onsdag 30. mars 2011

Øystein Orten: Vegen til Neverland (2005)

Landet som ikkje er

På leiting etter sine eigne røter finn eg-forteljaren fram til holrom og fragment av levde liv, der krigsåra står i sentrum.

Vegen til Neverland er ein frittståande oppfølgjar til Livingstones retrett frå 2003. Eg-forteljaren leitar i det som finst att etter ein død far, og prøver å rekonstruere det livet han levde.

Hovudfiguren er dermed den same som i førre boka, men forteljinga er denne gongen samla om krigsutbrotet og dei fem vanskelege åra som følgde, på ei øy som tyskarane gjer om til flystripe og festning. Så følgjer vi Embret, som er far til eg-forteljaren, i ei meir overflatisk og utydeleg forteljing om 50-åra, fram til eg-forteljaren blir fødd ettera at foreldra har flytta til Dalen H:

"Staden vi enno ikkje ser, men berre knapt anar. Landet der Aldri og Alltid råder. Mot Neverland. Mot Everland. Ein eller annan plass mellom her og ingenstader".

Fedrane våre

Ortens roman er ei familiesoge der uklår dokumentasjon og eigen spekulasjon freistar å etablere ei forståing av kor alt tar til, av det einkvan har kalla "begynnelsens mysterium".

Spørsmålet blir også kva fedrearven betyr for han som blei fødd i 1962, og som nå skaper ei mogleg fortidshistorie. I tre nokså omfattande kursiverte tekstar blir sjølve prosjektet drøfta, med vekt på det umoglege og likevel nødvendige i både det historiske og eksitensielle ved utforskinga av nær fortid.

Det er mye godt å seie om Ortens andre roman; mellom anna fordi han skriv godt og skaper ein open tekst der vi ofte berre får omriss og konturar av det som kunne ha hendt. Av og til kan det virke som forfattaren skaper mye tekst ut frå små hendingar, men i skildringa av krigsåra dominerer skildringa av konkrete hendingar over spekulasjonar og tankeverksemd.

Å skape i språket

Vegen til Neverland er i store parti halden i ein språktone som ope viser at romanen står i gjeld til nynorsklitteraturen, gjerne den høgnorske, frå Anders Hovden og frametter. Det er ikkje noe minus: språket kan vere poetisk i den forstand at det peikar på og dveler ved seg sjølv, i freistnaden på å skape ei tapt fortid.

Forteljaren trur det handlar om å "rekonstruere rørslene, memoere fram menneskekroppane", men teksten hans syner at det handlar om å konstruere, om å skape, der det ikkje var noe frå før eller der det uansett var noe heilt anna.

Vegen til Neverland er ei vakker bok som ein les med glede. Ho er skriven i stort alvor, men også med tydelege spor som syner at ho kunne ha blitt til noe anna og meir.


Hans H. Skei


Aftenposten 19. september 2005 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar