tirsdag 21. juni 2016

Marit endeleg under linda

Fyrstkomande laurdag 
skal endeleg Marit Kaldhol (f 1955)
lese dikt under linda i Reiten 52.
Med så sterke slektsrøter i Hareid
er det sjølvsagt på tide.


Marit har ein svært omfattande og mangslungen forfattarskap bak seg,
og mellom dei omlag 30 skjønnlitterære bøkene 
ho har gitt ut sidan debuten med Lattermilde laken i 1983,
finn vi både romanar, noveller, drama og dikt.
Ho er også nyskapande i forhold til tekstar i kyrkjeromet,
og saman med Ålesund strykekvartett vitja ho Hareidskyrkja seinast i mars med refleksjonar rundt Joseph Haydns Jesu sju siste ord på korset.
Tilbakemeldingane frå kritikarane har alle tider vore svært gode,
men det er kanskje fyrst og fremst utgjevingane for born og ungdom
som har skaffa henne størst merksemd i media.
Ho har også fått ei rekke med prisar og utmerkjingar. 
For barneboka Farvel, Rune (1986) 


fekk ho (saman med illustratøren Wenche Øyen) til dømes Deutsche Jugendliteraturpreis, og seinast for ungdomsromanen ZWEET (2015) 
fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris.
Så Marit Kaldhol er utan tvil ein av Sunnmøres mest meritterte forfattarar.
Men det er som lyrikar vi får høyre henne på laurdag.
Trass i ein mild grunntone av melankoli og lengt 
(ut frå kjensla av at noko er tapt eller mist),
finn vi mykje lys og himmel (og fuglar!) over dikta hennar.

når eg er død
 vil eg danse den dansen eg heile livet 
har øvd meg på

Forfattaren erkjenner at livet er skjørt og kort, 
men det finst altså eit håp som trengjer gjennom alt.
I sentrum for mange av dikta i dei sju samlingane hennar 
står ofte huset og det undrande barnet.
Og med utgangspunkt i dette barnet
utforskar forfattaren naturen og menneska rundt seg.
Kanskje er det derfor at titlane kan vere både underfundige og absurde, 
jamfør Det er ei brystvorte som talar, Keivhendt katt og Lysta til å rive mose. 



I nokre tekstar står tida stille, og i denne eine augneblinken kan forfattaren tvinge lesaren til å tenkje - kva no? - som i EGGET ER:

egget er ein fugl
som enno ikkje er

egget er eit svev
som enno ikkje er

egget er ein song
som enno ikkje er

tal med lav stemme
så du ikkje forstyrrar egget

Mest i alle tekstane til Marit Kaldhol ligg det sprelske, barnlege og kreative.
Samtidig botnar mange av versa hennar i kvinna sine erfaringar,
både som elskarinne, mor og opprørar mot dei forventningane som blir stilt overfor henne, eit utgangspunkt som kan gi oss assosiasjonar til ein annan sunnmørsforfattar, nemleg Marie Takvam (1926-2008).
Kanskje særleg i samlinga Den tause rosa går forbi (2002)
kan ein sjå denne slektskapen,
som i det vakre KVINNENE FINN NATTA:

kvinnene finn natta sovande
lyden av dei mjuke augevippene hennar
leier dei inn der ho ligg
utan hovudpute av fin silke

dei samlar natta i armane sine
ber henne mellom seg over elva
legg henne på ein varm stein
like ved vegen der små barn
spring forbi med rop av gul havre

kvinnene vaker over natta
stryk den skjelvande pusten hennar
byssar den vaklande lunga hennar
held handa hennar når ho ynkar seg
dei vaker over henne så ho ikkje skal
bli til morgon og finne seg aleine

når natta strekkjer lemmane sine
når den mørke kroppen er utkvilt
løftar kvinnene henne igjen
ber henne mellom seg over elva
inn att i skogen legg henne frå seg
der dei fann henne

Vi gler oss til laurdag!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar