fredag 21. mars 2014

Paolo Sorrentino: La Grande Bellezza

Om du lengtar etter ei verkeleg STOR kulturoppleving,
skal du prøve å få med deg den italienske oscarvinnaren
La Grande Bellezza 
medan han enno går på norske kinoar.


Ikkje berre er filmen 
ein satire over den italienske veremåten  
og dei romerske kulturkjendisane sitt dobbeltmoralske partytilvære.
Han er også djupt alvorleg 
og dveler ved kierkegaardske spørsmål
som rører ved alle menneske sine liv.


Sjølve handlinga startar med den heidundrande feiringa
av hovudpersonen Jep Gambardella 
sin 65-årsdag
på den fasjonable takterrassen hans
like ved Colosseum 
i Den evige stad.


Ungkaren Jep,
som i si tid var ein lovande forfattar 
arbeider no som ein høgt gasjert featurejournalist,
og omgir seg med eit galleri av burleske personlegdomar,
det vere seg prostituerte, dragartistar eller 104 år gamle katolske helgenar.
Som ein del av arbeidet sitt
oppsøkjer han kjendisbryllaup, lanseringsfestar, fotoutstillingar og 
andre kunstnariske happeningar,
til dømes ulike typar performance art-arrangement,
(der særleg naken-kvinne-springande-mot-akvedukt-stuntet  får publikum til å stønne)
og han intervjuar sidan hovudaktørane,
som han etter kvart kjenner ein stigande skepsis og jamvel avsky overfor.


På overflata
er Jep ein kynisk skjørtejeger og verbal ekvilibrist
(karakterdrapet på ein kvinneleg forfattar i form av ein tre minutt lang monolog under eit nachspiel på takterrassen
er verkeleg stor teaterkunst og verdt inngangspengane åleine),
men inni seg er han einsam, ulukkeleg og søkjande.


Og når han endeleg finn drøymekvinna,


den vakre stripparen Ramona,
spelt av Sabrina Ferilli
(som elles fyller 50 år i sommar, berre slik at det er nemnt),
døyr ho på uforståeleg vis,


og Jep blir sitande att med mange spørsmål,
før han for alvor byrjar å memorere fram minna frå somrane 
i sin ungdom
og møtet med den store kjærleiken
der.
Historia handlar altså om meir enn mannen si 65-årskrise.
Filmen, 
som er full av humor, galskap og tristesse,
har tallause referansar til biletkunst, litteratur og tidlegare italienske filmar,
ikkje minst av Fellini.
Jep Gambardella, 
aldeles strålande spelt av Toni Servillo (f 1959),


  er slettes ikkje ulik den unge journalisten i La Dolce Vita
(spelt av Marcello Mastroianni),
som også blir pressa mellom rollene som utsvevande levemann 
og seriøs forfattar,
og persongalleriet kan jamvel konkurrere med Amarcord.
Uansett er La Grande Bellezza noko heilt for seg sjølv.
Dei romerske kulissene 
er ufatteleg vakre, 
ikkje minst mot slutten av filmen,
med båtturen under bruene nedetter Tevere,
ein talande metafor i seg sjølv,
og musikken vekslar mellom tekno med mange desibel og slepne kvinnekorharmoniar
(som her ved Sao Paolo-fontenen på Gianicolo, 
der marmorveggane gir ein eksepsjonell akustikk),


noko som strekar under den hyppige bruken av kontrastar
gjennom heile filmen,
med dekandense og menneskleg forfengelegdom
eksponert
mot ein bakgrunn av vakker natur og strålande omgjevnader.


Så kan ein no lure på KVEN den store skjønnheita er.
Er det Roma.
Eller kanskje er det Ramona.
Er det den unge jenta som kledde seg naken for Jep i hans tidlege ungdom.
Eller kanskje er det berre livet sjølv.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar