fredag 29. juni 2012

Medan vi ventar på Pirlo

Så er EM snart slutt,
og vi lyt bite i oss spitord og latter
over skråsikre tips og spådomar
nokon kvar.
Eg innrømmer det gladeleg.
Mitt ringe bilete av verda
(inklusive styrkeforholdet mellom dei store fotballnasjonane)
 vert dagleg forma av gamle fordommar og mangel på kunnskap.
Likevel.
Italia i finalen.
Kven hadde vel trudd det.


Ikkje mange.
Men Italia har imponert meg.
Og sprengt det defensive anti-fotball-imaget
som har hengt ved dei asurblå
sidan 1970-talet
(dei som hugsar tida før tilbakespelsregelen forstår kva eg meiner).
Å, nei.
Eg har ikkje gløymt VM-gullet i 2006.
Men denne meisterskapen har vist oss ein heilt annan tankegang,
som i realiteten reflekterer ei heilt ny innstilling
til liv og død
(som sjølvsagt all idrett handlar om).
Angrep. Åtak. Attack.
Vi såg det allereie i kampen mot England.
Og ikkje minst mot Tyskland.
Sjeldan har vi hatt ein meir fortent finalist.
Kva har hendt.
Spelarane er mykje godt dei same
som for to
og fire år sidan.
Buffon, Cassano og Pirlo var også med i 2004.
Eg såg dei
slå eit tamt Bulgaria 2-1
i den nordportugisiske byen Guimaraes
på lite imponerande vis.
Det var ikkje rare jubelen mellom dei italienske tilhengjarane
då Cassano sette inn det avgjerande målet.
Kva er så nytt.
I alle fall trenaren.
Cesare Prandelli.
Om det er rett,
som det er blitt sagt i avisene i det siste,
at han berre har justert Pirlo 15 meter lengre ned
i posisjonen hans på midtbana,
avslører det i alle fall eit fotballtaktisk blikk
utanom det vanlege.




Men det er nok ikkje det viktigaste.
For alle kan sjå at Prandelli har skapt eit lag
der dei store stjernene gjer den grå massen av Serie A-gladiatorar
til feiande gode, altoppofrande og farlege spelarar.
Sjølv superegoet Balotelli er blitt ein lagspelar
(i stor kontrast til det svenske superegoet Zlatan,
som truleg har endå betre individuelle ferdigheiter).
Sjølvsagt handlar det mykje om psykologi
og gruppedynamikk.
Men mest av alt handlar det om tillit.
Og at det er lov å gjere feil
(jamfør Balotelli i puljespelkampen mot Spania).
I morgon kveld vert det altså avgjort.
Eg har heile tida tippa på ein-tøtsj-Spania.
Og framleis gjer eg nok det.
Men om Italia vinn med kunstnaren Pirlo sine nesten utrulege gjennombrotspasningar,
og med egoistar som sveittar for laget,
ja, då fortener dei verkeleg pokalen.
Så difor seier eg som Berlusconi.
Forza Italia!

mandag 25. juni 2012

Under-Linda-Festivalen

Jonsokaftan
vart den aller fyrste Under-Linda-Festivalen
arrangert på Hareid.
Trubaduren Odd Goksøyr song


og underheldt publikum med eigne låtar


under linda


dit også andre diktarar 


hadde funne vegen.


fredag 22. juni 2012

Thankyou

TAKKAR SÅ MYKJE
for alle besøk, gåver, blomar, helsingar, telefonar, meldingar og ikkje minst godord (som eg slettes ikkje har fortent)
m m m
på denne flotte dagen,
som mellom anna vart feira med ein kveldstur
 til Holstadhornet.


Råsa var lett å fylgje.


Og då eg kom opp,
angra eg ingenting
sidan eg kunne sjå sørover
(Snipsøyrdalen, fjella i Ørsta, Volda og Vanylven).


Og nordover
(øyane i Giske og Haram).


For ikkje å snakke om austover
(Storfjorden, med alle sine ferjer).


Hareidlandet er ikkje så ille
når vinden kjem frå søraust.
I dag var det varmt og godt
på toppane.
Eg småsprang ned att
på under halvtimen.



Sjølv bjørkene på Holstad


gratulerte meg med dagen.
Eg tippar dei er eldre enn eg.


Og framleis i sin beste alder.

lørdag 16. juni 2012

Å, Hareid, Hareid, når eg ser deg slik


Dagens fjelltur gjekk til Melshornet.
Eg starta i Kvennjagota.




Og fylgde sidan ryggen frå Overånakken mot toppen.

Utsikta var formidabel.
Både nordover.

Og sørover.


Det var kanskje ikkje akkurat Hareid
Tore Ørjasæter tenkte på då han skreiv teksten til
Å,Vestland, Vestland,
men det kunne godt ha vore det.
I gamle dagar kunne ikkje folk i dalen så eller sette noko
før Melshornbreen hadde kløyvd seg i to.
I kveld låg der berre att nokre molar av han,
så voneleg er poetene komne i jorda.

Frå toppen kan ein sjå vestover.
Mellom anna mot verdas mest attraktive stad.
Og då tenkjer vi korkje på Runde eller Bigset Vest.

Så barst det nedetter
med Ørstafjella i syningom.
Både Nøre-Vartdal

og Søre-Vartdal
høyrde til Hareid sokn i Ulstein prestegjeld.
Rart å tenkje på at vartdalingane nytta kyrkja på Hareid i 750 år.
Frå Overånakken fekk eg eit fint blikk over Storfjordbassenget.
Og nasjonalmonumentet innafor fluda på Overåneset.
Ingen må vere i tvil om kvar slaget stod.

Ved Hjørungavåg.
(Legg merke til preposisjonen!)
Då eg kom ned att på Overå,
låg Liavågen og bada seg i kveldssola.
Og skyene over Ørsta lovde brukande ver.

fredag 15. juni 2012

INGA BØN FOR SØTA BROR


Så er andre runden med EM-kampar over,og vi gjer oss kanskje nokre refleksjonar over det vi har opplevd frå TV-stolen.
Reint sportsleg verkar det som om at saker og ting
byrjar å normalisere seg.
Det fleste austeuropeiske laga (med unntak av Tsjekkia),
borne fram av ein fantastisk entusiasme i fyrste runden,
har alle kome ned på jorda att,
og dei gamle meisterlaga (med unntak av Nederland)
har begynt å vise seg fram.
Det skal overraske meg mykje
om ikkje Spania, Frankrike og Tyskland går til kvartfinalen.
Eg skal jamvel vedde mange euro på
at minst to av desse tre laga også går til semifinalen.
Etter kveldens runde
siglar kanskje England opp som ein liten outsidar,
men då tenkjer eg sjølvsagt med hjartet.


Sverige er ute.
For meg gjer det ingenting
all den tid Zlatan framstår som større
enn det laget han er kaptein for.
Eg veit ikkje kva som irriterer meg mest:
Zlatan sin spelestil,
med alle dei unødvendige balltap og feilvurderingar han står bak,
eller
TV-kommentarane si masete genierklæring av han.
Eg er ikkje det minste i tvil om at Sverige ville ha vore eit betre lag utan Zlatan, sjølv om han isolert sett er ein VELDIG god fotballspelar.
(Det er jo her trenarane må inn i biletet:
Store ego lyt temjast).

Kva er så høgdepunktet så langt?
Carroll si heading mot Sverige i kveld?
Eller Arshavin si oppvisning mot Tsjekkia?
Nei.
Det desiderte klimakset for meg kom
då dei irske supportarane byrja å synge The Fields of Atherny
på tribunane i dei siste minutta av kampen mot Spania.
Og det etter at laget var blitt rundtspelt og knust 4-0.


Akkurat denne reaksjonen 
minner meg endå ein gong om
at fotball handlar om langt meir enn fotball.

søndag 10. juni 2012

MELSHORNGRÅTT

Trass i fattige ti grader og jamn nordleg vind
møtte eg fleire vandrarar langs råsa mot Melshornet i dag.


Frå varden kan ein som kjent sjå sju prestegjeld.
Veten som ein gong stod her
vart brukt heilt fram til Napoleonskrigane.


Ikkje så rart då om folk gløtta mot denne toppen i ufredstider.
Nede på Hareid.


Frametter dalen.


Sjølv på Søre-Vartdal venta dei på signalet om mobilisering.


200 år er eigentleg ikkje så lenge sidan.
I den store samanhengen er det ikkje meir
enn tidelen av eit sekund.


fredag 8. juni 2012

England England über alles


I dag startar EM i fotball.
Og alle har vi vel våre favorittar.
Nokre unner vi siger, andre tap (så det svir).
Som det meste i livet er også fotball basert på¨kjensler
framkalla av kulturmøte og historiske erfaringar.
Her er mitt eige

SYMPATIBAROMETER

16. UKRAINA
Arrangørlandet kan nok kome langt i denne turneringa, men i sympati med den fengsla eksstatsministeren Julia Timosjenko (og i vonbrot over den antidemokratiske utviklinga i den tidlegare sovjet-republikken, ein gong heile Europas kornkammer)håper eg inderleg det går rett vest med dette laget, som vert leia av den tidlegare Sovjet-stjerna Oleg Blokhin, kåra til Europas beste spelar i 1975.
Tips: Kvartfinale.

15. DANMARK
Ja, du leste rett. Men trass i jubelen over festfotballen dei danske drenge viste Europa i 1992, greier eg ikkje å heie på eit lag som er leia av antinorske Morten Olsen. Det er ikkje for ingenting at den sjette strofa av Ja, vi elsker aldri blir sungen. Bjørnson tok feil.
Unionstida er ikkje gløymd.
Tips: Utslått i gruppespelet.

 14. HELLAS
Dette har ingenting med det greske folket å gjere,
som absolutt treng støtta vår i desse krisetider. Men Hellas forsvarte seg til EM-gull i 2004. Frykta for å sleppe inn mål vann.
Det må ikkje skje igjen.
Tips: Utslått i gruppespelet.

13. KROATIA
Dette har nok mest med det gamle Jugoslavia å gjere.
Dessverre luktar det både filming, uthaling av tid, olbogar og etterslengar her, sjølv om laget har Tottenham-juvelen Luka Modric på laget.
Vi gløymer ikkje Norge mot Jugolslavia i EM i 2000.
Fy flate!
Tips: Kvartfinale.

12. ITALIA
Kampfiksinga sitt heimland.
Spelarar med svært tvilsame haldningar til fair play.
Publikum som pip mot sine eigne i motgang
(noko eg sjølv opplevde i den portugisiske byen Guimaraes i 2004).
Eit flott land, og glitrande artistar (Pirlo og Cassano),
men dessverre.
Tips: Utslått i gruppespelet.
 
 
11. FRANKRIKE
Då Thierry Henry viljehandsa og sende Irland ut av VM-kvaliken i 2009, fall nok sympatien for dette laget mange hakk.
Betre vart det ikkje under sluttspelet i Sør-Afrika året etter då spelarane gjorde mytteri og nekta å trene.
Denne gongen har dei derimot eit knallag. 
Tips: Semifinale.

10. RUSSLAND
Trass i Putin - og Stalin - er dette Tolstoj, Dostojevskij, Tsjekov, Gogol, Pasternak og Solsjenitsyn sitt heimland.
Og i sympati med alle dei millionar dissidentar som svalt i hel
i GUlag-leirane, håper eg at det går bra med dette laget, 
som faktisk kan nå langt.
Tips: Kvartfinale.

9. SVERIGE
Søta bror. Broderfolket. 
Zlatan ER god, men representerer dessverre eit ego eg ikkje kjenner meg komfortabel med. Slike typar kan avgjere kampar heilt åleine, men dei kan også vere som gift på eit lag med andre svenska grabbar.
Tips: Utslått i gruppespelet.

8. PORTUGAL
Etter det fantastiske opphaldet under fotball-EM i 2004,
er eg blitt ein skikkeleg fan av både laget og landet.
Men Christiano Ronaldo har mykje av Zlatan i seg.
Sikkert både på godt og vondt.
Dette er elles den tøffaste gruppa.
Tips: Utslått i gruppespelet.

 7. IRLAND
 Ei gripande historie, eit sympatisk folk, men eit middels lag, hovudsakleg med spelarar frå Stoke, Sunderland og Wolves.
Den fantastiske gløden kan nok ta dei grønkledde til både uavgjort og siger, men det blir skora for få mål.
Her luktar eg 0-0 og 0-1.
Heiderleg, men ikkje meir.
Tips: Utslått i gruppespelet.

6. NEDERLAND
Europameistrar frå 1988 og tre tapte VM-finalar.
Johan Cruyff, Johann Neeskens og Marco van Basten i våre hjarte.
Robert van Persie og Arjan Robben har mykje kvalitet rundt seg.
Dessutan:
Landet er - og har alle tider vore - eit bolverk mot totalitære ideologiar. Eg unner dei alt godt.
Tips: Finale. 

5. TSJEKKIA
Dette laget burde ha vunne EM i 2004, men Nedved og Koller & co fall for sin eigen naivitet og entusiasme. Etter Praha-våren i 1968, Warzawapaktlanda sin invasjon og endeleg fløyelsrevolusjonen i 1989, med Havel og Dubcek i spissen, er det vanskeleg ikkje å heie på dette laget.
Tips: Utslått i gruppespelet.

4. TYSKLAND
Dagens Tyskland står fram som meir sympatisk enn både BRD og DDR. Og då tenkjer eg ikkje berre sportsleg.
Spelargruppa vitnar om ein nasjon med høg grad av integrasjon,
noko spanskætta Mario Gomez og tyrkiske Mesut Özil vitnar om.
Dette er ein gullkandidat.
Tips: Semifinale.

3. POLEN
Arrangørlandet som har vore utsletta frå kartet tre gonger.
Eit offer for europeiske stormakter sine mest dyriske drifter.
Vi har ikkje gløymt JA-fotballen med Lato og VM-bronsen i 1974.
Sikkert eit gråare lag denne gongen.
Likevel.
Tips: Kvartfinale.  

 2. SPANIA
Sympatien for dette laget er fyrst og fremst sportsleg.
Men beundringa mi for dei individuelle ferdigheitene og den kollektive tankegangen er derimot svært stor. 
Verda har ikkje sett betre landslag enn Spania i 2010.
Ei midtbane med Xavi, Iniesta, Mata og Silva....
Tips: Finale.

1. ENGLAND
Sjølvsagt handlar dette både om den oversjøiske kulturfellesskapen(frå vikingtida til siste krig) 
og tippekampane på 1960- og 70-talet. 
Men dette valet botnar fyrst og fremst i synet på haldningar og mentalitet. Eg ønskjer å tru at dei fleste nordmenn oppseder borna sine i pakt den engelske fotballkulturen: 
Stå på! Gjer så godt du kan! Gje aldri opp! 
Ærleg og hardt arbeid skal løne seg.

Men fotballens heimland har alle odds mot seg denne gongen.
Og for ein gongs skuld forventar ingen noko av dei.
Sjølv ikkje dei kravstore engelskmennene.
Tips: Utslått i gruppespelet.

SLIK TRUR EG AT DET GÅR:

1. Spania
2.Nederland
3.Tyskland
4. Frankrike


  

RUNDELUNDETUR





























































Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur.