tirsdag 10. april 2012

Påske i alle retningar

Påska er over.
For min eigen del vart den fysisk-egoistiske delen av ferien
 avslutta
med ein skitur 
frå Ulstein til Hareid
i solglimt, regndropar og fleirfoldige varmegrader.


Hareid - meir enn eit trafikalt sentrum.

Ruta:
Kommunegrensa-Gamleeidet-Hofsetmarka
-Kiberget-Mosvarden-
Bigsetselet-Dalsmunnen- Skafjellet-Grimstadskardet-
Gjerdeskogen-Heim.

Til saman godt og vel 11 km.
Forresten same lengd som Jerusalem-Emmaus.



Ein S i Osnesdalen - for ho som ventar med middagen.

Men dei to eg møtte på vegen, kjende eg frå før.
Ein trønder på klister og ein snikkar med hund.
Ingen overraskingar.


Frå Mosvarden - i retning Sulafjellet.

Turen tok heile 3 timar (inklusive gode pauser).
For føret var slettes ikkje godt.
Snøen var meir som kaldt smør med innslag av havregryn
og gav heller dårleg glid.



Bigsetsetra - med Bjåstadselet i bakgrunnen.


Men for oss som ikkje er utskjemde med ferdigpreparerte løyper,
var dette likevel ein flott tur.



Andre påskedag - vegvisaren i Dalsmunnen er også ein kross.

Stabbinga i den krame snøen betalte seg.
Eg fekk sjå nordover.



Nordøyane - sett frå Skafjellet. Ein studie i blått.


Frå Skafjellet (der det alltid er vind)
ser vi dei fleste av øyane
på Nøre Luten
(eller Nåra-i-Djupa,
som gamalt folk framleis seier).



Retninga nord - mellom fjella Skulen og Gamlemsveten.

Altså nordover.
Med utgangspunkt herifrå.
Tilsynelatande ein forlaten stad.


Men eg seier til meg sjølv igjen og igjen:
Dette er ikkje periferien.





Sentrum i universet - det er her.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar