tirsdag 8. november 2016

Øystein Orten: Brevet til Rosalin (2016)

EI SPENNANDE ORTEN-BOK
Brevet til Rosalin er hareidsdølingen Øystein Orten sin kortaste roman, men samtidig den mest spennande
Boka, som er Orten sine femte roman, er på ca 100 sider i eit relativt lite format. Men har ei fortetting og ein språkleg spenst – og ikkje minst ei gåtefull utvikling - som må engasjere.
Hovudpersonen, eg-personen, som skriv brev til denne Rosalin, er ein eldre enkemann i ei bygd ved havet. Ja, alle som les boka vil forstå at forfattaren hentar motiv, miljø og landskap frå sin eigen heimstad og kringomliggande øyar og dalstrok. T.d. det faste innslaget når svanene kjem «heim» frå det høge nord i oktober, legg seg til på vatnet og syng.
Eg-personen Johannes er tidlegare lærar av den typen som står like høgt som presten i bibelkunne og elles også er rimeleg lærd. Han kan blant anna sin Platon.
Denne Johannes vart utkalla til teneste ved krigsutbrotet i april 1940. No går han i sin seine alderdom og ventar på å få forlate denne verda. Han var med i eit kompani som tok seg fram Romsdalen for å møte den tyske hærmakta. Det er i denne samanhengen «Rosalin» dukkar opp.
Men kven «Rosalin» er, får ikkje lesaren vite før forfattaren gir grønt lys for innspurten. Er ho ei tidlegare elskarinne? Ei Johannes har eit «skjult barn» med? Er ho kvinna han burde ha brukt livet på?
Lesaren vil nok la seg trekke i den leia. Men etter kvart opnar det seg ei anna forståing, når Johannes tek oss med på minnereisa fram Romsdalen - og vi samtidig får vite at ein annan person – ein tysk soldat, som håper krigen snart er over, og som likar betre tilbaketrekningar enn framrykningar, kjem oppover Gudbrandsdalen.
Meir skal eg ikkje røpe. Rosalin er ein godt gøymd figur til langt inn i sluttkapitla. Men der opnar romanen seg, alt sprett ut, løyser ut spenninga og gir innsikter i Johannes sine samvitskvaler.
«Brevet til Rosalin» vekslar mellom kvardagen i bygda og dramatiske krigsminne. Ting skjer og mennesket kan hamne i tilfeldige posisjonar – posisjonar som fører til handlingar som skaper behov for oppgjer og forsoning – før døden kjem og ryddar bordet.
Bokomslaget viser ein tjeld på eit lite skjer i ein solnedgang, teikna av Magnus Osnes. Hovudpersonen Johannes i fugleham. Åleine i dette store, veldige landskapet – åleine med ein løyndom som trenger seg på.
Det går fram av romanen at Øystein Orten har arbeidt mykje med språket. Med fint tilskorne kvardagsglimt og med grammatiske splitthopp som ein streng gymnaslærar nok ville ha slått ned på. Men eit ord er også eit bilde – og forfattaren dermed også ein bildande kunstnar. Slik sett kan reflekterande tankar stå fram som reinskorne tankeblokker, som på side 91: «Så med eitt. Medan vi var oppslukte av den gode maten. Medan vi slurpa og togg og sleikte. Lyden av flymotorar.»
«Brevet til Rosalin» er eit vel utført diktverk. Men eg er ikkje sikker på om dvelinga ved tidlegare tragiske hendingar i slekta til hovudpersonen (då Krestaver og Olaf drukna under ei kollsigling med åttringen «Livingstone») er nødvendig å ha med. Johannes lever i etterdønningane frå denne familietragedien, men det er fenomenet «Rosalin» som gjer «Brevet til Rosalin» interessant og spennande.

Leiv Arne Grimstad
17. 9. 2016

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar