fredag 30. desember 2022

BØYLEHEST, SKLITAKLINGAR OG PIGGSKO OVER STOKK OG STEIN

Eg trur det må ha vore nokre veker etter månelandinga, altså  ein haustdag i 1969, at eg fyrste gongen heiv dei nye gymsokkane i eit nett og sprang over den mørke Brekkemarka mot Rema, før eg tok peiling mot den einslege lykta på det gamle klubbhuset, for å bli med på mi aller fyrste trening i turn. Der inne venta dei gamle storturnarane, med Eindride Hareide i spissen, kjende frå turnoppvisningar i Trudvang rett etter krigen, saman med litt eldre gutar, og jamvel jenter som nesten var på veg til å bli damer, noko som var ekstra spennande, spesielt for dei halvvaksne karane, men også for den aller yngste guten, som var eg.

 

Og saman med desse fekk eg dei neste tre-fire åra utforske denne idretten sine seks disiplinar, der ringar og svingstang var dei mest spennande, sidan trenarane måtte ta i mot meg i tilfelle avhoppet hadde kurs utanfor matta, til dømes mot ein vegg eller ei dør, og bøylehesten den vanskelegaste, sidan sjølve hesteryggen var i breiaste laget for dei korte føtene mine.

 Allereie frå Dag 1 lærte eg at turn eigentleg handla mest om kroppshaldning. Det var viktig å vere rett i ryggen, fekk eg høyre, same kvar eg stod eller gjekk, både i og utanfor klubbhuset, slik at det alle tider såg ut til at eg hadde full kontroll. –Inn med raua, gut! Inn med raua! Ikkje sjå ut som om du heile tida skal ta i mot ein ball!

Toppen på turnkarrieren min kom med to fjerdeplassar under KM i Molde, i frittståande (eller matte, som det heitte på Hareid) og skranke, som truleg var mi beste øving, sidan eg hadde klatra mykje i (og også falle ned frå) diverse tre under opphenging av fuglekasser i Gjerdeskogen, noko eg var godt nøgd med, sidan eg var to år yngre enn dei andre i mi klasse. Eg brukte også opp alle dei 50 kronene som far min sende med meg til denne helga i Idrettens hus, hovudsakleg på snop, brus og flipperspel.

 Eg la opp som turnar då eg var 11 år, om lag samtidig som Eindride markerte 70-årsdagen sin med å stå på hendene på løetaket sitt for Sunnmørsposten sin fotograf, sidan eg glei meir og meir over i friidretten, der bror min var med, saman med kompisane sine, og primus motor Kåre Oksavik og sønene hans.

 Forutan gateløp og terrengløp hist og pist, var dei klassiske øvingane for oss som var yngst, 60 m, kule og lengde, men dessverre også 600 m, som eg grudde meg som ein hund til, sidan eg visste at eg kom til å stivne mot slutten og truleg spy når eg kom i mål. Ikkje sjeldan spydde eg også før start, sidan eg tenkte på kor låkt det kom til å gjere på oppløpssida, men alt vart fort gløymt når løpet var over, og eg som regel hadde kome nummer to eller tre, og kunne site å studere den vesle medaljen på ferja heim att.

 
Det vart altså mykje sølv og bronse på meg. Men i ettertid har alle desse løpa, kulestøyta og lengdehoppa sosa seg saman til ei salig røre, og eg greier ikkje å skilje dei frå kvarandre. KM i Ørsta i 1974 hugsar eg derimot godt. Kanskje er det fordi far min var sjåfør til dette arrangementet, og dermed tilskodar, og at han hadde møtt nokre kjenningar der inne, truleg frå sine glansdagar i 50-åra, som han stod saman med då eg kryssa målstreken på 60 m aller fyrst, hårfint framfor ein gut frå Langevåg. Truleg var det også akkurat dette, at far min var der, saman med dei gamle kameratane sine, som gjorde denne sigeren så spesiell.

 Det skøyaste som fanst var likevel stafettane om våren, der eg begynte som skårunge, altså den vesle pjokken som skulle vere yngst muleg for at samanlagtalderen skulle gå opp. Stafettane utvida også den geografiske horisonten vår, med reisene inn til Sunnmøre sine mange avkrokar, ofte i baksetet på ein bil, inneklemt mellom seniorar med hår på brystet. Tenk berre på Patchellstafetten, med den intense teven av rev og mink, og premieutdelinga på trappa til det keisarlege Union Hotel etterpå! Skal eg vere ærleg, var Norangsdalen meir eksotisk enn Afrika for meg, og dei blinde vekslingane og kivinga med ørstingar og ålesundarar i den stramme lukta mellom revefarmane der inne, kjem eg aldri til å gløyme. Det var gollj! 

Så tok fotballen over, det vil seie, den organiserte fotballen, for fotball hadde eg sparka sidan tidenes morgen, på Bøen, på Hovlidbana, på Allenvoll, i Åsendalen, på ymse marker inn med elva, og elles overalt, særleg etter hóslåtten, då forbodet mot bruk av høvelege atteleger for ulike ballspel var delvis oppheva. Vi hadde drakter, seriespel, dommarar og tabellar, hundre prosent sydde saman av oss sjølve, utan innblanding frå vaksne. 60-åra var i sanning ei lukkeleg tid for mange gutungar på Hareid.

 

Kampane for dei yngste aldersbestemte laga til Hareid Idrettslag vart elles i all hovudsak spelte på grus. Sidan dette var før vi begynte på ungdomsskulen, møtte mange av oss jamaldringar frå andre skulekrinsar for fyrste gong. Tenkje seg til - gutar frå Bigset og Brandal! Slik såg dei altså ut. Men nesten ingen kom frå slagstaden Hjørungavåg. Allereie den gongen forstod eg at folk frå denne delen av kommuna var noko heilt for seg sjølv. Historisk medvitne. Og stolte over sin breie plass i Snorre sine kongesoger.

 Som fotballspelar hadde eg heilt sikkert mine avgrensingar og tilkortkomingar, men eg var rimeleg rask og temmeleg taklingssterk, skal eg tru dei som såg meg. Men trass i ein grei høgrefot, god fart og bra styrke, var venstrefoten daud som ei sild og berre brukande til støttepasningar. Eg var heller ingen Jostein Flo i lufta. Men ein plass på laget hadde eg, og det er ikkje mange ting som er viktigare enn akkurat det.

 Trenarsituasjonen desse åra var svært oversiktleg. Smågutte: Einar Elvanes. Gutte: Einar Elvanes. Junior: Einar Elvanes. Truleg er Einar Elvanes ein av dei viktigaste oppsedarane som nokon gong har levd i Hareid kommune. Mange ungdomar har lært god folkeskikk og sunne haldningar av denne mannen. Han hadde presise tankar om kva som var rett og gale, både på bana og i livet elles. Det var umuleg å misforstå kva han meinte. Men å gjere det på bana, og for så vidt også utanfor bana, var noko heilt anna. Det kunne også vere tøffe treningar, med doggisar opp og ned bardane inne på stadion, ofte til ein kjende blodsmaken i munnen, og armhevingar med ein fot på ryggen, om du ikkje senka brystkassa langt nok ned.

 

Av Elvanes lærte eg såleis dei viktigaste prinsippa for ein høgreback, og eg kan framleis høyre ropa hans frå sidelinja, alltid gjenteke to gongar: Opp-i-raua-på-nå! Opp-i-raua-på-nå! Eitt spark! Eitt spark! Lat ballen gjere arbeidet! Lat ballen gjere arbeidet! For meg handla det om å hindre innlegg, blokkere skot og aldri – aldri - late nokon kome forbi meg. Altså hadde eg kun defensive, eller rettare, sett frå motstandaren si side, destruktive, oppgåver. Ein sideback på 70-talet skulle elles vere ytterst varsam med å passere midtstreken. Det var tryggast gje frå seg ballen til ein midtbanespelar og så stå og vente der.

 Dette var forresten ein periode i lokalfotballen si historie der ei vellukka sklitakling kunne følest like viktig som eit mål, ja, jamvel viktigare, særleg om ho var vakker. Eg kan godt hugse at eg vaks på å setje inn ei saftig takling i Huldalen eller på Høddvoll. Då kunne eg møte på skulen med ein rettare rygg dagen etter.

 På mange måtar har Elvanes sine reglar for ein forsvarar også forma meg som person. Eg vandrar framleis rundt i verda og både tenkjer og oppfører meg som ein høgreback. Ja, faktisk har livet mitt sidan åra med Elvanes i dei fleste samanhengar handla mykje om å stoppe kjeften på den offensive mennesketypen, ein angripar, til dømes ein ving, og eg er overtydd om at dette har gjort meg til ein betre person.

 Ofte lengtar eg tilbake til desse tidene då sidebacken var ein øydeleggjar. Dessverre har kunstgraset utrydda den gamaldagse backen. Ei saftig takling på gras eller grus er framleis ei nyting å sjå, men finst no berre i dei lågare divisjonane. Ei skikkeleg sklitakling i den norske eliteserien er nesten blitt like sjeldan å sjå som paraplyar i Sahara.  

 Kva meir hugsar eg frå desse sesongane med fotball då eg var mellom 13 og 17 år? Draktene som alltid hang til tørk utanfor huset til familien Andersson i Hareid sentrum. Skiftesvis gule og raude duva dei på snorene som kveldsbølgjene ute i Breisundet og gjorde seg klare til neste kamp med nye gutar inni. Sjølv den gongen, då eg framleis hadde svært lite innsikt i korleis saker og ting hang saman her i verda, forstod eg at det fanst foreldre som gjorde ein ekstra innsats for idrettslaget.

 Men reint sportsleg? Den fyrste juniorkampen. Då eg var 15. 0-0 mot Hødd på Hareid stadion. Ein siger for ein høgreback. Etter kampen følte eg meg på høgde med John Marsh i Stoke.

 Kampane mot Bergsøy hugsar eg som spesielle. Det er vel ikkje berre eg som har oppdaga at folk uta Våje er ein eigen rase. Det var dessutan mange «dommarar» på tribuna der ute. Dei «dømde» både hands, offside og straffe. Og det var sjukt irriterande, som ungdomane seier i dag.

 Om ikkje oppgjera mot Hødd var like ampre som mot laga i byen, så hadde dei alltid høg temperatur, med rikelege mengder av kjeftbruk, lårhøner og høg fot. Ingen ville tape ein slik kamp. Uavgjort gav derfor låge odds. Eg har framleis eit arr på venstre kne etter ein ettersleng frå ein Hødd-spelar på grusen der ute (truleg av ein nedsliten grasknott med bly inni). Eg møter han i lokalmiljøet med jamne mellomrom, men nikkar berre så vidt. Han hugsar sikkert, og forstår nok kva det dreiar seg om. Eg skal ikkje nemne namn.

 Eg meiner vi hadde eit ekstra godt juniorlag i 1978. Denne sommaren tjente eg 2400 kr på sommarjobbar. Av desse kjøpte eg meg eit par Adidas Mundial for 800 kr. Det hadde ekte skinn. Og sat nydeleg på foten. Men far min meinte eg var heilt på styr. At eg kunne bruke så mykje pengar på eit par fotballsko! Så reiste vi til Norway Cup. Som fyrste lag frå Hareidlandet. I tre bilar. 

Hugsar eg rett, vart det eitt tap, ein uavgjort og ein siger, men ingen avansement, i ei turnering der Molde, med Jo Nesbø som spiss, vann. Vi såg finalen på Bislett før vi køyrde heimover. Overnatta i telt på ein campingplass på Dombås.  


Året etter vart eg lokka til å bli med på gateløp og stafettar igjen. Det var kjekt å vinne. Friidrettsgruppa var blitt ein stor familie. Og åra rundt 1980 skulle bli gullalderen for løping på Hareid, med stor breidde og sterke resultat.

 

I starten var Kåre Oksavik ein prima organisator i friidrettsgruppa. Etter kvart fekk han god hjelp av brørne Johansen, som både var utmerka løparar, trenarar og leiarar. Særleg Asle Geir si rolle kan ikkje overvurderast. Han var limet i denne gjengen, både sportsleg og sosialt, gjennom svært lang tid, og eit forbilde for mange av oss. Han skjerpa krava om kvalitet og intensitet på treningane, og løfta både gutar og jenter opp til solide prestasjonar.

 Kanskje var stafettsirkuset om våren det skøyaste for dei fleste. Sesongen begynte med Breim, så Holmenkollen,

 før dei lokale stafettane i Volda, Ørsta, Norangsdalen, Sunnylven og Ulsteinvik gjekk av stabelen. 

Stafett var elles midt i blinken for meg. Kjekkare å springe i terreng enn på bane. Helst på gras, over stokk og stein, mellom kyr og sauder, og gjerne med ein motbakke til slutt. Heldig var eg som fekk bli med på sigersrekkene og løyperekordane til seniorlaget i 1980-81! Eg kan hugse at piggsko vart brukt på alle underlag, også asfalt.

 Men kva var det aller største høgdepunktet? Gullet i eliteklassa på Breimstafetten i 1982! Som fyrste sunnmørslag. Vi hadde vunne både B- og A-klassa tidlegare år, og jakta intenst på den aller gjevaste pokalen. Og søndag 3. mai 1982 klaffa det altså for alle ti  på laget. Eg sprang fjerde etappe. 350 meter ned ein gardsveg og inn på det intime Reed stadion med 2500 tilskodarar oppetter dei grønkane bakkane. Det vart ei spennande avslutning med eksil-høddaren Svein Ove Fylsvik, som gjekk i tet på niande etappe, og 16 år gamle Bjarte Mork, som trygga sigeren inn. Ei stor oppleving. Forsterka med ein 25 sekund lang reportasje i Sportsrevyen med Knut Th. Gleditsch som kommentator då vi kom stolte heim om kvelden.

 

Kva meir hugsar eg frå desse siste åra som aktiv løpar? Jau, lukta av sveitte, litervis med sveitte, og lukta av thermal (særleg når det var kaldt ute), men også at treningskleda sjeldan vart vaska, berre tørka, og at det derfor kunne lukte temmeleg stramt i garderobene, både før og etter trening. På ei anna side pussa vi grundig tennene og brukte rikeleg med After Shave på stemne og stafettar, der ein kunne risikere å møte folk ein helst burde gjere eit godt inntrykk på med tanke på det som kunne kome til å skje seinare i livet.

 Dei siste åra begynte det også å demre for meg at utan alle desse  vaksne som hadde vore med som leiarar, trenarar, oppmenn, vaskarar,  sjåførar og hjelparar av alle slag år ut og år inn, hadde eg aldri fått oppleve så mykje lærerikt og skøy, noko som har gjort meg glad kvar gong eg har tenkt på denne tida, heilt fram til dag. Eg har vore svært heldig! Og sjølv om det i fleire tilfelle er for seint no, vil eg likevel seie til alle desse frivillege – Takk! Og takk igjen! Utan dokke o s v.

 

Kåseri framført under 100-årsfesten 

til Hareid Idrettslag 

28. desember 2022 

og prenta i jubileumsskriftet

"Idrettsglede gjennom 100 år" (2022)

(Red: Leiv Arne Grimstad)

  

 

søndag 28. august 2022

Ut av bobla

 Gildt også å motta 
 Møre og Romsdal Fylke
sitt kunstnarstipend for 2022.


Foto: Vikebladet/Vestposten

Frå den fine grunngjevinga til juryen
beit eg meg særleg merke i formuleringa
om at forfattaren vil
"trå litt ut av si vante boble"
med dei prosjekta han har planlagt
å jobbe med framover.
Skøy! 
Men også forpliktande.
Stor takk!

Talen om Rasofiel

17 mai
heldt eg talen 
då statua av Rasofiel Rise skulle avdukast 
ved Vonheim på Bigset.  


Foto: Vikebladet/Vestposten

Det var, 
som nokon skreiv i avisa, 
ei gild stund,
med mykje folk,
i godt ver,
og helsingar og song, 
av Ulstein mannskor og Grimstadkoret,
med god lyd.
Kjekt 
å få vere ein del 
av denne flotte markeringa.
Stor takk!

fredag 8. april 2022

Åttande april / Seint om kvelden

Oslo. Åttande april. Seint om kvelden. I eit rom på ein kaserne. Ved Befalskolen for Hærens artilleri. Luftvernlinjen. Utanfor Akershus festning. Sit karane. Bøygde over bordet. Dei studerer kart. Les instruksar. Noterer. Slikt ein må hugse. Neste dag er det eksamen. I feltarbeid. Ingen veit korleis oppgåva blir. Kva som kjem. Kvar dei skal. Men det er viktig å bu seg godt. Så tek far bildet. Med eit Kodak Brownie fotoapparat. Knips. Tre unge menn. Gode kameratar. Bøygde over eit bord.


Dei er knapt komne i seng. Har nyleg sovna. Så går alarmen. Klokka er halv eitt. Den nye dagen. Niande april. Han har så vidt begynt. Så er det opp. Så er det ut på gangen. Dei trur det er eksamen. Ein litt ny vri. Noko meir realistisk enn tidlegare. Altså berre ein test. Så høyrer dei nokon i trappene. Stega er lette. Raske. Dei rettar seg opp i ryggen. Pressar hælane mot kvarandre. Så kjem løytnanten inn. Han verkar rolegare enn vanleg. Men også hardare. Han ser på kvar einskild. Auge møter auge. Kvart ord banar veg for det som skal hende. Det er rapportert om fly i sør. Ein heil sverm. Og ein diger kryssar er observert ved Færder. Gjer dykk klare, seier løytnanten. De kjenner stillingane, held han fram. Full mundering! Løytnanten hastar vidare. Dei skal aldri sjå han att. Så er det inn på romet. Og så ut i natta. Det er eksamen. Springmarsj mot vest. Til kanonene ved fjorden.

tirsdag 29. mars 2022

Handens rørelser över pappret

For oss som har undervist i skulen ei stund, er den svenske gymnaslæraren Filippa Mannerheim si bok Konsten att undervisa. Om lärarens hantverk (2021) interessant lesnad. Ikkje fyrst og fremst fordi ho sår tvil om verdien av den gjennomgripande digitaliseringa av læringsarbeidet frå barnehage til universitet som har gått føre seg i Norden dei siste 15-20 åra, men kanskje mest fordi ho trekkjer fram læraren som kunnskapsformidlar nummer ein og den trykte læreboka som sjølve navet i undervisninga si framdrift. Ho understrekar også betydninga av å lese lengre tekstar (gjerne høgt) og å skrive for hand – i eit knyststilt klasserom (med mobilforbod).

Foto: expressen.se

Reaksjonært? Tja, kanskje – om ein ynskjer at skulen skal utvikle seg slik den gjer – mot ein heildigital, skjermbasert læringskvardag frå borna er små til dei blir vaksne. Fornuftig? Ja, truleg, om ein legg forsking og erfaring til grunn for den praksisen ein vel som lærar.

Mannerheim baserer seg mellom anna på Jonas Linderoth (pedagogikkprofessor og forskar på dataspel) si bok Lärarens återkomst. Från förvirring til upprättelse (2016), som tek eit kraftig oppgjer med demoniseringa av den tradisjonelle læraren, og som samstundes formulerer ein skepsis til individualiseringa i den svenske skulen. Eleven skal, meiner han, i langt større grad tilpasse seg fellesskapen, altså klasseromsundervisninga – og ikkje omvendt. 

Ho byggjer også på Eva Malm (med bakgrunn frå Steinerskolan og Waldorflärarskolan i Göteborg) si bok Handen som handling. Om kultur och bildning (2016), som understrekar handskrifta si heilt avgjerande betydning for læring.

Mannerheim funderer også synet sitt på nyare hjerneforsking. Til dømes hevdar Anne Mangen, som er professor ved Reading centre ved Universitetet i Stavanger, at det oppstår eit nært samspel mellom motorikk (rørsleevner), kognisjon (intellektuelle funksjonar), persepsjon (tolking) og emosjonar (kjensler) når vi skriv for hand. Fleire ulike delar av hjernen vert aktiverte samstundes. Dette styrkjer læringa. 

Den svenske hjerneforskaren Göran Lundborg er inne på det same i Handen i den digitala världen (2019): "Handens rörelser över pappret" skaper minnespor i hjernen, som er viktige for at vi skal hugse kva handa vår skriv ned. "Minnet av själva handrörelsen har betydelse för igenkänning av bokstavarna" held den finske hjerneforskaren Mona Moisala fram i artikkelen "Lär vi oss sämre om vi slutar skriva för hand?" (Svenska Yle 2017).  

På nesten same vis argumenteter professor Audrey van der Meer ved NTNU: "Ved å bruke håndskrift skapes det mye mer aktivitet i de sensomotoriske delene av hjernen". "Gjennom å trykke pennen på papiret, se bokstavene man lager og høre lyden av å skrive, aktiviseres mange sanser. Dette skaper kontakt mellom ulike deler i hjernen og åpner den opp for læring. Vi både lærer bedre og husker bedre" (forskning.no 15/9/2020). Dette er heilt i tråd med dei banebrytande forskingsresultata frå Princeton University i 2014 (jamf Pamela A Mueller/Daniel M Oppenheimer i Psychological Science 6-14)  som viste at handskrifta skaper heilt avgjerande læringsspor i hjernen - som tastaturet ikkje greier. 

Men er dette ny kunnskap? Allereie då vi studerte pedagogikk i byrjinga av 1980-talet, lærte vi om samanhengen mellom sensomotoriske stimuli og intellektuell utvikling. Vi har eigentleg visst det heile tida, men har kanskje ikkje kunna slå det skikkeleg fast før no. 

Kvifor held vi så likevel fram i den leia vi gjer – med nettbrett og PC-ar, i så å seie alle læringssituasjonar, ikkje som hjelpemiddel, instrument vi kan nytte oss av der dei trengst (og som vi skal gle oss over finst), ja, der dei er føremålstenelege, men som sjølve arenaen for all undervisning - frå borna våre er tre år og oppover? Skal ikkje skulen basere seg på vitskap? Skal ikkje skulen vere lærandeJau, det stend so skrive. 


Så – er det då ut med PC-en og inn med den gamle skulemeister-pedagogikken? Nei, sjølvsagt ikkje. Vi skal bruke dei digitale hjelpemidla når - og der - dei fremjer læring. For vi skal  ikkje ha noko anna mål enn dette – å skape mest muleg læring. 

Og der er altså handa viktig, viser forskinga. Det vi skriv med er viktig. Og rørslene. Teikna. Jamvel lydane når dei vert forma på papiret.

Så får kvar og ein finne ut kva som funkar for sine elevar – i sitt klasserom – ut frå den kunnskapen vi tileignar oss langsmed. Det er ein kunst. Og heldigvis står kunstnaren fritt her – han vel dei reiskapa som han synest eignar seg best til å gjere det arbeidet han er sett til. Det har vi både lovverket og utdanningsministeren sitt ord på. 

søndag 27. februar 2022

Vakre skot

 

FOTO: Bergens Tidende


Høddvoll,24.august 1966:

 Hødd mot Lyn. Eg er fire år. Sit klemd mellom mor og bror på tribunen. Det opnar bra. Hasund-brørne herjar. Hødd leiar 3-0. Men Lyn et seg inn på. 3-1. 3-2. Kampen står og vippar. Så riv Kjetil Hasund seg laus frå markeringa. Fyrer av med høgra frå 30 meter. Ballen fyk opp i nettaket. Alt er fyrst heilt stille. Så kjem eksplosjonen. Den veldige bylgja av glede, latter og rop. 4-2. Såg eg skotet? Nei. Høyrde eg det? Ja.

 

Marseille,23.juni 1998:

 Norge mot Brasil. Eg er trettiseks år. Sit framfor TV-en. Saman med kjerring og ungar. Stillinga er 1-1. 87 minutt er spelt. Ein brasiliansk spelar dreg Tore Andre Flo i trøya. Innanfor 16-meteren. Det er straffe. Kjetil Rekdal tek fart med gule sko. Plasserer skotet hardt og til sides. 2-1. Arne Scheie brøler. Så går vi ut. Deler inn i to lag. Born. Vaksne. Kveikjer jonsokbålet. Spelar til natta blir dag.

 

 Ullevaal,25.november 2012: 

Hødd mot Tromsø. Cupfinale. Eg er femti år. Sit saman med svigerfar i den blå svingen. 1-1 etter ordinær tid. Straffekonkurranse. Tromsø har bomma tre gongar. Hødd to. Andreas Rekdal tek  den siste straffa. Pang i krysset. 4-2. Svigerfar og eg omfamnar kvarandre for aller fyrste gong. Tromsø-svingen brått tom. Glade bilar heim over Strynefjellet.

 

Tre favorittar/Dag og Tid/250222