onsdag 4. mars 2015

Glimt frå Josefine

Under 
lanseringsfesten 

Odd Goksøyr og litt av publikum (Foto: Mone Celin Skrede)

for 
Risp i berget

Øystein Orten (Foto: Jorulf Myrene)

på Josefine kafe på Hareid
torsdag 26. februar

Odd Goksøyr (Foto: Jorulf Myrene)

var både Vikebladet/Vestposten

Gollj og Gråstein (Foto: Jorulf Myrene)

 og studentar frå medialinja
ved Høgskulen i Volda til stades.
Ein reportasje
med fleire filmklipp frå kvelden finn ein på Nærnett:



mandag 2. mars 2015

Øystein Orten: Risp i berget (2015)




      Mangfaldig og formsterkt           

       13 timer siden    Broket collage som speglar historisk utsyn, fantasikraft og formsans. 

Aftenbladets meldar er begeistra over Øystein Ortens ny bok.

Den tiande boka til Øystein Orten (f. 1962, debut 1995) blir lansert som «Noveller», men den kategoriseringa er for upresis. Blant dei trettiseks tekstane, den lengste på tjueto sider, den kortaste på eitt ord og alle med ei overskrift, finst i tillegg til noveller og tradisjonell kortprosa ei rad andre sjangrar representert: Bånsull, kulokk, preike, ballade, amerikabrev, dikt i frie rytmar og ein grovkorna graffititekst. Gjennom stadnamn signaliserer diktaren at den geografiske ramma oftast er eit sunnmørsk bygdesamfunn.

Målmedvite og elegant fører ein lærd, fantasifull forteljar lesaren gjennom ulike fasar i noregshistoria, frå norrøn tid, via danskestyre og grensestrid med svenskane fram til i dag. Stadig tek det nynorske standardspråket hans opp i seg dialektord eller blir skifta ut med formsikkert riksmål når den historisk-sosiale konteksten krev det.


Med si veksling mellom alvor og humor, kvardagsleg og dramatisk, lys og mørke, fiktivt og faktisk, kan denne mosaikken av sprikande tekstar vanskeleg setjast på formel. Men det synest som om forteljaren gir Sigrid Undset rett: Sjølv om skikkar, trusførestellingar og tankesett endrar seg, er det likevel slik at «menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager».

Dei to fyrste tekstane blir haldne i «vi»- og «eg»-form, ser ut til å utspela seg i steinalderen og er knytte til ein mann, ei kvinne og eit lite barn som med fare for eigne liv ror nordover langs iskant, brear og fjordar.

Deretter hoppar vi til vikingtida. Språket blir korthogge og konsist, i tilnærma sagastil, med synsvinkelen i tredje person. Det norrøne klassesamfunnet med høvdingar, trælar og konge avteiknar seg. Heidenske skikkar, avgudar og utburd, rå seksualitet og brutal vald står sentralt. Samfunnet som blir skildra, er definitivt annleis enn vårt. Men dei berande konfliktane, driftene og emosjonane lever vidare. Slutten er open, men illevarslande.

Menneska vi møter, verkar oftast å vera oppdikta, representerer ulike aldrar og kjønn og er gjerne bønder eller fiskarar. Sjølv om luthersk kristendom etablerer seg som statsreligion, hender det at livet til fattige, unge kvinner blir ei soge om valdtekt, graviditet, skafott og halshogging. Napoleon, Lars Oftedal, Mussolini og Greta Garbo er blant dei historiske personane det blir referert til. Ikkje sjeldan framstår saknet og det moralske sviket som «sjølve grunntonen i livet».


Så dette er velturnerte, varierte tekstar om ulike menneskelagnader gjennom hundreåra.




Steinar Sivertsen

2. mars 2015