søndag 13. mars 2011

Øystein Orten: Livingstones retrett (2003)

Ei stor forteljing

Det er med forma og innhaldet som med Faderen og Sonen. Det er ikkje godt å seie kven av dei som ikkje taler til deg. 

Øystein Orten har gitt ut to diktsamlingar (1995 og 2000), og debuterer nå som romanforfattar. Forlaget fortel på smuss-omslaget at boka i form og uttrykk er ei moderne bok, mens tematikken, identiteten og moralen er frå tidleg 1900-tal. Vi blir jo skeptiske når forlaget må forsikre oss om at Orten har skrive ei moderne bok. Og kvifor måtte han gjere det i grunnen? Det finst vel gode grunnar for å skrive ei komplett umoderne bok? Og det aller mest umoderne var vel å skrive ein fantasirik roman, der det ikkje blei noe spørsmål om gammalt eller nytt fordi romanen bare var rik på vakre, sanne og gode overraskingar. Eg meiner ikkje å polemisere, eg måtte bare nytte denne bokbaksida for å kome i gang med denne meldinga.

Levande forteljingar skal døy og gjenoppstå i nye former. Nå gjenoppstår ei stor forteljing i Øystein Ortens nye roman. Livingstones retrett er ein stor roman, der figurane har referansar til eller omgang med storleikar som Kingo, Blix og Bibelen. Øystein Orten har skrive ei folkelivsskildring, ein historisk roman, ei slektskrønike og ein eksistensiell roman om idear og kjernehendingar som dominerer, rettleier, knugar og frigjer folk i ei bestemt historisk tid. På 150 sider og vel så det blir lesaren sitjande å lure på når romanen skal ta til. Men romanen har allereie vart i 150 sider, han, og ennå skal han vare i nesten 100 sider til utan at det eine og avgjerande skjer.


Meininga

Livingstones retrett er ei gjennomarbeidd bok. Det er ei slektskrønike frå omkring 1900 til 1940, med ein forteljar frå vår tid på lur gjennom heile romanen. Den første og andre verdskrigen er ein del av det storpolitiske bakteppet i romanen. Handlinga utspeler seg blant fiskarbønder på kysten av Møre og Romsdal, og romanen er bygd opp av korte kapittel eller episodar. Orten skriv sanseleg og biletrikt. Kystmiljøet blir levande framstilt. Det er den daglege kampen for føda, grøda og håpet om betre tider det handlar om. I tillegg handlar det sjølvsagt om meininga med livet, om Gud og om lagnaden, alt er tilfelle eller ei nødvendig utvikling. Ein stad blir det sagt slik: «Meininga fekk ein saktens vente med. Meininga fekk kome til slutt.»

Orten skildrar det vesle kystsamfunnet på ein levande og ekte måte. Fortida blir forunderleggjort før ho framstår nett-opp som forunderleg fortid for lesaren. Folka er ikkje runde og djupe karakterar, men dei er ikkje flate og enkle heller. Dei framstår nesten som eventyrfigurar, i alle fall fabelfigurar, eller i det minste figurar frå ei anna tid. Og det er det dei er, og forfattaren ser ut til å vere interessert i å skildre det typiske for tida heller enn enkeltindivida. Eller for å seie det på ein annan måte: Her opptrer figurane mest som barn av si tid og ikkje som individ. Så er det kan hende det som er den overordna tematikken i ei slektskrønike; dei viktige hendingar og handlingar som endrar kursen ikkje bare for enkeltindivid, men for ein heil generasjon, ei heil slekt. I tillegg til å vere tidbunden til omkring 1900-1940, skildrar også romanen dei meir tidlause og grunnleggjande kreftene som gleder og plagar menneska: Kjærleiken, arbeidet, inntekta, Gud, døden, krigen og vondskapen: «Livet er alvorleg. Livet er ein svart dans. Og kjønnet er unemneleg. Kjønnet er eit sår. Det blør under den gule kjolen som frå eit ferskt snitt med tollekniven i buken på ein torsk. Blør. Blondekragen rundt halsen riven i remser og ligg strødd som snø over det nyslegne graset.»

Øystein Orten er ein ambisiøs forfattar, han skriv seg utan blygsel opp mot storkarar som Joseph Conrad og Torgny Lindgren. Eg maktar ikkje i skrivande stund å utleggje korleis han eventuelt tangerer dei store, men han hentar motto frå Conrads Heart Of Darkness og Torgny Lindgrens Ljuset, og til liks med storkarane etablerer Orten sitt vesle mikrokosmos der liv og død heng i ein tynn tråd av gudstru og framtidshåp. Orten er forteljeglad, han er på lag med sine personar, og han skriv korte og gode setningar.


Knakande godt

Ja, han skriv knakande godt, og det er ein fryd å lese ein forfattar som så sikkert og myndig utnyttar språket. Orten er truleg eit varp for forlaget og ei gåve til norske romanlesarar, ikkje minst fordi han verkar å ha forsert, gløymt eller gitt blaffen i det som eventuelt måtte vere moderne eller umoderne romanskriving. Og desse orda må eg sannsynlegvis ete i meg når andre får studert romanen til Orten nærmare, men slik eg ser det, skriv Orten like rett fram og ut som ein Torgny Lindgren. Ingen vil skulde Lindgren for å ha endra moderne svensk prosa. Lindgren er ei eiga linje i svensk prosa. Det manglar eit ord, dermed må det ei forteljing til, som John Berger skreiv i opninga av ei av novellene sine.

Debutromanen til Orten er på 237 sider, han kunne godt ha vore lenger. Det er sikkert noe negativt å seie om romandebutanten også, men eg har ikkje lyst å seie det.



Atle Christiansen

   Dag og Tid nr. 47, laurdag 22. november 2003

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar