fredag 25. juni 2021

Aljamarkir / Krigshistorier / Robert Bly / Rolf Sagen / Hareid bibliotek

FOTO: Jorulf Myrene , Vikebladet/Vestposten 2021

Laurdag 26. juni 
testar vi ut det flunkande nye
Hareid Folkebibliotek
med opplesingar
frå Odd Goksøyr si bok 
"Aljamarkir" (Samlaget 2020)
og mine
"Krigshistorier" (Samlaget 2020).
Det blir song av Odd,
og smakebitar av dei nye Robert Bly-gjendiktingane hans.
Det er heller ikkje umuleg at balladen om Handelaus-Jo dukkar opp,
og jamvel eit dikt frå Rolf Sagen si bok
"Båten til Bergen" (1974).
Vi er hoppande glade for det flotte litteraturhuset vårt
og gler oss stort til å prøve det ut
mellom klokka 1130 og 1230
i morgon 
som ein lekk i
"Opplev Hareid".
Gratis inngang! 
Vel møtt! 

Sjekk ut: