søndag 26. august 2012

GAMAL SKULESONG

Som vi hugsar
vart den norske skulen
for allmugen,
altså folk flest,
skapt av den pietistiske tanken
om behovet for
eit nært og personleg forhold
til dei bibelske skriftene,


 
noko som materialiserte seg
i lova frå 1739,
som kom hakk i hæl
etter den ihuga kong Christian VI si forordning om konfirmasjonen
tre år tidlegare,
og som for dei aller fleste born
 altså opna for
eit meir eller mindre gladlynt møte med
omgangsskulelæraren,
denne omreisande handelsmannen i
gotiske bokstavar
og
ortografisk kunnskap,
oftast
ved kjøkenborda
rundt om på dei kringliggjande gardane,
tre veker om hausten
og tre veker om våren,
slik at ein voneleg
kunne meistre lesinga
og kanskje også skrivinga
til ein skulle gå for presten
saman med ungdomar
frå heile soknet,
som sikkert var eit storhende i seg sjølv,

  
 
men denne skulen,
Borgund fri- og fattigskule,
skulle berre vere for dei aller lågaste,
han var ei Guds gåve
til dei foreldrelause og bortkomne,
ein heim og ein lærestad
for dei mistrøstige og forhutla borna
til lausarbeidarar og tiggarar,
utarma husmenn og enker
etter sjømenn som var komne bort
på havet,
etablert i det største pressområdet på Sunnmøre,
med tilflytting og lykkejakt,
særleg på grunn av det rike torskefisket
i Borgundfjorden,
allereie i 1743,
av prestar med mot
og kanskje også eit slags sosialt samvit,
fleire av dei tilknytta fellesskapen
Sjustjerna,
slik at til saman meir enn femten hundre born
skulle få gå den kronglete vegen 
til noko som likna på
lærdom
og
ei muleg framtid.
 



lørdag 18. august 2012

LITEN SKULESONG

Mandag kjem elevane.
Eg gler meg.


Her er min favoritt.
Dalsbygda skule .
Frå 1889.
Eitt klasserom.
Med kart og vedomn.
Og kanskje læraren buande på loftet.


Skulen
ikkje så langt heimafrå
at verda blir borte
på vegen
vi spring
det vesle huset
med dei store vindauga
slepper lyset inn




søndag 12. august 2012

Ingen andre enn meg sjølv

I ytste bane.
Ein 5o år gamal kropp.
400 meter på bane.
30 år sidan sist.
10 kg tyngre.
9 sekund seinare.
Det blir 4,5 sekund for kvar 200 meter.
Tapte sekund. Eller vunne sekund.
Men kvar tok dei vegen.


FOTO: Leiv Arne Grimstad/Vikebladet.

Då den raskaste guten
kom opp på sida av meg
tenkte eg
at han som passerte no
var meg sjølv
i 1980.


Hareid stadion søndag 12.8. kl 1255.

tirsdag 7. august 2012

Trubadur fyller år

Det er ikkje til å tru, men i dag rundar altså
lektor og multikunstnar Odd Goksøyr frå Hareid
seksti år.


Odd Goksøyr,
med mellomnamnet Magne,
og som opphaveleg kjem frå fugleøya Runde i Herøy kommune,
debuterte som forfattar med diktsamlinga Ein av dei vanlege dagane
allereie i 1976 (på Noregs boklag).
For dei fleste er han nok mest kjend som ein glitrande omsetjar
og - ikkje minst - tolkar av Leonard Cohen sine songar,
men han har også omsett såpass ulike lyrikarar som Robert Bly, Bob Dylan og Christine de Luca, sistnemnde på ypparleg vis frå den særeigne (og krevjande) Shetland Dialect.


I tillegg til sine eigne kabaretar, ikkje minst 
Drive sytalaus i solnedgangen - Ivar Aasen er her på gjennomreise
og Kongen les dikt,
som kanskje meir enn noko anna i tekstuniverset hans skildrar
den originale sunnmørske kystmentaliteten
med ein heilt spesiell (goksøyrsk) humor og vidd,
har han vore svært delaktig i fleire lokale konsertar 


i spenningsfeltet
mellom poesi, drama og musikk
 frå 1980-åra og fram til i dag,
ofte i kompaniskap med diktaren Andreas Bjåstad


og gitaristen Tormod Engen.


Det er ikkje for sterkt sagt at Odd Goksøyr har vore heilt uvurderleg som samtalepartnar, inspirator og supportar for mange lokale artistar. 
Om ein vil bruke eit bilete frå fotballterminologien,
er han eit fortreffeleg døme på ein spelar som gjer andre gode.
Jubilanten er bortreist på dagen.
Det går rykte om at han utforskar naturperlene
langs den barske Romsdalskysten saman med si kjære Greta.
Uansett er vi mange som håper han får ein flott dag!