fredag 27. februar 2015

Øystein Orten: Risp i berget (2015)




Perler av prosakunst

Øystein Orten (f. 1962), lektor og forfattar frå Hareid, med slektsrøter i Sandøy, er ute med ny bok, to år etter den kritikarroste historiske romanen Rasmus Rebellen. Tittelen er Risp i berget, og forfattaren har valt å kalle boka ei novellesamling sjølv om nemninga tekstsamling synest rettare. Her er det i tillegg flust av andre tekster enn det vi strengt tatt oppfattar som noveller; mellom anna dikt og viser, balladar, brevtekster og sitat frå ulike autentiske skrifter. Men sjølve ryggmergen i samlinga er korte eller halvlange novelleteskter som fortel historier som spenner over eit kronologisk tidsforløp heilt frå folkevandringstida og fram til moderne tid, med andre ord ei slags rekke av tidsbilete knytt til sentrale periodar i noregssoga. Høyrest det litt grått og keisamt ut, mest som ein uendeleg historietime i skulen? Det er det slett ikkje!

Sjølv om ikkje alle tekstene i Risp i berget litterært sett er like fengande og fascinerande, finst det perler av original prosakunst i rikt monn mellom desse to permane. Orten har i tidlegare bøker vist at han har utvikla ein særeigen forteljestil som kryp inn under huda på lesaren og blir der. I den nye novellesamlinga er denne formidlingsmåten meir finstemt enn nokon gong før. Det handlar om å gi blaffen i korrekt grammatikk og å servere historiene i ei form for impresjonistisk-poetisk prosa. Slektskapen med lyrikksjangeren er tydeleg. Det språklege uttrykket er konsentrert og utrrykksfullt, ofte fargerikt og ladd med symbolikk. Over det heile ligg ein sterk dåm av vestlandsk talemål.

I ei novellesamling med trettiseks ulike tekster er det naturlegvis enkelte forteljingar som stikk seg fram som meir vellykka enn andre. Orten er etter mi meining best når han briljerer i noveller som handlar om menneskelagnader i ei fjern fortid. Forteljingar som "Løysingen", "Olda", "Vondauget" og "Drakeringen" er knallsterke tekster som tar oss med på ei reise frå vikingtida til svenskekrigen rundt 1814. Grunntonen i desse novellene er gjerne nådelaus, barsk og blodig, men opplevest som frigjerande, slik det gjerne er i ekte tragisk litteratur.

Når Risp i berget når fram til nyare tid med tekstene sine, slår forfattaren fleire gonger til med solide noveller også her.  Døme er "Kvin Meri", "Gratitude", "Songen om vinden og fjellet" og "Halvniferja". Ikkje fullt så gode er tekster som har eit meir laussloppe, harselerande eller heroiserande innhald, til dømes "Danselæraren og presten som sa fy", "Isbjørnen Petrus og den store Mussolini" og "Hunder". Det kan sjølvsagt vere gode grunnar til å skyte inn nokre lysare og lettare tekster i alt det alvorstunge stoffet, men uansett blir ikkje forteljegrepet like imponerande og innhaldet like fengande. Likevel vil dei sterkaste tekstane i boka, medrekna fleire minitekster, løfte Risp i berget opp på øverste hylle innan nyare norsk kortprosalitteratur. 

Jostein Sæbøe

Onsdag 25. februar 2015

søndag 22. februar 2015

Hundre og tjuefem

I dag
ville denne karen


ha fylt hundre år,



medan denne guten,


som vart fødd på 75-årsdagen hans,


fyller 25.

VI GRATULERER!

fredag 20. februar 2015

LANSERINGSFESTIVITAS

Så minner vi om 
LANSERINGSFESTEN
i høve utgjevinga av novellesamlinga
RISP I BERGET

JOSEFINE KAFE
I KJØPMANNSGATA PÅ HAREID  
TORSDAG 26. FEBRUAR KL 1800
MED
OPPLESING
OG
SONG
VED
TRUBADUREN
ODD GOKSØYR


OG
MANNSKORET
GOLLJ OG GRÅSTEIN


GRATIS INNGANG! 
SERVERING AV KAFFI OG KAKER!

søndag 15. februar 2015

Fantastiske Hareidsfjella

Fin temperatur, ein del vind, 
men nok snø,



gav ein smak
 av både vår
og vinter


 i Hareidsfjella 
i dag.


Som alltid var utsiktene uslåelege,


så opplevinga vart deretter:
Splendida!
Magnificamente!

lørdag 7. februar 2015

Nordvest kuling heile vegen rundt

Sterke 


prestasjonar


og flotte 


tider 


 trass snø 


og nordvest kuling


på Grimstadvatnet rundt 


i dag.