Seks grader, opplett
og litt sørvestleg vind
(dreiande mot nord)
gav flotte forhold for dei 57 som sprang
rundt Grimstadvatnet i dag.
Allereie ved Dyphavnkrysset
hadde Joachim ei klar leiing.
Så kom resten.
Fyrst i klynger.
Seinare i ein jamn straum.
Ingen har fleire løp
rundt Grimstadvatnet
enn Kjell Fagerlund frå Hasundgot!
Så kom vinnaren
i fint driv over Pålhaugen.
Joachim vart klokka i mål på sterke 25,41.
Ny pers!
Ytterlegare åtte løparar
sprang under 30 min.
Alle løparane
vert ekstra glade
når dei endeleg ser jubelgrana
ved Hareidshallen.
Mange tilskodarar
var møtt fram i målområdet.
Her ved tre av dei.
Olav, Hans Peter og Arve.
Støttespelarar som alltid stiller opp.
Odd er ein legende
innan friidretten
i Hareid.
Både som løpar, trenar og pådrivar.
Her
saman med barnebarnet Robin
etter vel gjennomført løp.