fredag 21. mars 2014

Paolo Sorrentino: La Grande Bellezza

Om du lengtar etter ei verkeleg STOR kulturoppleving,
skal du prøve å få med deg den italienske oscarvinnaren
La Grande Bellezza 
medan han enno går på norske kinoar.


Ikkje berre er filmen 
ein satire over den italienske veremåten  
og dei romerske kulturkjendisane sitt dobbeltmoralske partytilvære.
Han er også djupt alvorleg 
og dveler ved kierkegaardske spørsmål
som rører ved alle menneske sine liv.


Sjølve handlinga startar med den heidundrande feiringa
av hovudpersonen Jep Gambardella 
sin 65-årsdag
på den fasjonable takterrassen hans
like ved Colosseum 
i Den evige stad.


Ungkaren Jep,
som i si tid var ein lovande forfattar 
arbeider no som ein høgt gasjert featurejournalist,
og omgir seg med eit galleri av burleske personlegdomar,
det vere seg prostituerte, dragartistar eller 104 år gamle katolske helgenar.
Som ein del av arbeidet sitt
oppsøkjer han kjendisbryllaup, lanseringsfestar, fotoutstillingar og 
andre kunstnariske happeningar,
til dømes ulike typar performance art-arrangement,
(der særleg naken-kvinne-springande-mot-akvedukt-stuntet  får publikum til å stønne)
og han intervjuar sidan hovudaktørane,
som han etter kvart kjenner ein stigande skepsis og jamvel avsky overfor.


På overflata
er Jep ein kynisk skjørtejeger og verbal ekvilibrist
(karakterdrapet på ein kvinneleg forfattar i form av ein tre minutt lang monolog under eit nachspiel på takterrassen
er verkeleg stor teaterkunst og verdt inngangspengane åleine),
men inni seg er han einsam, ulukkeleg og søkjande.


Og når han endeleg finn drøymekvinna,


den vakre stripparen Ramona,
spelt av Sabrina Ferilli
(som elles fyller 50 år i sommar, berre slik at det er nemnt),
døyr ho på uforståeleg vis,


og Jep blir sitande att med mange spørsmål,
før han for alvor byrjar å memorere fram minna frå somrane 
i sin ungdom
og møtet med den store kjærleiken
der.
Historia handlar altså om meir enn mannen si 65-årskrise.
Filmen, 
som er full av humor, galskap og tristesse,
har tallause referansar til biletkunst, litteratur og tidlegare italienske filmar,
ikkje minst av Fellini.
Jep Gambardella, 
aldeles strålande spelt av Toni Servillo (f 1959),


  er slettes ikkje ulik den unge journalisten i La Dolce Vita
(spelt av Marcello Mastroianni),
som også blir pressa mellom rollene som utsvevande levemann 
og seriøs forfattar,
og persongalleriet kan jamvel konkurrere med Amarcord.
Uansett er La Grande Bellezza noko heilt for seg sjølv.
Dei romerske kulissene 
er ufatteleg vakre, 
ikkje minst mot slutten av filmen,
med båtturen under bruene nedetter Tevere,
ein talande metafor i seg sjølv,
og musikken vekslar mellom tekno med mange desibel og slepne kvinnekorharmoniar
(som her ved Sao Paolo-fontenen på Gianicolo, 
der marmorveggane gir ein eksepsjonell akustikk),


noko som strekar under den hyppige bruken av kontrastar
gjennom heile filmen,
med dekandense og menneskleg forfengelegdom
eksponert
mot ein bakgrunn av vakker natur og strålande omgjevnader.


Så kan ein no lure på KVEN den store skjønnheita er.
Er det Roma.
Eller kanskje er det Ramona.
Er det den unge jenta som kledde seg naken for Jep i hans tidlege ungdom.
Eller kanskje er det berre livet sjølv.




søndag 9. mars 2014

PEDAGOGISK DESTRUKSJON DEL II - HJARTET

Så til sjølve hjartet 
i læraren sin kropp:
Pedagogikken.
Og då tenkjer eg ikkje berre på evna til 
å formidle
eller 
å leie eleven fram mot innsikt og forståing.


Men PAIDEIA,
sjølve fundamentet 
under:
Grunntankane 
om kva undervisning skal vere.


Verdiane. Ideala.
Desse som skal ligge i botnen 
for alt vi gjer i skulen.
Jamvel dei store


 tenkjarane 


som prøvde å vise samanhengane,
skal eg hive.
Dewey, Montessori, Bollnow og Kristvik.
For ikkje å snakke om Sokrates.


Heretter vil det ikkje vere bruk for dei.
Eg kastar ideane deira i dunken


og håper dei vil kome attende 

                                                         
til eit nytt og betre liv
som pizzaesker og drikkekartongar 
        i kantina til KS eller UDIR
eller
  Kommunal- og moderniseringsdepartementet 
                                                        si avdeling for IKT.                                                           


fredag 7. mars 2014

PEDAGOGISK DESTRUKSJON DEL I - HJERNEN

I desse dagar har eg vore lærar i 26 år.
Rett etter at eg hadde levert hovudfagsoppgåva mi i mars 1988,
begynte eg med språkopplæring for iranske tenåringar på ungdomsskulen.
Det var ei sann glede.



Sidan er det blitt mykje norsk og historie,
men også kroppsøving, religion og samfunnsfag,
dei siste 24 åra for elevar i vidaregåande.
Om ein tek med dei vaksne privatistane på kveldstid
har eg undervist meir enn 2000 elevar.
Og det har vore svært gjevande.
Utfordrande og krevjande, ja. 
Likevel.
Eit flottare yrke finst ikkje.
Men det spørst kor lenge det varer.
Uavhengig av kva politikarane seier
vert arbeidet vårt
i større og større grad
styrt av storleikar som UDIR, KS og VISMA,
og det er ei utvikling eg ikkje likar.
Vår faglege kompetanse og erfaring vert ignorert eller gjort narr av.
Og tida vert fylt med innhaldslaus sysselsetjing og byråkratisk dill.
Og eg som ein gong trudde at skulen skulle formidle kunnskap
 i møtet 
mellom lærar og elev!



Med utsikt til KS-skulen
har eg derfor bestemt meg for å avvikle meg sjølv som lærar.
Skal eg fungere i det nye systemet, må hovudet tømast for fag.
Lærebøker frå 9 år på høgskule og universitet
skal destruerast.
Eg begynner 
med faga frå lærarskulen.
Sjølve kjernen:
Hjernen.
Tysdag hamnar psykologibøkene i papirinnsamlinga.


Så får vi vone 
at alt lærestoffet kan resirkulerast
og kome tilbake som nyttige gjenstandar
i eit flunkande nytt liv.
For eksempel 
som Tine-kartongar
med 
"Melk fra gårder på Vestlandet".
Då hadde biletet av dagens Noreg
vore komplett.