fredag 9. september 2016

Øystein Orten: Brevet til Rosalin (2016)

Sterk brevroman




Å skrive ein roman i brevs form, eller eit brev i romans form, har tradisjon tilbake til 1700-talet i europeisk skrivekunst, i vår heimlege litteratur har både Camilla Collett, Jonas Lie og Sigrid Undset levert bidrag. I nyare tid har fleire av dei yngre prøvd seg på denne undergruppa av romansjangeren, ein av dei er Øystein Orten med den rykande ferske romanen Brevet til Rosalin. Orten, kritikarrost sunnmøring med slekt frå Sandøy, har vist seg som ein allsidig forfattar, tidlegare har han gitt ut både dikt, noveller og tekstsamling, romanar, også ein historisk roman, dokumentarbok og nå altså ein brevroman.

Det er den gamle, kreftsjuke Johannes som skriv brev, eit så langt brev at det blir roman av det. Fleire forhold gjer at dette er eit høgst uvanleg brev, faktisk eit nokså skakande brev viser det seg etter kvart. Ikkje er det stila til ein person han kjenner og ikkje skriv han i særleg grad om sjukdommen sin. Derimot skriv han mykje om tragiske hendingar som ligg bak i tid, om farfaren som braut saman då han miste to søner på sjøen, hans eiga kone som drog frå han og dottera som omkom i ei trafikkulykke. Vidare fyller han brevet med blant anna bygdeskildringar, personportrett, samfunnskritiske refleksjonar og tankar om si eiga problematiske kristentru.

Men spørsmålet blir ståande:
Kven er denne Rosalin som han skriv til og kvifor? Her gjeld det for ein anmeldar å ikkje trø utanfor, for eit ord for mykje kan avsløre sjølve hovudpoenget med historia i romanen, og det vil vere stor synd overfor lesaren! Denne sida ved boka er ikkje ulik eit typisk trekk ved ein kriminalroman: Den finurlege og gradvise avdekkinga av ei tragisk og dramatisk hending som skjedde ein gong i fortida og som endra livet for mange. Innimellom alt det andre Johannes skriv om, går det ein raud tråd frå han til Rosalin som handlar om eit oppgjer han må ta med seg sjølv og livet sitt. Der ho også er sterkt involvert utan at dei to kjenner kvarandre eller har møtst.

Øystein Orten har
komponert historia på ein oversiktleg måte ved å forsyne kvart kapittel med datering (hugs at det er eit brev), og ofte i tillegg namnet på ein merkedag i kalenderen. Boka dekker om lag eit års brevskriving i notid, med einskilde tilbakeblikk på det fryktelege som skjedde den gongen. Bipersonane skaper liv og røre, og faktisk ein porsjon humor, i forteljinga: heimehjelpa Marianne med si «nesten erotiske stemme», godguten Asle med talefeilen sin, katten Pjask som heng i sprossene når Johannes står opp, og andre. Språkleg har Orten utvikla ein nesten minimalistisk refleksjonsstil i denne boka, ein stil som kler Johannes godt der han grunnar over dei viktige hendingane i livet sitt, og i livet til mange andre for den del. Brevet til Rosalin stadfester Øystein Ortens posisjon som ein glimrande prosaist.


Jostein Sæbøe

9.9. 2016






























































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar