreads and read brorson
with a magnifying glass, the youngest engaged to a widower

until the spanish flu took him with it to the chapel

like magpies with silver spoons in their beaks
they flew along the roads, the aunts

let light into our houses
awoke what we’d forgotten in our sleep
with a birch at lent time



(HOMILIE from fluktlinjer 2000 translated into english by Veronika Bonaa)

tirsdag 15. mars 2011

Dario Fo: Flaggermusenes by


Den italienske forfattaren Dario Fo (f. 1926) er kanskje mest kjend for sitt satiriske improvisasjonsteater, inspirert av mellomalderens Commedia dell`arte og mellomkrigstidas politiske musikkdrama a la Bertolt Brecht og Kurt Weill. Heilt sidan debuten i 1951 har han engasjert og provosert med einaktarane og monologane sine, ofte framførte av hans eigne, omreisande teaterkompani, som han har drive saman med kona si, skodespelaren Franca Rame (f. 1929).
Skodespela hans, særleg Mistero Buffo (Det komiske mysteriet) frå 1969, er blitt omsette til over 30 språk, og Fo oppmuntrar gjerne regissørane til å endre replikkane  for å tilpasse teksten til lokale forhold, slik skikken var mellom gjøglargruppene på 1400- og 1500-talet, med det føremålet å gjere konfliktstoffet nært og aktuelt for publikum.
Fo har vore svært omstridd i heimlandet, mellom anna på grunn av kritikken mot korrupsjon og den katolske kyrkja sitt abortsyn. Både forfattaren og kona hans har opp gjennom åra vore utsette for grove åtak (kidnapping, mishandling) frå nyfascistiske grupper i Italia. Den kommunistiske grunnhaldninga hans og det positive forholdet til palestinske organisajonar som PLO og Hamas har også gitt han vanskar med å få innreisevisum til teaterfestivalar i USA.
Men sympatien med arbeidarklassa og den tredje verda verkar grunnfesta og ekte nok. Då Dario Fo fekk Nobelprisen i litteratur i 1997, grunnga Svenska Akademien tildelinga med forfattarens evner til ”å halde oppe stoltheita til dei undertrykte”.   
I 2006, 80 år gamal, prøvde Dario Fo å bli vald til borgarmeister i Milano med kommunistpartiet i ryggen, men vart berre nummer to, trass i over 20 prosent av stemmene.
Forfattaren har vitja Noreg fleire gongar. Frode Rasmussen (f. 1943) er kanskje den mest kjende Dario Fo-tolkaren her i landet, og denne skodespelaren slo då også for alvor gjennom med einmannsforestillinga  Gjøglerne kommer i 1981 (vist i NRK sitt fjernsynsteater i 1982).
Denne boka viser på mange måtar ei heilt anna side ved denne omstridde forfattaren.
Flaggermusenes by (Il paese dei Mezarát) frå 2002 er nemleg Dario Fos sorgmuntre skildringar av oppveksten i Nord-Italia. Som stasjonsmeister i den statlege jernbana vart faren med korte mellomrom nøydd til å ta med seg familien og flytte til nye stader langs det kronglete jernbanenettet, noko som fekk vesle Dario  til å erkjenne at det måtte vere Gud sjølv som var generaldirektør for Stasbanene.
Memoarane representerer ein serie av varme og morosame barndomsepisodar frå ulike småbyar langs Lago di Maggiore, denne innsjøen heilt nord i Lombardia som endar i Sveits. Historiene er ramma inne av lyden frå lokaltog (somletog) som syng mot dei snødekte fjelltindane som ruvar tunge over hustaka (dette er elles ikkje langt frå vintersportsstader som Bormio og St. Moritz).
Sentralt i boka står opphaldet i Porto Valtravagila, som hadde fått namnet Flaggermusbyen, sidan dei fleste av innbyggjarane arbeidde om natta. Byen var i 1920- og 30-åra full av fiskarar, glasblåsarar, hasardspelarar, prostituerte, skiftarbeidande kalkomnarbeidarar og – ikkje minst – smuglarar. Desse var alle nattdyr, mezarát, flaggermus. Og på grunn av dette var alt (butikkar, kyrkjer, bordellar) i byen ope 24 timar i døgnet.
Borna (Dario heldt seg mest saman med smuglarsønene) hadde gjennom desse arbeidarane rikeleg tilgang på historieforteljarar. Her møtte han for fyrste gongen gjøgleri og improvisasjon.
Dario Fo har seinare kalla denne byen for eit eineståande universitet for kommunikasjon, og forfattaren let oss også forstå at mange av desse gamle mytene og legendene frå det multikulturelle Lombardia (tilreisande handverkarar, flyktningar) har inspirert han i hans eige teaterarbeid (forteljeteknikk, replikkunst m m). 
Memoarane teiknar ikkje minst eit vakkert portrett av faren Felice Fo (boka sluttar med ei ubetaleleg skildring av gravferda hans), som under sluttfasen av andre verdskrigen hjelper både jødar og anti-fascistar over grensa til Sveits. Men her er også ingrediensar av søskensjalusi (då veslesystra Bianca vart fødd), morskjærleik (kva er det med italienske gutar og mødrene deira?) og pubertal erotikk (opplevinga av nonna Irene og Bedelia, kjærasten til fetteren Bruno).
Det fargerike miljøet og dei særeigne karakterane som den vesle guten omgir seg med, får meg til å tenkje på Fellinis oppvekstskildring i Amarcord, trass i at Rimini representerer heilt andre geografiske omgjevnader. På ei anna side minner dei nøkterne refleksjonane over barndomens trivielle hendingar meg om den danske diktarpresten Johannes Møllehaves erindringsbøker.  
Den fullstendige tittelen på denne boka er Flaggermusenes by. Mine første sju år (og noen til), basert på den amerikanske psykologen Bruno Bettelheims tese om at ALT som er verdt å fortelje om eit menneske, finst i dei første leveåra. Forfattaren sjølv framstiller i alle fall desse barndomsminna som sjølve prologen til hans eige livseventyr. Fleire stader minner han oss om at Dario var eit ønska barn. Foreldra såg på han som ein lukkebringar. Og akkurat denne opplevinga gav han den aller beste ballasten han kunne få seinare i livet. 
Teksten er lettlesen og morosam, men aldri platt. Boka er full av glad livsvisdom, og kom for fyrste gong ut på norsk i 2006 på Spartacus forlag. Det overraskar meg ikkje at VG sin meldar premierte denne fine utgjevinga med terningkast 6.