Den tradisjonelle
juletrehentinga i Peparkakeskogen
gjennomførte vi i dag,
men snøen mangla.
Kattugleburet i Holeråsa
stod derimot framleis.
Det var lett å gå.
Men vått.
Vel framme gjekk vi,
det vil seie Håkon,
til arbeidet.
Men kva tre skulle vi velje,
og kva skulle vi la stå?
Til slutt fann vi den perfekte grana!
For det gjer ikkje noko at toppen
er litt skeiv,
om berre stammen er
rett.
Etterpå
var det tradisjonen tru
kakao, mandarinar
og peparkaker
til utsikta mot Sula
og Sykkylven.
Og grønt var det nesten over alt.
Berre nokre snøstrimler inne i Vartdalsfjella
kunne vi skimte bak ferjene på fjorden.
Og om turen opp til Øvrestøylen
tok berre omlag 20 minutt,
gjekk det like lang tid ned att.
Men trass i 2000-talets enklaste
juletrehenting, håper vi likevel på
skeisseis og gode forhold
i hoppbakkane
til jul.