lørdag 29. september 2012

Mikjelsmess på Blåtind

Sanneleg
er vi blitt velsigna
med nokre flotte haustdagar
i det siste,
 
 
Frå Blåtind - mot Ørstafjorden i søraust.
 
ikkje minst denne laurdagen,
Mikjelsmess,
merka med ei skålvekt
på den gamle primstaven,
til minne om erkeengelen Mikael,
som i fylgje katolsk tradisjon
hadde som si fremste oppgåve
å hente sjelene frå jorda
og bringe dei til doms,
noko vi kanskje også anar
i nokre tekstliner
frå negro spiritualen
Michael, row the boat ashore,
som fleire av oss sikkert har sunge
utan å tenkje så mykje på
den store helten i
Openberringa og Draumkvedet,
nemleg Mikael.
 
 
Kanskje var det også derfor
at saudene måtte vere
sanka inn
og berga ned frå fjellet
på denne dagen,
noko som minner oss om kor viktige råsene 
har vore heilt fram til denne tid
 
 

då det knappast er husdyr att i fjellet,
berre mosjonistar
som vandrar mellom toppane
og nyt utsiktene,


 
Frå Haddalhornet - mot Runde i nordvest.
 
men det er truleg viktig nok,
det gir i alle fall kveik
og jamvel krefter
 
 
til komande arbeidsdagar

 
Saudene på Haddal - berga ned frå fjellet.
 
og nye turar i skog og mark.
 



torsdag 27. september 2012

Nauta skøy

 
Orda blir liksom litt fattige
når ein skal skildre
kveldens semifinale på Høddvoll.
 

Fantastisk
og glitrande 
blir faktisk i spakaste laget.
Og då snakkar vi både om
prestasjonen
og opplevinga for oss som såg på. 
Dette var rett og slett
nauta fortent og nauta skøy
og kjem til å varme oss
langt inn i vinteren
same kor det går i finalen.
Gratulerer, Hødd!

tirsdag 25. september 2012

FEMSTJERNERSTUREN

 Flotte forhold i fjellet i dag
 

då tredjeklassingane

 
ved Ulstein vgs
 
 
gjekk på Holstadhornet (531 m o h).



Turleiarane


 hadde full kontroll
på elevane

 
 slik at dei unge lærarane
 
 
 kunne nyte turen
 
 
i fulle drag.







søndag 23. september 2012

Kjerringa på Flø

 Laurdag fekk eg det brått føre meg
at eg skulle vitje
Kjerringa
på Flø.
 

Det
var så lenge sidan
eg hadde svinga nedom henne,
der ho ligg
langt bortanfor allfarveg
på kanten av eit stup
mot havet i vest.
 

Friarferda
mot denne vakre kvinna
gjekk med haltande steg,
sidan eg slo opp strekken frå førre laurdag
då eg skulle hoppe over ein bekk
på setra i Ytredalen
i Brandal.
Eg tenkte hardt på
om eg skulle snu,
men freistinga til å stå løpet ut
vart for stor.
Dermed
snubla eg meg oppetter
mot Skolma og sidan Signalhornet,
før eg tok eit bilete av varden
på Snellelida
(visst nok Hareidlandets minst besøkte fjell),
som kikar ned
på Svartevatnet og Ytrefløvatnet,
trufaste vener til
dei av oss som har trakka råsene her
 med oter og makketroe,


 
og varden på Smørkinna,
med fin utsikt nordetter leia,
  
 
før eg altså endeleg nådde
målet for turen,
The Beauty of The West.
 
 
To ramnar
(kanskje var det Hugin og Munin)
krinsa over hovudet hennar
og passa på at eg ikkje kom for nær
stupet 
 
 
 men heller skrådde ned hellingane
mot Ytrefløvatnet
 
 
og gjekk stranda
tilbake,
for både vill, vakker og farleg
er Kjerringa på Flø.


mandag 17. september 2012

Stavanger i regn

Det er sjølvsagt ille å innrømme det,
men i helga var eg altså i Stavanger
 
 
for fyrste gong
(om vi ser vekk frå mellomlandingane på Sola)
sidan 1980.
 

Og berre for å seie det med ein gong,
gjensynet var gledeleg.
Truleg må nokon
i denne byen
ha tenkt og gjort
noko rett,
 
 
sikkert
til stor glede
 

for
 
 
alle
 

 
søner (og døtrer)
 

velgjerarar

 
og tilreisande
 
 
som har vandra gjennom
gatene her.

onsdag 12. september 2012

Forever Young

Å passere 50
gjer ingenting 
når ein kan klatre i fjellet
og spele bassgitar
saman med kompisane sine
 
 
i
det irsk-amerikansk-inspirerte
pub-folk-rock-singalong-ballade-bandet
THE HEADMASTERS,
med så mange medlemar frå den akademiske (under-)verda
i Sunnmøres merkantile hovudstad, 
som her
for 104 gjestar 
 
 
under den fantastisk kjekke
100-årsdagen
 
 
som vart arrangert
på Fiskerimuseet i Ålesund
1. september.
At
Tulla + Øivind = 100
skal visst nok stemme,
men er vanskeleg
å forstå!
 
 
Medan vi minnest bandet sine flotte tolkingar
av Neil Young og Bob Dylan, 
takkar vi
for
ei super oppleving,
og gler oss til 150-årsdagen
i 2037!
 
 


lørdag 8. september 2012

Jenter i vinden

  
 
I går kveld starta kvalifiseringa til fotball-VM i Brasil 2014.
Men minst like viktig var J16-oppgjeret
mellom Hessa og Hareid.
Den spennande kampen vart avvikla
i sol, regnbyger og sterk sørvestleg vind.


Kanskje var det kuling i nokre av kasta.
Kanskje var det storm.


 
Spelet bølga i alle fall fram og tilbake.
På kryss og tvers.
Mykje av tida var ballen i lufta.
 
 

Og hadde det ikkje vore for nokre av dei lettbeinte heimesupportarane
(som stod i vaflekø ved kiosken)
hadde mange innlegg, langskot og klareringar
enda på havet.
 
  
Det vart ein intens og jamn kamp.
Ved halvspelt tid var stillinga 4-4
(eller deromkring)
og alt kunne framleis skje.
 

I pausa såg eg ei ørn sveve over Sukkertoppen,
men eg rakk ikkje å knipse henne.
 
 

Eg fekk også ei kjensle av at hausten var komen.




I løpet av ein kort periode i andre omgang
skora Hessa tre mål og Hareid ingen.
Mykje takka vere Hessa sin spelar nummer 9.
Og sjølv om jentene våre netta to gongar heilt mot slutten,
svarte heimelaget med tre fulltreffarar til.
Dermed enda kampen 11-7.
Eller 7-11.
Alt etter kor ein likar å sjå det.
På vegen ned til garderobene var vaflekøen borte.
Men vi kunne vi sjå nesten heilt heim.
 

 Bak Eltreneset venta Brandalsstranda og Holstadhornet.
Og regnet kom i elingar.
Alt var som vanleg.