fredag 2. mars 2012

GODT MOT

Det er så mange ting vi kan glede oss over.
Ikkje berre er månen veksande.
Det går mot vår og lysare tider.

 

 
Då eg stakk ut døra klokka sju i kveld,
var det framleis ikkje heilt mørkt.
På råsa langs elva trengde eg inga lykt.
Eg fylgde berre min eigen skugge.

Frå osen kunne eg sjå
Hovdenakken spegle seg i Grimstadvatnet
medan klynger av bilar strøymde nedetter dalen.

Det var som om dagen nekta å bli kveld.

Eg tenkte.
Er det Venus som heng over Ulsteinvik.
Den romerske gudinna for kjærleik.

Eller er det månane til Jupiter.
Den greske guden Zevs sine trufaste elskarinner.
Himalia, Elara, Sinope.

Tre skuggar møtte meg på vegen tilbake.
Det var uråd å sjå kven det var.

Litt fnising høyrdest. Men ingen ord.

I retteleg gamle dagar nytta ein ei helsing i denne dalen:
Godt mot!

Sjølv til framande sa ein dette.
Det var skikk og bruk.

Så på etterskot seier eg til alle:
Godt mot!

Måtte møtet med det som kjem bli godt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar