fredag 15. juni 2012

INGA BØN FOR SØTA BROR


Så er andre runden med EM-kampar over,og vi gjer oss kanskje nokre refleksjonar over det vi har opplevd frå TV-stolen.
Reint sportsleg verkar det som om at saker og ting
byrjar å normalisere seg.
Det fleste austeuropeiske laga (med unntak av Tsjekkia),
borne fram av ein fantastisk entusiasme i fyrste runden,
har alle kome ned på jorda att,
og dei gamle meisterlaga (med unntak av Nederland)
har begynt å vise seg fram.
Det skal overraske meg mykje
om ikkje Spania, Frankrike og Tyskland går til kvartfinalen.
Eg skal jamvel vedde mange euro på
at minst to av desse tre laga også går til semifinalen.
Etter kveldens runde
siglar kanskje England opp som ein liten outsidar,
men då tenkjer eg sjølvsagt med hjartet.


Sverige er ute.
For meg gjer det ingenting
all den tid Zlatan framstår som større
enn det laget han er kaptein for.
Eg veit ikkje kva som irriterer meg mest:
Zlatan sin spelestil,
med alle dei unødvendige balltap og feilvurderingar han står bak,
eller
TV-kommentarane si masete genierklæring av han.
Eg er ikkje det minste i tvil om at Sverige ville ha vore eit betre lag utan Zlatan, sjølv om han isolert sett er ein VELDIG god fotballspelar.
(Det er jo her trenarane må inn i biletet:
Store ego lyt temjast).

Kva er så høgdepunktet så langt?
Carroll si heading mot Sverige i kveld?
Eller Arshavin si oppvisning mot Tsjekkia?
Nei.
Det desiderte klimakset for meg kom
då dei irske supportarane byrja å synge The Fields of Atherny
på tribunane i dei siste minutta av kampen mot Spania.
Og det etter at laget var blitt rundtspelt og knust 4-0.


Akkurat denne reaksjonen 
minner meg endå ein gong om
at fotball handlar om langt meir enn fotball.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar