lørdag 31. mars 2012

IF

Palmelaurdag på Hareid.
Trass i nysnø og vinterlege meldingar
lokka den blågrå himmelen meg ut på altanen
til ein kaffi i solveggen.
Herifrå kunne eg sjå at veret ikkje var så aller verst i Ulsteinvik heller.


Som vi veit er påska full av tradisjonar.
Nedervde vanar
og skjulte strukturar styrer oss dit vi skal.
Om fornufta ynskjer å bryte nokon, strittar kroppen i mot.
Kanskje er det derfor at høgtidene har gjort meg
til ein litt over middels
kryssordløysar.
Dikt på to bokstavar.
Ja, det blir nesten alltid IF.
Sjølvsagt er det Kipling.
Den britiske nobelsprisvinnaren frå 1907.
Han som på slutten av 1800-talet mellom mykje anna
skreiv Jungelboka og imperiebyggjardiktet
The White Man`s Burden.


Diktet,
som vart publisert fyrste gongen i 1895,
blei raskt svært populært.
Fleire forfattarar har omsett det til norsk.
I Andre Bjerke sin versjon startar diktet HVIS på fylgjande måte:

Hvis du kan bli på post når man forlot deg,
og holde hodet kaldt når alt slår klikk,
hvis du kan tro når alles tvil står mot deg,
men også lytte til kritikk...

og sluttar slik:

du er en mann, min sønn!

Diktet er altså ein slags huspostill
for eit godt mannsemne
etter tradisjonaelt viktoriansk mønster. 
Men dei høge ideala fekk sin pris.
Då den fyrste verdskrigen braut ut i 1914,
 nytta Kipling den sterke posisjonen sin
til å presse sonen John inn i den britiske hæren,
trass i at han ikkje besto dei medisinske testane
på sesjon (dårleg syn).
Og så gjekk det slik det kanskje måtte gå.
John vart drepen i slaget ved Loos (i Flandern)
i september 1915.
Han vart berre 18 år gamal.
Men det gjekk lang tid før familien fekk vite noko.
John var sakna i mange år.
Det var i denne venteperioden Kipling skreiv diktet
MY BOY JACK.

"Have you news of my boy Jack?”

Not this tide.

“When d’you think that he’ll come back?”

Not with this wind blowing, and this tide.


Det vert sagt at Kipling prøvde å bearbeide sorga
ved å lese alle Jane Austens romanar
høgt for kona og døtra si.

Altså IF.
Eit dikt på to bokstavar.
Berre slik i all hast før neste kaffikopp på altanen.

GOD PÅSKE!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar