fredag 26. juli 2013

Endeleg Van The Man

Neste fredag
kjem altså det nordirske rhythm and blues-ikonet 
Van Morrison
til Notodden Bluesfestival.


Eigentleg
blir alle merkelappar på musikken hans
misvisande,
men ei krysning mellom
folkrock, soul og jazz,
ispedd rikeleg med keltiske element
(både tekstleg og musisk),
kan muligens seie noko om kva som ventar
publikum på Brygga om ei veke. 


Blue-eyed soul,
er ein annan freistnad på å skildre særpreget hans,
sidan det er blitt hevda at ingen kvit mann
syng som den tidlegare Them-vokalisten.


Og som scat-songar
er han suveren.


Heilt sidan 
øvingar og konsertar med Hareid Bluesband
 på Fantehuset
for mangeogtrevde år sidan
har eg drøymt om å høyre denne allsidige artisten.
Platene hans er blitt spelte
rimeleg mange gongar, 
for å seie det slik.


Så om alt går etter planen,
får eg endeleg oppleve Van The Man 
LIVE
fredag om ei veke.
Det er visst den einaste konserten utanfor Storbritannia i år.
Eg gler meg.

lørdag 20. juli 2013

Dan Brown: Inferno (2013)

Om vi miksar 
Skatten på sjørøvarøya med Hardyguttene
og sidan ristar hypermoderne kunnskap om genteknologi
og ein solid dose religions- og kunsthistorie inni,
før vi til slutt krydrar det heile 
med nokre effektar frå dei siste filmane med James Bond,
kva får vi då?
Jau, til dømes ein ny thriller
frå det amerikanske fenomenet Dan Brown (f 1964),
forfattaren bak hysteriske salssuksessar som 
Engler og demoner (2000) og Da Vinci-koden (2003),
med namnet Inferno.


Tittelen denne gongen spelar sjølsagt på helvetet 
(eller kanskje er det den evige fortapinga, for kva er eigentleg skilnaden)
i Den guddomelege komedie,
Dante Alighieri si fantastiske reiseskildring 
gjennom dei tre dødsrika
(som også er ein søt hemn over dei politiske motstandarane
hans etter landsforvisinga frå heimbyen Firenze).
Og berre for å seie det med ein gong:
Eg har verkeleg sansen for denne romanen,
som har enkelte tematiske mollharmoniar i seg
som kanskje finn gjenklang i både George Orwells 1984 
og Aldous Huxleys Brave New World.
Om ein kjøper premissane for sjangeren,
er denne teksten både spennande, underhaldande,
tankevekkjande og - ikkje minst - lærerik.
For jakta på forfattaren Dante si dødsmaske 
og den svikefulle dogen Enrico Dandalo sin gravstein
fører oss gjennom store delar av Firenze og Venezia
sine kunstnariske og arkitektoniske herlegdomar
og heilt til dei surklande grottene under kyrkjemoskéen 
Hagia Sofia  i Istanbul,
der spenninga (kanskje) blir utløyst.
Helten er den same som sist:
Kryptolog og kunsthistorieprofessor
Robert Langdon frå USA.
Og det er sanneleg ei heseblesande reise han tek oss med på,
med kjende danbrownske ingrediensar som kunsttjuveri, 
forfylgjarar med licence to kill, bestialske avrettingar og oppfinnsame variantar av dei sju dødssyndene,
der heltar blir skurkar
og sidan heltar igjen,
men med ein uvanleg alvorleg undertone:
Trugsmålet om planeten sin undergang.
Den malthusianske katastrofen.
Overbefolkninga av jordkloten.
Så spørst det kva som representerer sjølve infernoet:
Utløysinga av pesten
(representert ved eit virus som kan endre vårt DNA
 og gjere ein tredjedel av oss ufruktbare)
eller benektinga av det faktumet
at ei overbefolkning 
(med alle dei fryktelege konsekvensane denne kan føre med seg)
faktisk KAN skje?


fredag 12. juli 2013

Rasmus kjem snart

Etter meir enn eitt års lesing,
 nesten to års skriving,
elleve utkast (det fyrste for hand),
to runder med språkvask 
og endeleg tre omgangar med korrektur,
ser det altså ut til at romanen
Rasmus Rebellen vil sjå dagslyset
i byrjinga av september.


Så får vi sjå


om nokon


vil kjenne seg att


i landskapet 
utanfor stoveglaset


eller inne 


i oss sjølve.

onsdag 10. juli 2013

ROMA AMOR

No har eg vore like mange gongar 
(men ikkje dagar) 
i Roma som Bjørnson,


 så kvifor ikkje starte tilbakeblikket i parken på Monte Pincio,


 målet for den store
(men truleg meir og meir kortpusta)


diktaren sin daglege spasertur frå Piazza Barberini,


som ikkje ligg så langt frå Trevi-fontena,


som framleis trollbitt folk langt inn i dei lumre kveldane,


før vi vender nasen mot Vatikanet
og helsar på ein gamal gresk lærarkollega,


som under dei flottaste himlingar


vaktar om pavane sin næraste omgangskrins,  


som til dømes Emmaus-vandrarane,


Platon, Aristoteles og den galne (dei seier så)
mannen i trappa,


og sidan oppsøkjer ein annan nobelprisvinnar 
sine kjende omgjevnader,
nytta som kulissar i romanen Jenny
(som faktisk framleis fascinerer unge lesarar),


i dei trange gatene mellom Spansketrappa og Corsoen,


og endeleg den tredje største 
(men kanskje aller vakraste) 
av dei meir enn tusen kyrkjene i byen,


nemleg Santa Maria Maggiore,
berre eit steinkast frå Termini-stasjonen,
ein gong kåra til Europas navle 
når det gjeld vinningskriminalitet,


og etterpå kan ta ein cappuccino på ein bar ved Via Appia Nuova


sånn heilt i ro og mak.

lørdag 6. juli 2013

OSTIA AMOR


Å feriere i Ostia
er som å bli slengt inn i
ein film av Fellini eller Pasolini
der ein sjølv spelar hovudrolla.
For kulissane er dei same.


Fyrst og fremst er det strendene.


 Havfruene.


 Utsiktene.


 Dei rike familiane.


Dei stilfulle residensane.


 Politikken og korrupsjonen.


 Og sjølvsagt motstanden.


 Men også iskremen.


 Kaffien.


 Og fargane og duftene.

 

 Men framfor alt er det altså badelivet.


Eller kanskje berre kulturen for å nyte.


  Dei runde middelhavssteinane.


Bylgjene.


Vinden.


Og segla.


Medan vi lit på redningsmennene.


Og redningskvinnene.


 Og lyttar til marsjane.


I mylderet av stemmer om kvelden.


Og ventar på neste dag.