søndag 21. mai 2017

VINDUET 1995 - EITT DIKT

Oppryddinga på loftet held fram.
I Vinduet sitt fyrste nummer i 1995 
fann eg dette diktet


som kom med i samlinga
havflammen
 seinare dette året.


Det er ikkje umuleg
at denne teksten avslører omgjevnadene
som har oppteke meg 
i dei bøkene som eg har skrive seinare:
Hav. Kyst. Krig. Fotball. 
På mange måtar heng no desse saman.
Vilkåra for å overleve.
På trass.
Dette å bli dukka.
Men likevel kome igjen.
Noko som får meg til å tenkje på 
at Hødd spelte i eliteserien dette året
(men rykte ned), 
at dei tapte for Rosenborg i semifinalen i cupen
(i strålande solskin),


men at alt dette var gløymt 
då vi køyrde heimover i snøbygene 
frå cupfinalen på Ullevål 
i november 2012.