onsdag 2. november 2016

REN SNØ

Nauta skøy 
var det å få med ein skitur over Hareidlandet
i denne antologien:

REN SNØ
Vidar Kvalshaug (red)
Cappelen Damm (2016)



Teksten var opphaveleg biletkommentarar til eit blogginnlegg under tittelen 
PÅSKE I ALLE RETNINGAR 10.april 2012. Desse har så redaktøren sett saman til ein heilskap som til slutt vart slik:


Ruta:
Kommunegrensa-Gamleeidet-Hofsetmarka-Kiberget-
Mosvarden-Bigsetselet-Dalsmunnen-Skafjellet-
Grimstadskardet-Gjerdeskogen-Heim.

Til saman godt og vel 11 km.
Forresten same lengd som Jerusalem-Emmaus.

Men dei to eg møtte, kjende eg frå før.
Ein trønder på klister og ein snikkar med hund.
Ingen overraskingar.

Turen tok heile 3 timar (inklusive gode pauser).
For føret var slettes ikkje godt.
Snøen var meir som kaldt smør med innslag av
havregryn
og gav heller dårleg glid.
Men for oss som ikkje er utskjemde med
ferdigpreparerte løyper,
var dette likevel ein flott tur.

Stabbinga i den krame snøen betalte seg.
Eg fekk sjå nordover.

Frå Skafjellet (der det alltid er vind)
ser vi dei fleste av øyane
på Nøre Luten
(eller Nåra-i-Djupa,
som gamalt folk framleis seier).

Altså nordover.
Med utgangspunkt herifrå.
Tilsynelatande ein forlaten stad.

Men eg seier til meg sjølv igjen og igjen:
Dette er ikkje periferien.


Øystein Orten



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar