tirsdag 8. november 2016

Respons på Rosalin

Brevet til Rosalin er hareidsdølingen Øystein Orten sin kortaste roman, men samtidig den mest spennande. Boka ... har ein språkleg spenst - og ikkje minst ei gåtefull utvikling - som må engasjere.

Vikebladet/Vestposten

Språkleg har Orten utvikla ein nesten minimalistisk reflekssjonsstil i denne boka, ein stil som kler Johannes godt der han grunnar over dei viktige hendingane i livet sitt, og livet til mange andre for den del. Brevet til Rosalin stadfester Øystein Orten posisjon som som ein glimrande prosaist.

Romsdals Budstikke



Må bare si det med det samme, for en skjønn bok dette var. Skrevet på et aldeles nydelig nynorsk språk, noe som gjorde at jeg ofte satt med klump i halsen mens jeg leste. 
beathes bokhjerte

Forfatterens stødige, misunnelsesverdige språk lokker frem leselyst. På nesten uforståelig vis vekkes nysgjerrigheten. Behovet for å finne trådene som leder frem til løsningen. Hvem Rosalin er, hvor soldaten kommer inn i bildet, hva som skjedde med datteren, hvordan det hele henger sammen. Belønningen kommer først på de aller siste sidene.
Så dukker også dette spesielle opp etter endt lesning. Ønsket om å lese boken på nytt, nå som vi vet. Lese mer nøysomt, studere litt nærmere. Det blir knapt nok bedre enn det.

ellikkens bokhylle

Øystein Orten: Brevet til Rosalin (2016)

EI SPENNANDE ORTEN-BOK
Brevet til Rosalin er hareidsdølingen Øystein Orten sin kortaste roman, men samtidig den mest spennande
Boka, som er Orten sine femte roman, er på ca 100 sider i eit relativt lite format. Men har ei fortetting og ein språkleg spenst – og ikkje minst ei gåtefull utvikling - som må engasjere.
Hovudpersonen, eg-personen, som skriv brev til denne Rosalin, er ein eldre enkemann i ei bygd ved havet. Ja, alle som les boka vil forstå at forfattaren hentar motiv, miljø og landskap frå sin eigen heimstad og kringomliggande øyar og dalstrok. T.d. det faste innslaget når svanene kjem «heim» frå det høge nord i oktober, legg seg til på vatnet og syng.
Eg-personen Johannes er tidlegare lærar av den typen som står like høgt som presten i bibelkunne og elles også er rimeleg lærd. Han kan blant anna sin Platon.
Denne Johannes vart utkalla til teneste ved krigsutbrotet i april 1940. No går han i sin seine alderdom og ventar på å få forlate denne verda. Han var med i eit kompani som tok seg fram Romsdalen for å møte den tyske hærmakta. Det er i denne samanhengen «Rosalin» dukkar opp.
Men kven «Rosalin» er, får ikkje lesaren vite før forfattaren gir grønt lys for innspurten. Er ho ei tidlegare elskarinne? Ei Johannes har eit «skjult barn» med? Er ho kvinna han burde ha brukt livet på?
Lesaren vil nok la seg trekke i den leia. Men etter kvart opnar det seg ei anna forståing, når Johannes tek oss med på minnereisa fram Romsdalen - og vi samtidig får vite at ein annan person – ein tysk soldat, som håper krigen snart er over, og som likar betre tilbaketrekningar enn framrykningar, kjem oppover Gudbrandsdalen.
Meir skal eg ikkje røpe. Rosalin er ein godt gøymd figur til langt inn i sluttkapitla. Men der opnar romanen seg, alt sprett ut, løyser ut spenninga og gir innsikter i Johannes sine samvitskvaler.
«Brevet til Rosalin» vekslar mellom kvardagen i bygda og dramatiske krigsminne. Ting skjer og mennesket kan hamne i tilfeldige posisjonar – posisjonar som fører til handlingar som skaper behov for oppgjer og forsoning – før døden kjem og ryddar bordet.
Bokomslaget viser ein tjeld på eit lite skjer i ein solnedgang, teikna av Magnus Osnes. Hovudpersonen Johannes i fugleham. Åleine i dette store, veldige landskapet – åleine med ein løyndom som trenger seg på.
Det går fram av romanen at Øystein Orten har arbeidt mykje med språket. Med fint tilskorne kvardagsglimt og med grammatiske splitthopp som ein streng gymnaslærar nok ville ha slått ned på. Men eit ord er også eit bilde – og forfattaren dermed også ein bildande kunstnar. Slik sett kan reflekterande tankar stå fram som reinskorne tankeblokker, som på side 91: «Så med eitt. Medan vi var oppslukte av den gode maten. Medan vi slurpa og togg og sleikte. Lyden av flymotorar.»
«Brevet til Rosalin» er eit vel utført diktverk. Men eg er ikkje sikker på om dvelinga ved tidlegare tragiske hendingar i slekta til hovudpersonen (då Krestaver og Olaf drukna under ei kollsigling med åttringen «Livingstone») er nødvendig å ha med. Johannes lever i etterdønningane frå denne familietragedien, men det er fenomenet «Rosalin» som gjer «Brevet til Rosalin» interessant og spennande.

Leiv Arne Grimstad
17. 9. 2016

onsdag 2. november 2016

REN SNØ

Nauta skøy 
var det å få med ein skitur over Hareidlandet
i denne antologien:

REN SNØ
Vidar Kvalshaug (red)
Cappelen Damm (2016)



Teksten var opphaveleg biletkommentarar til eit blogginnlegg under tittelen 
PÅSKE I ALLE RETNINGAR 10.april 2012. Desse har så redaktøren sett saman til ein heilskap som til slutt vart slik:


Ruta:
Kommunegrensa-Gamleeidet-Hofsetmarka-Kiberget-
Mosvarden-Bigsetselet-Dalsmunnen-Skafjellet-
Grimstadskardet-Gjerdeskogen-Heim.

Til saman godt og vel 11 km.
Forresten same lengd som Jerusalem-Emmaus.

Men dei to eg møtte, kjende eg frå før.
Ein trønder på klister og ein snikkar med hund.
Ingen overraskingar.

Turen tok heile 3 timar (inklusive gode pauser).
For føret var slettes ikkje godt.
Snøen var meir som kaldt smør med innslag av
havregryn
og gav heller dårleg glid.
Men for oss som ikkje er utskjemde med
ferdigpreparerte løyper,
var dette likevel ein flott tur.

Stabbinga i den krame snøen betalte seg.
Eg fekk sjå nordover.

Frå Skafjellet (der det alltid er vind)
ser vi dei fleste av øyane
på Nøre Luten
(eller Nåra-i-Djupa,
som gamalt folk framleis seier).

Altså nordover.
Med utgangspunkt herifrå.
Tilsynelatande ein forlaten stad.

Men eg seier til meg sjølv igjen og igjen:
Dette er ikkje periferien.


Øystein Orten



fredag 9. september 2016

Øystein Orten: Brevet til Rosalin (2016)

Sterk brevroman




Å skrive ein roman i brevs form, eller eit brev i romans form, har tradisjon tilbake til 1700-talet i europeisk skrivekunst, i vår heimlege litteratur har både Camilla Collett, Jonas Lie og Sigrid Undset levert bidrag. I nyare tid har fleire av dei yngre prøvd seg på denne undergruppa av romansjangeren, ein av dei er Øystein Orten med den rykande ferske romanen Brevet til Rosalin. Orten, kritikarrost sunnmøring med slekt frå Sandøy, har vist seg som ein allsidig forfattar, tidlegare har han gitt ut både dikt, noveller og tekstsamling, romanar, også ein historisk roman, dokumentarbok og nå altså ein brevroman.

Det er den gamle, kreftsjuke Johannes som skriv brev, eit så langt brev at det blir roman av det. Fleire forhold gjer at dette er eit høgst uvanleg brev, faktisk eit nokså skakande brev viser det seg etter kvart. Ikkje er det stila til ein person han kjenner og ikkje skriv han i særleg grad om sjukdommen sin. Derimot skriv han mykje om tragiske hendingar som ligg bak i tid, om farfaren som braut saman då han miste to søner på sjøen, hans eiga kone som drog frå han og dottera som omkom i ei trafikkulykke. Vidare fyller han brevet med blant anna bygdeskildringar, personportrett, samfunnskritiske refleksjonar og tankar om si eiga problematiske kristentru.

Men spørsmålet blir ståande:
Kven er denne Rosalin som han skriv til og kvifor? Her gjeld det for ein anmeldar å ikkje trø utanfor, for eit ord for mykje kan avsløre sjølve hovudpoenget med historia i romanen, og det vil vere stor synd overfor lesaren! Denne sida ved boka er ikkje ulik eit typisk trekk ved ein kriminalroman: Den finurlege og gradvise avdekkinga av ei tragisk og dramatisk hending som skjedde ein gong i fortida og som endra livet for mange. Innimellom alt det andre Johannes skriv om, går det ein raud tråd frå han til Rosalin som handlar om eit oppgjer han må ta med seg sjølv og livet sitt. Der ho også er sterkt involvert utan at dei to kjenner kvarandre eller har møtst.

Øystein Orten har
komponert historia på ein oversiktleg måte ved å forsyne kvart kapittel med datering (hugs at det er eit brev), og ofte i tillegg namnet på ein merkedag i kalenderen. Boka dekker om lag eit års brevskriving i notid, med einskilde tilbakeblikk på det fryktelege som skjedde den gongen. Bipersonane skaper liv og røre, og faktisk ein porsjon humor, i forteljinga: heimehjelpa Marianne med si «nesten erotiske stemme», godguten Asle med talefeilen sin, katten Pjask som heng i sprossene når Johannes står opp, og andre. Språkleg har Orten utvikla ein nesten minimalistisk refleksjonsstil i denne boka, ein stil som kler Johannes godt der han grunnar over dei viktige hendingane i livet sitt, og i livet til mange andre for den del. Brevet til Rosalin stadfester Øystein Ortens posisjon som ein glimrande prosaist.


Jostein Sæbøe

9.9. 2016






























































onsdag 7. september 2016

Det som kjem etterpå

Ei hyggjeleg dame frå marknadsavdelinga
ringde og spurde meg litt ut om bakgrunnen
for at eg skreiv Brevet til Rosalin.
Her er det eg svarte:


1. Brevet til Rosalin er ein "brevroman". Kvifor valde du nett den forma på romanen? 
Eg synest brevsjangeren opnar for ein særeigen intimitet mellom eit "eg" og eit "du", og det passar kanskje godt når ein skal fortelje ei historie som i så høg grad handlar om anger og tap. Det personlege brevet ligg jo nær opp til skriftemålet, og i denne romanen har hovudpersonen behov for å forklare ein del tidlegare hendingar i livet sitt før han endeleg innrømmer det han har gjort. 


2. Boka tematiserer skuld og soning, allmennmenneskelege tema, og ei hending frå krigen står sentralt. Kvifor trur du at forfattarar stadig vekk vender attende til krigen for å hente materiale? 
Den andre verdskrigen vil nok alltid ha ein sterk posisjon i medvitet til meg og jamnaldringane mine sidan foreldra våre opplevde desse dramatiske åra som born, ungdomar eller unge vaksne. Fleire var på ulike måtar med i trefningane med nazistane og bar med seg desse opplevingane resten av livet. At krigen må ha stilt menneska overfor mange vanskelege val, ikkje minst i kampsituasjonar, er det ikkje vanskeleg å forestille seg. 


3. Korleis fekk du ideen til romanen? 
Dei siste åra har det kome mykje ny informasjon om kven dei tyske angiparane var, til dømes med omsyn til alder, yrke, familiesituasjon o s v,  og fleire bøker med tyske soldatbrev fortel oss litt om korleis dei tenkte om både krigen i Noreg og nordmennene. Sterke kjensler som frykt, desperasjon og lengt i tillegg til håp og draumar om kva som skulle skje etterpå , gjorde seg ganske sikkert gjeldande på begge sider. Det er nok tilbakeblikket  som gir sterkast stemme til dette brevet. Samtidig minner TV-bileta frå borgarkrigen i Syria hovudpersonen om at krigen sitt grufulle andlet endå ikkje er heilt borte sjølv 70 år etterpå.

lørdag 3. september 2016

KYNNARAR

Så har det begynt å kome inn tilbakemeldingar
frå dei som har lese Brevet til Rosalin,
både frå folk eg kjenner
og ikkje kjenner,
som denne bloggaren,
som var tilstades på Samlaget si haustlansering
i Oslo 18. august:


"Mens de rundt meg bladde i Neikob og Jakob og andre mer velkjente utgivelser, satt jeg på min stol og beundret omslaget til den vesle boken jeg hadde sikret meg. Og når jeg beundrer omslag, sukker jeg henført og stryker. Stryker og stryker og stryker. Og sukker litt til.

Det gjorde jeg også underveis i lesingen. Jeg brukte uvanlig lang tid på å lese de 100 sidene. Ikke bare skulle omslaget sukkes til og strykes over. Teksten fortjenes å leses litt ekstra. Så jeg sukket, strøk og leste. 

Med nokså tett i tett med skrift, delt inn i mange korte kapitler, alle med navn etter almanakkens merkedager, fortelles en eldre manns historie gjennom et brev til en yngre kvinne. Rosalin. Han bor alene, denne eldre mannen. Hans liv sirkler seg rundt hjemmehjelpen, hennes mann, dataingeniøren, og Asle, den voksne mannen med barnlig sinn. Men først og fremst har han minnene, dette noe han må fortelle til Rosalin før han dør. Han vet ikke hvor lang tid han har igjen, men det nærmer seg, og ringen må sluttes. 

Noen av minnene tar oss med tilbake til krigen, men mest av alt fører minnene hans oss til tapet av hans unge datter. Sorgen og avmaktsfølelsen. Dette katastrofale som endret alt. Nå skal han føre regnskap med sitt liv, sette endelig sluttstrek etter mange års pine, mens han venter på sin egen død.

Jeg brukte en hel uke på denne boken. 100 sider fortonet seg som en murstein. Historien er langt fra medrivende i vanlig forstand, men forfatterens stødige, misunnelsesverdige språk lokker frem leselyst. På nesten uforståelig vis vekkes nysgjerrigheten. Behovet for å finne trådene som leder frem til løsningen. Hvem Rosalin er, hvor soldaten kommer inn i bildet, hva som skjedde med datteren, hvordan det hele henger sammen. Belønningen kommer først på de aller siste sidene.

Så dukker også dette spesielle frem etter endt lesing. Ønsket om å lese boken på nytt, nå som vi vet. Lese mer nøysomt, studere litt nærmere. 

Det blir knapt nok bedre enn det."


Eli R. Gjengstø

ellikkens bokhylle 1.9.2016

onsdag 24. august 2016

DETTE ER EIT ANNA LAND

Onsdag 17. august 
drog eg ein tur til NRK-studio i Ålesund
for å snakke om lyrikk.

FOTO: Wilhelm Støylen, NRK

I samband med dette
las eg to dikt frå havflammen (1995),
memento og dette er eit anna land,
som det skal vere muleg å leite seg fram til
på denne lenka her (rundt 2.24.45):

torsdag 18. august 2016

LENGE LEVE HAREID


 LENGE LEVE HAREID !
STEM NEI!


Fyrstkomande mandag skal eg stemme NEI til ei samanslåing av Hareid og Ulstein. For meg handlar valet mest om fakta, menneskelege verdiar, demokrati og skepsisen til lokalpolitikarane sitt taktiske spel.




PRESTISJEN: Det er viktig å vere klar over at det er mykje som står på spel ved denne folkeavrøystinga. Kommunereforma er eit av dei mest prestisjefylte prosjekta til den blåblå regjeringa. Og det er nettopp denne som står i fare for å havarere. Det er derfor ikkje til å undrast over at den politiske leiarskapen i landet vårt investerer mykje i dette. At sjølvaste statsministeren bruker tid på signeringa av ein ny intensjonsavtale mellom to kommunar, syner faktisk at panikken i hovudstaden er ganske stor. «Prosjekt kommunesamanslåing» har gått elendig. Og resultata av avrøystingane hittil må ha vore ekstra skuffande for kommunalminister Jan Tore Sanner. Men det vil også vere eit stort politisk nederlag for Erna Solberg om reforma ikkje lukkast. Og allereie neste haust er det stortingsval.




UVILJEN: For kommunesamanslåingane har jo ikkje akkurat gått så raskt som ein hadde tenkt seg. Heller ikkje på Sunnmøre. Berre Volda-Hornindal og Ålesund-Skodje-Sandøy kan førast opp på lista over nye kommunar. Altså ikkje rare greiene. Regiondirektør i NHO, Toril Ytreberg, seier det rett ut til Møre-Nytt 15.7. at ho er svært skuffa over resultatet av kommunereforma i fylket. – Dette er jo berre pjask, seier ho. Og det har ho heilt rett i. Slik det ser ut no, vil reduksjonen av kommunar i Møre og Romsdal berre bli frå 36 til 30.


PISKEN: Kanskje er årsaka til den labre stemninga at det ikkje ligg noko folkeleg initiativ bak denne reforma. Som vi veit, var det mest inga samanslåingsstemning nokon stad før Sanner la på bordet ein ny inntektsmodell som ville straffe dei små kommunene. Ved press og pisk skulle kommunene slåast saman.


DET LATTERLEGE: Altså har trugsmålet om økonomisk fortaping og ROBEK-status blitt avgjerande for enkelte. Motiva for samanslåing har nok elles vore så ymse. I nokre tilfelle har dei sikkert vore ærlege nok. I andre tilfelle kan dei framstå som direkte latterlege. Nokre drøymer om eit spenstigare kommunenamn. Andre om moglegheita for å bli del av ein kjend by. I Møre-Nytt les vi til dømes at mange i Volda gler seg over at Hornindalsrokken kan bli den nye kommuna sin fyrste topp over 1500 meter. På denne måten kan dei no knive med Ørsta om å få Indre Søre sitt høgste fjell.


PÅ SANDGRUNN: Samtidig kviler både dei gamle og nye kommunane på sandgrunn. Til dømes reknar Ålesund, Skodje og Sandøy (ja, tenk Sandøy, inklusive den vesle øya Orten, med 13 innbyggjarar) med at regjeringa vil tvinge Haram til å bli med i den nye storkommunen deira, slik at den reint geografisk vil henge saman, trass i at Haram har sagt nei til å bli med. Den før omtala NHO-direktøren Ytreberg håper at Fylkesmannen vil skjere gjennom og bruke tvang, slik både ordføraren i Ålesund og Sunnmørsposten på leiarplass har teke til orde for.


VALET: I Hareid sa vi i vår altså JA til å stå åleine. Den gongen vart ikkje ein fusjon mellom Hareid og Ulstein vurdert som noko alternativ i det heile (sjølv etter lange førebuingar og grundige vurderingar). Og då valet stod mellom å bli ein del av Stor-Ålesund, Runde eller Hareid åleine 19. mai i år, stemte 73 % av folket JA til at Hareid skulle halde fram som eigen kommune. Det er nesten tre fjerdedelar av alle!


LOVNADEN: Dette var sjølvsagt eit stort politisk nederlag for Høgre, Framstegspartiet og støttespelarane deira. Men det stod respekt av ordføraren då han til Vikebladet same kveld sa at no hadde folket talt og at med eit slikt resultat kunne ein ikkje gå vidare med noko samanslåing.


TAKTISK SPEL: Men kva skjedde? Etter nokre veker vart brått Hareid-Ulstein-modellen aktuell igjen. Den som ikkje ein gong var verdig å stemmast over fyrste gongen! Eg trur mange tykte at dette var både overraskande og skuffande av ordføraren. I ettertid har han heller ikkje svart på kvifor han har gjort denne heilomvendinga. Trass i tallause oppfordringar i sosiale media. I Vestposten/Vikebladet torsdag 18. august seier ordføraren at han aldri har lovd dette. Er det ikkje rart kor dårleg vi hugsar ein torsdagskveld i mai?


MANDATET: Så kjem altså statsministeren hit for å oververe signeringa. Eg må innrømme at eg vart provosert. Det heile såg for meg ut til å vere ein slags religiøs seremoni – med Erna si overvaking – eller kanskje vi kan driste oss til å seie velsigning - av høgtidsstunda. Eg likte det slett ikkje. For kva med dei 73 prosent av folket som stemte JA til Hareid som eiga kommune? Med kva rett hadde det politiske fleirtalet i kommunestyret hatt til å setje i gang denne prosessen?  Blei vi ikkje spurde om råd?


SENTRALISERING: Men kommunereforma er berre ein liten del av eit mykje større prosjekt: Sentraliseringa av Noreg. Sentralisering er ei ønska utvikling for denne regjeringa. Og ho grip om seg på nesten alle felt. Mellom anna i helse, utdanning og politi. Vi må ikkje gløyme at den på mange måtar sympatiske statsministeren vår styrer ein kynisk distriktspolitikk der økonomane sit i baksetet og viser veg. Marknadsliberalismen rår. Nedleggjinga av Ekornes sin fabrikk på Hareid viser korleis denne tankegangen fungerer. Ei velfungerande verksemd som går i overskot er ingen garanti for framleis drift så lenge det ikkje gagnar sjølve konsernet.

Hugs: Det er ikkje dei marknadsliberalistiske storbyverdiane som har skapt innovasjon og velstand på Søre Sunnmøre. Det er det dei små lokalsamfunna som har gjort.

Likevel skal det bli færre og større einingar. «Storkjøkenet» skal levere billegare varer og meir effektive tenester. For dette skal visst gagne distrikta. Det vert til dømes sagt at fleire politimenn og -kvinner i dei største byane vil skape betre nærpoliti rundt om på bygdene. Og eg berre lurer: Er det verkeleg nokon som trur på dette? Kjem menneske nærare einannan ved å flytte frå kvarandre? Kven skal rope når keisaren kjem etter vegen: - Men han har jo ingen klede på?


FELLESSKAP: Underleg er det å tenkje på at kommune kjem av det latinske communis som tyder felleskap. Medan denne reforma slett ikkje er eit fellesskapsprosjekt. Snarare tvert om. Sjølvsagt har store og små kommunar både styrkar og veikskapar. Men frå regjeringshald synest det som om det berre er veikskapane til dei små og styrken til dei store som vert kommunisert. Ingen har lagt fram fakta (erfaringsbasert kunnskap) på at samanslåingar gir betre tenester, billegare tenester eller meir robuste fagmiljø, slik regjeringa hevdar. Det er berre påstandar. Og kva skal vi med eit robust fagmiljø som er langt vekke frå der vi bur?


DEMONTERING: Heldigvis ser mange at sentraliseringspolitikken fører til ei demontering av velfungerande ordningar i utkantane. Barnehagar, skular og eldrinstitusjonar står opplagt i fare for å bli lagde ned. Og det folkelege engasjementet og dugnadsånda i dei grendene som desse soknar til, kan fort bli svekka som ei fylgje av dette. Dei fleste føretrekk å bu slik dei gjer no. Altså i relativt små einingar. Folk er rimeleg fornøgde med tenestene dei har. Men element som trivsel, tilhøyrsle og kvaliteten på dei kommunale tenestene slik dei faktisk er, vert ikkje tillagd vekt av fusjonistane i hovudstaden.


DET FOLK VIL HA: Nokre av oss ser ut til å ha gløymt at dei mennesklege behova i stor grad handlar om å sjå og høyre OG å bli sett og høyrd. At inst inne treng alle eit nettverk av små fellesskap. Eg vil hevde at større einingar trugar desse. Men mange har heldigvis ikkje gløymt det. Og resultata av avstemmingane er blitt deretter. Folk vil ha barnehagar, skular og sjukeheimar i nærleiken av der dei bur. Dei vil ha innverknad på sin eigen kvardag i jobb og fritid og aller helst kjenne dei menneska som skal ta avgjerder på vegner av fellesskapet dei er ein del av.


KJENSLER: Kanskje byggjer nokre av tankane mine om kommunesamanslåing på kjensler. Men kva er det? Kjensler er nedarva erfaringar. Frå foreldre. Besteforeldre. Vener. Naboar. Det er nedarva klokskap. Historia har vist oss at små grender og små bedrifter kan skape verkeleg store ting. Smått er ofte godt.


INFORMASJONEN: Kva har vi så i vente viss det blir ei samanslåing? «Offentleg informasjon» om intensjonsavtalen er blitt lagt ut i postkassene i form av ein flott brosjyre. Men om denne er objektiv, er i beste fall høgst diskutabelt. I tillegg byggjer intensjonsavtalen – altså produktet som skal seljast -  opp etosen sin med biletet av den smilande statsministeren. Og vi let oss kanskje begeistre: - Tenk, Erna! - Her! Samanslåingstilhengjarane låner såleis autoritet frå den høgste myndigheitspersonen i landet for å styrkje si eiga sak – fusjonen av Hareid og Ulstein kommunar. Samtidig har «Hareid kommune» vore svært aktiv på Facebook og andre sosiale medium for å selje avtalen med «informasjon» om alle fordelane ved ei samanslåing. Og det er freistande å spørje – er det dei tilsette ved kommunen eller den politiske leiinga som skjuler seg bak denne?


INTENSJONSAVTALEN: Om vi studerer sjølve avtalen, så lat vi slå fast fyrst som sist: Ulstein er storfornøgde! Ulstein er så nøgde med denne avtalen at dei droppar ei folkeavrøysting! Det seier sitt. At dei ville bryte forhandlingane viss dei ikkje fekk kommunesenteret, seier også sitt. Folk i Ulstein ser ikkje problemet med ei samanslåing. For dei har ingenting å tape. Men det har vi.


EIN HUSMANNSKONTRAKT: Slik eg ser det, gir intensjonsavtalen Ulstein gjennomslag for 80-90 % av deira ynskje. Hareid vil misse mange funksjonar. Mellom anna kommunesenteret. Og all forsking viser at samanslåingar berre styrkjer tenestene i kommunesenteret, medan tenestene blir svekka i utkantane. Rett nok skal Hareid skal få gjennomføre to tunge investeringar – eit helsehus og ein ungdomsskule. Men kva garantiar har vi for dette? Som juridisk dokument er ikkje intensjonsavtalen verdt noko som helst. Så kor naive har vi lov til å vere? Er det ikkje sannsynleg at vi etter ganske kort tid – kanskje om tre-fire år – vil miste ein eller to av krinsskulane? Og kan ikkje dette igjen svekkje samhald, tilhøyrsle, engasjement og dugnadsånd i desse krinsane? Og kva med sjukeheimen og pasientane der? Avtalen vi har skrive under er ein husmannskontrakt. Det er ikkje noko som liknar jamstelling i denne fusjonen. Ordførarkjedet, kommunevåpenet og kommunenamnet er sanneleg ei fattig trøyst!


KVA ER VIKTIG: Ord som grend, bygd, lokalsamfunn og menneskeleg nærleik er avgjerande for valet mitt mandag. Likeeins institusjonar som barnehagar, skular og aldersbustader der folk bur. Og ikkje minst nærleiken til dei som bestemmer. Eg trur kommunereforma og samanslåinga mellom Hareid og Ulstein vil svekkje viktige ting som dette på sikt. Valet handlar for min del om kva verdiar vi vil basere lokalsamfunnet vårt på. Kva er viktig, og kva er ikkje viktig?

Vi må ikkje gløyme at valet om kommunesamanslåing kjem etter press frå den politiske eliten i hovudstaden. Dei vil så veldig gjerne at vi skal stemme ja! Men vi treng ikkje om å gjere det! Neste år er det stortingsval. Nye folk skal stemmast inn. Og i Stortinget ligg nøkkelen til kva ressursar kommunene skal få til å levere tenester med. Hugs det!

Så greier vi å stå i mot presset så lenge?

STEM NEI TIL SAMANSLÅING MÅNDAG 22. AUGUST!

onsdag 27. juli 2016

BREVET TIL ROSALIN

Då er det ikkje så lenge att
til den nye romanen min er klar.
I byrjinga av september skal han vere ute i butikkane.



"Det er natt no, og natta er eit grenselaust djup. Fjella og havet og bårene skriv dei dristigaste ting inn i sjela mi. Du undrar vel på korleis eg fann deg. Det er jo så store avstandar mellom oss (og då tenkjer eg ikkje berre på mil og breiddegrader). Til dømes er du langt yngre enn meg. Men namnet ditt. Heimstaden din. Dei fyrste åra dine. Dei heng likevel nøye saman med meg. Liva våre er fletta inn i kvarandre på eit vis som er så vanskeleg å forstå om ein ikkje begynner i rette enden".


Om nokon ynskjer å bla litt meir i boka,
så er det berre å klikke seg inn her:



søndag 3. juli 2016

UNDER LINDA 2016 TILBAKEBLIKK

Årets Under Linda
inneheldt som vanleg både diktopplesingar,
songinnslag og kaffi med drøs,


med ekstra fokus på lyrikken


til Marit Kaldhol,



som las fleire (svært vakre) tekstar frå samlinga ho som ror (2007)
og sidan det aktuelle langdiktet Små gutar, 
ein del av det kyrkjemusikalske programmet Songar ved bålet,
som skal framførast til hausten, 


og Jan Ove Ulstein,



som las tekstar frå Boholmen (1979), Spirituale (1989)
og det er her det flør (2014),
og som fleire gongar vart avbroten av spontan applaus 


frå dei omlag 60 frammøtte,


som også fekk høyre Ronald Øvrelid
synge Chris Rea (på engelsk), Leonard Cohen 
(i norsk omsetjing av Odd Goksøyr)
og Joni Mitchell og Björn Afzelius
(i gjendikting av Andreas Bjåstad),


og Odd Goksøyr,
som ved sida av sin eigen 
Dei brattaste bakkane
(eigentleg: Nokre refleksjonar over mulege samanhengar mellom før og no)
også song tekstar av 
Tomas Tranströmer (Alkaiskt), 
Jan Ove Ulstein og Øystein Orten.


Sistnemnde
introduserte forresten dei ulike artistane
(stundom med glimt frå den lyriske produksjonen deira)
og las  elles Ivar Aasens Saknad (frå hans einaste diktsamling, Symra, 1863), 


 før eks-bokhandlar Lidvar Rise
greip ordet og fortalde to skjemtesoger frå Hareid
(om faren til ein av forfattarane)
og etterpå slo til med ei briljant opplesing 
av Sidsel Mørck sitt dikt
Møte.


Så vart det kaffi, 


kaker
(stor takk til alle kakebakarane!)


og interessante samtalar
rundt kabeltromlane
(sponsa av Hareid Group)


langt inn i (den ikkje altfor varme)
 sommarkvelden


under linda i Einabu


på Hareid, 


også kalla Grotta della Poesia,
like ved Casa del Poeta Tragico,


den tragiske poeten sitt hus,
med adresse Reiten 52.

mandag 27. juni 2016

UNDER LINDA 2016 KORT OPPSUMMERT

Då har vi lagt 
den fjerde poesifestivalen  bak oss,
og mange vil hevde at det vart ei gjevande stund
med mykje gild song og flotte opplesingar Under Linda.


MARIT KALDHOL - TOMAS TRANSTRÖMER - JAN OVE ULSTEIN 
BJÖRN AFZELIUS - ANDREAS BJÅSTAD - JONI MITCHELL
ODD GOKSØYR - LIDVAR RISE - LEONARD COHEN  
RONALD ØVRELID - CHRIS REA - STUNTPOESI
SIDSEL MØRCK- ØYSTEIN ORTEN 
KAFFI - IVAR AASEN 
DRØS

61 menneske tok del
(i tillegg til festivalkatten 
og eit kjøtmeispar med ungar som han gjerne
ville ete opp). 

tirsdag 21. juni 2016

Marit endeleg under linda

Fyrstkomande laurdag 
skal endeleg Marit Kaldhol (f 1955)
lese dikt under linda i Reiten 52.
Med så sterke slektsrøter i Hareid
er det sjølvsagt på tide.


Marit har ein svært omfattande og mangslungen forfattarskap bak seg,
og mellom dei omlag 30 skjønnlitterære bøkene 
ho har gitt ut sidan debuten med Lattermilde laken i 1983,
finn vi både romanar, noveller, drama og dikt.
Ho er også nyskapande i forhold til tekstar i kyrkjeromet,
og saman med Ålesund strykekvartett vitja ho Hareidskyrkja seinast i mars med refleksjonar rundt Joseph Haydns Jesu sju siste ord på korset.
Tilbakemeldingane frå kritikarane har alle tider vore svært gode,
men det er kanskje fyrst og fremst utgjevingane for born og ungdom
som har skaffa henne størst merksemd i media.
Ho har også fått ei rekke med prisar og utmerkjingar. 
For barneboka Farvel, Rune (1986) 


fekk ho (saman med illustratøren Wenche Øyen) til dømes Deutsche Jugendliteraturpreis, og seinast for ungdomsromanen ZWEET (2015) 
fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris.
Så Marit Kaldhol er utan tvil ein av Sunnmøres mest meritterte forfattarar.
Men det er som lyrikar vi får høyre henne på laurdag.
Trass i ein mild grunntone av melankoli og lengt 
(ut frå kjensla av at noko er tapt eller mist),
finn vi mykje lys og himmel (og fuglar!) over dikta hennar.

når eg er død
 vil eg danse den dansen eg heile livet 
har øvd meg på

Forfattaren erkjenner at livet er skjørt og kort, 
men det finst altså eit håp som trengjer gjennom alt.
I sentrum for mange av dikta i dei sju samlingane hennar 
står ofte huset og det undrande barnet.
Og med utgangspunkt i dette barnet
utforskar forfattaren naturen og menneska rundt seg.
Kanskje er det derfor at titlane kan vere både underfundige og absurde, 
jamfør Det er ei brystvorte som talar, Keivhendt katt og Lysta til å rive mose. 



I nokre tekstar står tida stille, og i denne eine augneblinken kan forfattaren tvinge lesaren til å tenkje - kva no? - som i EGGET ER:

egget er ein fugl
som enno ikkje er

egget er eit svev
som enno ikkje er

egget er ein song
som enno ikkje er

tal med lav stemme
så du ikkje forstyrrar egget

Mest i alle tekstane til Marit Kaldhol ligg det sprelske, barnlege og kreative.
Samtidig botnar mange av versa hennar i kvinna sine erfaringar,
både som elskarinne, mor og opprørar mot dei forventningane som blir stilt overfor henne, eit utgangspunkt som kan gi oss assosiasjonar til ein annan sunnmørsforfattar, nemleg Marie Takvam (1926-2008).
Kanskje særleg i samlinga Den tause rosa går forbi (2002)
kan ein sjå denne slektskapen,
som i det vakre KVINNENE FINN NATTA:

kvinnene finn natta sovande
lyden av dei mjuke augevippene hennar
leier dei inn der ho ligg
utan hovudpute av fin silke

dei samlar natta i armane sine
ber henne mellom seg over elva
legg henne på ein varm stein
like ved vegen der små barn
spring forbi med rop av gul havre

kvinnene vaker over natta
stryk den skjelvande pusten hennar
byssar den vaklande lunga hennar
held handa hennar når ho ynkar seg
dei vaker over henne så ho ikkje skal
bli til morgon og finne seg aleine

når natta strekkjer lemmane sine
når den mørke kroppen er utkvilt
løftar kvinnene henne igjen
ber henne mellom seg over elva
inn att i skogen legg henne frå seg
der dei fann henne

Vi gler oss til laurdag!