lørdag 31. mars 2012

IF

Palmelaurdag på Hareid.
Trass i nysnø og vinterlege meldingar
lokka den blågrå himmelen meg ut på altanen
til ein kaffi i solveggen.
Herifrå kunne eg sjå at veret ikkje var så aller verst i Ulsteinvik heller.


Som vi veit er påska full av tradisjonar.
Nedervde vanar
og skjulte strukturar styrer oss dit vi skal.
Om fornufta ynskjer å bryte nokon, strittar kroppen i mot.
Kanskje er det derfor at høgtidene har gjort meg
til ein litt over middels
kryssordløysar.
Dikt på to bokstavar.
Ja, det blir nesten alltid IF.
Sjølvsagt er det Kipling.
Den britiske nobelsprisvinnaren frå 1907.
Han som på slutten av 1800-talet mellom mykje anna
skreiv Jungelboka og imperiebyggjardiktet
The White Man`s Burden.


Diktet,
som vart publisert fyrste gongen i 1895,
blei raskt svært populært.
Fleire forfattarar har omsett det til norsk.
I Andre Bjerke sin versjon startar diktet HVIS på fylgjande måte:

Hvis du kan bli på post når man forlot deg,
og holde hodet kaldt når alt slår klikk,
hvis du kan tro når alles tvil står mot deg,
men også lytte til kritikk...

og sluttar slik:

du er en mann, min sønn!

Diktet er altså ein slags huspostill
for eit godt mannsemne
etter tradisjonaelt viktoriansk mønster. 
Men dei høge ideala fekk sin pris.
Då den fyrste verdskrigen braut ut i 1914,
 nytta Kipling den sterke posisjonen sin
til å presse sonen John inn i den britiske hæren,
trass i at han ikkje besto dei medisinske testane
på sesjon (dårleg syn).
Og så gjekk det slik det kanskje måtte gå.
John vart drepen i slaget ved Loos (i Flandern)
i september 1915.
Han vart berre 18 år gamal.
Men det gjekk lang tid før familien fekk vite noko.
John var sakna i mange år.
Det var i denne venteperioden Kipling skreiv diktet
MY BOY JACK.

"Have you news of my boy Jack?”

Not this tide.

“When d’you think that he’ll come back?”

Not with this wind blowing, and this tide.


Det vert sagt at Kipling prøvde å bearbeide sorga
ved å lese alle Jane Austens romanar
høgt for kona og døtra si.

Altså IF.
Eit dikt på to bokstavar.
Berre slik i all hast før neste kaffikopp på altanen.

GOD PÅSKE!




fredag 30. mars 2012

onsdag 28. mars 2012

ODD VS MOBRO

På oppfordring legg vi ut att lydfilene frå Sjabervik (2011):


Odd Goksøyr
 
 

 
les

Mobro



fredag 23. mars 2012

ØYSTEIN VS JONNI STØA


 På oppfordring legg vi ut att lydfilene frå Sjabervik (2011):


Øystein Orten



les

Jonni Støa, ferjematros


onsdag 21. mars 2012

ODD VS ANGEL

På oppfordring legg vi ut att lydfilene frå Sjabervik (2011):

Odd Goksøyr



les

Angel, ein husmann

tirsdag 20. mars 2012

ANDREAS VS IMMANUEL


 På oppfordring legg vi ut att lydfilene frå Sjabervik (2011):

Andreas Bjåstad


les

 Immanuel og hårlokken 




mandag 19. mars 2012

So kom anj mæ snøv

Ja, våren strittar i mot her i nordvest.
Likevel
ikkje så rart kanskje
at snøen kom attende
til sjølvaste Maria Brudgomsdag.


 
I ettermiddag
ligg Hareidsberget halvkvitt og ventar på at noko skal skje.
Melshornet skyt rygg mot den blågrå himmelen.
Restane av ei fjern sol har allereie passert Middagsgjelet.
Og den namnlause trælen
har forlate Løysingsteinen for mange hundre år sidan.
Skal tru kvar han tok vegen.
Men dagen er lengre enn natta no.
Lyset utvidar seg i begge endar.
Snart skal det kanskje bli råd å få gjere eit kvart.
Noko som monnar.
Akkurat det burde høve snikkaren Josef godt.

fredag 16. mars 2012

STRIDEN FOR DET GODE

Sidan det er Gudmundsdagen i dag,
til minne om den opprørske
(og til slutt avskilta)
islandske middelalderbispen
Gudmundur Arason
(som må ha vore ein av dei aller fyrste
som gjennomførte ordninga med progressiv skatt),
kan det kanskje vere på sin plass å sitere
Johan Sebastian Welhaven,


diktaren med stor D,
som etter eit åtak frå ein ven av faren hans,
prosten Nils Hertzberg
(etter utgjevinga av diktet Norges Dæmring)
svarte:

O, du har glæmt
at Striden for Det Gode
er evigt ny og væxlende i Art


Kanskje noko å tenkje på
kvar gong vi ristar på hovudet
over alle nymotens påfunn
og ungdomens val og prioriteringar.

Det er no ikkje HEILT sikkert
at alt var betre før.

Eller at alle "fornuftige" resonnement
munna ut i dei mest kreative løysingane.

Dei viktigaste tankane er trass alt dei vi enno ikkje har tenkt.



Men var det Sokrates som sa det
eller Nils Arne Eggen.

Eg hugsar ikkje.

Heilt i Gudmund Arasons og Johan Sebastian Welhavens ånd
er det i alle fall.

GOD HELG!


søndag 11. mars 2012

GROR

Vårmånad heitte det i skikkeleg gamle dagar.
Og i vona om liv og grøde og jamvel god bør på havet
ofra ein til den fremste mellom æsene.
Tor.


 
Det var dyr
og endå til menneske.
Blod vart skvetta på folk, bygningar, marker.

Tor.
Måtte han skape vekst og utvikling.
Gror.

Tidene har endra seg.
Men meir enn tusen år seinare
eig vi framleis dette ynskjet om at noko skal skje.

Difor leitar vi etter det fyrste vårteiknet.
Spiren.
Forløysinga.
Dette som MÅ kome.

Etter ei slik helg er det kanskje ikkje så lett å sjå.

Men tjelden er komen.
Eg høyrde han i går.


 
Og vi et kveldsmat i dagslys.

Derfor skal vi ikkje klage på ruskeveret.

Vinden og regnet høyrer voksteren til.

fredag 9. mars 2012

SATS ALDRI PENGAR PÅ STOKE

Eit relativt langt liv som speleavhengig har lært meg at det sjeldan er lurt å satse pengar på favorittlag. 

Same kor flotte tatoveringar stjernespelarane har.




Ein blir aldri rik på patriotisme.

Nei, skal du vinne i tipping, kjem du ikkje langt med sentimentalitet.

Det er pessimistane som stikk av garde med dei store premiane.

I tillegg krevst sjølvsagt lang røynsle frå tippekampar i svart-kvitt
og solide kunnskapar i geografi.

For vener av engelsk fotball kjem difor tippetips for morgondagens kampar her.

Innsatsen er på 32 kroner.

Akkurat passeleg for oss som ikkje arbeider i det private næringslivet.

 

 Vurderingar:

1. Everton slepp inn få mål, men skorar endå færre: UB
2. Eg synest synd på Fernando Torres: H
3. Sunderland sin kaptein Cattermole blei utvist for kjeftbruk: B

4. Det luktar U i lange banar, men Villa var favorittlaget til Øyvind Johnsen: HU
5. Wolves sin kaptein møtte full på trening: H
6. Ein litt for lang busstur for gutane frå Barnsley: H

7. Doncaster ligg nestsist, men gir seg ikkje. Carew på tribuna: HU
8. Reading er eit fengsel: H
9. Badebyen er i form og luktar PL: B

10. Portsmouth er konk, men dette er eit lokalderby ved kanalen: HU
11. Ei kronglete reise nordover for Ipswich: H
12. Steffen Iversen har reist heim: HB


Men hugs: Alt kan skje!

God helg!



søndag 4. mars 2012

DEAD ESSAYISTS - GREAT NORWEGIAN ESSAYS

DEAD ESSAYISTS
GREAT NORWEGIAN ESSAYS




Ludvig Holberg: Moralske tanker (1744)
Ivar Aasen: Om vort Skriftsprog (1836)
Nils Kjær: Vestlandsreise (1909)
Erling Kristvik: Folkelagnad (1920)
Francis Bull: Bjørnstjerne Bjørnson (1932)
Inge Krokann: Det store hamskiftet i bondesamfunnet (1942)
Eirik Vandvik: "Alt menneskleg vedkjem meg" (1945)
Aasmund Brynildsen: Svermeren og hans demon (1952)
Jens Bjørneboe: Tale til årets russ (1956)
Hans Skjervheim: Deltakar og tilskodar (1957)
Gabriel Øidne: Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet (1957)
Jens Arup Seip: Fra embetsmannsstat til ettpartistat (1963)
Peter Wessel Zappfe: Barske Glæder (1969)
Carl Fredrik Engelstad: Notater underveis (1970)
Georg Johannesen: Om den norske tenkemåten (1975)




Som ein vil sjå, inneheld denne lista
både einskildessay, essaysamlingar og artiklar med essaypreg.

Utvalet er sjølvsagt subjektivt  og ikkje så lite personleg,
sidan dette er tekstar som har opna dører
til mi eiga forståing av norsk historie, politikk og litteratur
m m m
frå gymnastida og fram til i dag.

Men her er MANGE fleire!

Kom gjerne med framlegg!

fredag 2. mars 2012

GODT MOT

Det er så mange ting vi kan glede oss over.
Ikkje berre er månen veksande.
Det går mot vår og lysare tider.

 

 
Då eg stakk ut døra klokka sju i kveld,
var det framleis ikkje heilt mørkt.
På råsa langs elva trengde eg inga lykt.
Eg fylgde berre min eigen skugge.

Frå osen kunne eg sjå
Hovdenakken spegle seg i Grimstadvatnet
medan klynger av bilar strøymde nedetter dalen.

Det var som om dagen nekta å bli kveld.

Eg tenkte.
Er det Venus som heng over Ulsteinvik.
Den romerske gudinna for kjærleik.

Eller er det månane til Jupiter.
Den greske guden Zevs sine trufaste elskarinner.
Himalia, Elara, Sinope.

Tre skuggar møtte meg på vegen tilbake.
Det var uråd å sjå kven det var.

Litt fnising høyrdest. Men ingen ord.

I retteleg gamle dagar nytta ein ei helsing i denne dalen:
Godt mot!

Sjølv til framande sa ein dette.
Det var skikk og bruk.

Så på etterskot seier eg til alle:
Godt mot!

Måtte møtet med det som kjem bli godt!