fredag 8. juni 2012

England England über alles


I dag startar EM i fotball.
Og alle har vi vel våre favorittar.
Nokre unner vi siger, andre tap (så det svir).
Som det meste i livet er også fotball basert på¨kjensler
framkalla av kulturmøte og historiske erfaringar.
Her er mitt eige

SYMPATIBAROMETER

16. UKRAINA
Arrangørlandet kan nok kome langt i denne turneringa, men i sympati med den fengsla eksstatsministeren Julia Timosjenko (og i vonbrot over den antidemokratiske utviklinga i den tidlegare sovjet-republikken, ein gong heile Europas kornkammer)håper eg inderleg det går rett vest med dette laget, som vert leia av den tidlegare Sovjet-stjerna Oleg Blokhin, kåra til Europas beste spelar i 1975.
Tips: Kvartfinale.

15. DANMARK
Ja, du leste rett. Men trass i jubelen over festfotballen dei danske drenge viste Europa i 1992, greier eg ikkje å heie på eit lag som er leia av antinorske Morten Olsen. Det er ikkje for ingenting at den sjette strofa av Ja, vi elsker aldri blir sungen. Bjørnson tok feil.
Unionstida er ikkje gløymd.
Tips: Utslått i gruppespelet.

 14. HELLAS
Dette har ingenting med det greske folket å gjere,
som absolutt treng støtta vår i desse krisetider. Men Hellas forsvarte seg til EM-gull i 2004. Frykta for å sleppe inn mål vann.
Det må ikkje skje igjen.
Tips: Utslått i gruppespelet.

13. KROATIA
Dette har nok mest med det gamle Jugoslavia å gjere.
Dessverre luktar det både filming, uthaling av tid, olbogar og etterslengar her, sjølv om laget har Tottenham-juvelen Luka Modric på laget.
Vi gløymer ikkje Norge mot Jugolslavia i EM i 2000.
Fy flate!
Tips: Kvartfinale.

12. ITALIA
Kampfiksinga sitt heimland.
Spelarar med svært tvilsame haldningar til fair play.
Publikum som pip mot sine eigne i motgang
(noko eg sjølv opplevde i den portugisiske byen Guimaraes i 2004).
Eit flott land, og glitrande artistar (Pirlo og Cassano),
men dessverre.
Tips: Utslått i gruppespelet.
 
 
11. FRANKRIKE
Då Thierry Henry viljehandsa og sende Irland ut av VM-kvaliken i 2009, fall nok sympatien for dette laget mange hakk.
Betre vart det ikkje under sluttspelet i Sør-Afrika året etter då spelarane gjorde mytteri og nekta å trene.
Denne gongen har dei derimot eit knallag. 
Tips: Semifinale.

10. RUSSLAND
Trass i Putin - og Stalin - er dette Tolstoj, Dostojevskij, Tsjekov, Gogol, Pasternak og Solsjenitsyn sitt heimland.
Og i sympati med alle dei millionar dissidentar som svalt i hel
i GUlag-leirane, håper eg at det går bra med dette laget, 
som faktisk kan nå langt.
Tips: Kvartfinale.

9. SVERIGE
Søta bror. Broderfolket. 
Zlatan ER god, men representerer dessverre eit ego eg ikkje kjenner meg komfortabel med. Slike typar kan avgjere kampar heilt åleine, men dei kan også vere som gift på eit lag med andre svenska grabbar.
Tips: Utslått i gruppespelet.

8. PORTUGAL
Etter det fantastiske opphaldet under fotball-EM i 2004,
er eg blitt ein skikkeleg fan av både laget og landet.
Men Christiano Ronaldo har mykje av Zlatan i seg.
Sikkert både på godt og vondt.
Dette er elles den tøffaste gruppa.
Tips: Utslått i gruppespelet.

 7. IRLAND
 Ei gripande historie, eit sympatisk folk, men eit middels lag, hovudsakleg med spelarar frå Stoke, Sunderland og Wolves.
Den fantastiske gløden kan nok ta dei grønkledde til både uavgjort og siger, men det blir skora for få mål.
Her luktar eg 0-0 og 0-1.
Heiderleg, men ikkje meir.
Tips: Utslått i gruppespelet.

6. NEDERLAND
Europameistrar frå 1988 og tre tapte VM-finalar.
Johan Cruyff, Johann Neeskens og Marco van Basten i våre hjarte.
Robert van Persie og Arjan Robben har mykje kvalitet rundt seg.
Dessutan:
Landet er - og har alle tider vore - eit bolverk mot totalitære ideologiar. Eg unner dei alt godt.
Tips: Finale. 

5. TSJEKKIA
Dette laget burde ha vunne EM i 2004, men Nedved og Koller & co fall for sin eigen naivitet og entusiasme. Etter Praha-våren i 1968, Warzawapaktlanda sin invasjon og endeleg fløyelsrevolusjonen i 1989, med Havel og Dubcek i spissen, er det vanskeleg ikkje å heie på dette laget.
Tips: Utslått i gruppespelet.

4. TYSKLAND
Dagens Tyskland står fram som meir sympatisk enn både BRD og DDR. Og då tenkjer eg ikkje berre sportsleg.
Spelargruppa vitnar om ein nasjon med høg grad av integrasjon,
noko spanskætta Mario Gomez og tyrkiske Mesut Özil vitnar om.
Dette er ein gullkandidat.
Tips: Semifinale.

3. POLEN
Arrangørlandet som har vore utsletta frå kartet tre gonger.
Eit offer for europeiske stormakter sine mest dyriske drifter.
Vi har ikkje gløymt JA-fotballen med Lato og VM-bronsen i 1974.
Sikkert eit gråare lag denne gongen.
Likevel.
Tips: Kvartfinale.  

 2. SPANIA
Sympatien for dette laget er fyrst og fremst sportsleg.
Men beundringa mi for dei individuelle ferdigheitene og den kollektive tankegangen er derimot svært stor. 
Verda har ikkje sett betre landslag enn Spania i 2010.
Ei midtbane med Xavi, Iniesta, Mata og Silva....
Tips: Finale.

1. ENGLAND
Sjølvsagt handlar dette både om den oversjøiske kulturfellesskapen(frå vikingtida til siste krig) 
og tippekampane på 1960- og 70-talet. 
Men dette valet botnar fyrst og fremst i synet på haldningar og mentalitet. Eg ønskjer å tru at dei fleste nordmenn oppseder borna sine i pakt den engelske fotballkulturen: 
Stå på! Gjer så godt du kan! Gje aldri opp! 
Ærleg og hardt arbeid skal løne seg.

Men fotballens heimland har alle odds mot seg denne gongen.
Og for ein gongs skuld forventar ingen noko av dei.
Sjølv ikkje dei kravstore engelskmennene.
Tips: Utslått i gruppespelet.

SLIK TRUR EG AT DET GÅR:

1. Spania
2.Nederland
3.Tyskland
4. Frankrike


  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar