onsdag 8. april 2020

EI LITA HISTORIE OM KRIGEN

Åttande april for nøyaktig 80 år sidan sit far på eit firemannsrom i ein kaserne på Akershus festning og bur seg til eksamen neste dag. Han er elev ved Infanteriet sin befalsskule for Luftvernartilleriet og skal ha prøve i Feltarbeid. 

Men klokka 0025 i det nye døgnet vert han og skulekameratane hans vekte av alarmen, og etter oppstilling i gangen får dei beskjed frå den unge fenriken om at det er observert fiendtlege skip ute i fjorden, og dei må gjere seg klare til krig og møte i full utrustning på 10 minutt.



Slik startar eksamensdagen for dei 35 elevane ved denne linja på befalsskulen. For far sitt vesle lag på fire mann vert det fyrst ein springmarsj ut i natta, til luftvernstillinga ute på Huk, der Bofors-kanonene viser seg å vere saboterte, gjort ubrukelege, truleg av svikefulle norske offiserar, så vidare til ei ny luftvernstilling på Smestad, der dei frå kl 0715 ved hjelp av ein stor lyskastar opnar eld med to mitraljøser mot dei tyske flya som no kjem siglande over byen.



Fienden møter nesten ingen motstand frå dei norske Gladiatorane, som har hatt problem med å lette frå Fornebu, noko som også gjer det muleg for dei tyske flya å lande der,og få kontroll over flyplassen, noko som igjen fører til at den unge fenriken, som saman med laget sitt har gjort alt for å forhindre dette, skyt seg, for å unngå å bli arrestert og pressa for vitale opplysningar.


Trass den tunge beskjeden,som kjem over radiosambandet rimeleg kjapt, held dei fram kampen frå taket på Smestad, men ved middagstider, då fem tyske fly er skotne ned over Oslo, dukkar ein ukjend norsk offiser opp og ber karane om å innstille skytinga, leggje frå seg våpena og vende tilbake til kasernen på festninga, der dei så blir arresterte av ein tysk feldwebel, samtidig som dei ser at dei overlevande frå "Blücher" blir borne inn på roma deira, som heretter skal brukast som lasarett.

Dei arresterte befalsskuleelvane blir så stuva inn på festsalen, der det etter kvart blir trangt om plassen, og far blir liggjande under eit flygel, uroleg for kva som kan kome til å skje, til neste dag, den tiande april, den såkalla "panikkdagen", då rykta går om at britane kjem til å bombe Oslo, noko som fører til at 200 000 menneske i all hast forsvinn frå byen, 



og under ein flyalarm rømer også far og ein romkamerat frå Flisa, ut frå kasernen, dei spring det dei greier over festningsplassen, til Østbanen, tek toget til Lillehammer, visst nok ståande på ein fot, og melder seg for politimeisteren der, som straks rullerer dei inn i Øst-Oppland Infanteriregiment, IR 5.

Saman med vaktlag frå dette regimentet blir far med på å opprette ein fangeleir i Lom, for tyske soldatar frå trefningane ved  Strandlykkja, og muligens også fengsla fallskjermsoldatar frå Dombås, før han vert send sørover igjen, etter ordre frå generalmajor Hvinden-Haug, som vil ha alle artilleristar til Tretten, og plassert på eit mitraljøselag frå Møre Infanteriregiment, IR 11, og han blir såleis med i kampane her, og seinare ved Kvam, der kyrkja vert sett i brann, og der mange soldatar kjem bort frå kvarandre, baskande gjennom mykje skog og roten snø i fjellsidene. 

Bak sperringar, og ved såkalla "beverdemningar", oppetter langs Lågen held så mitraljøselaget fram med å skyte mot tyske fly, som er einerådande i lufta, men særleg mot stridsvogner, som stendig et seg nordover, og som dei kan høyre raslinga frå på lang avstand. Men kulene bit dårleg, heller ikkje IR 11 har kraftig nok panservern eller feltkanoner som kan stoppe den tyske framrykkjinga, dei kan berre seinke og forhale, og så rygge tilbake, lengre og lengre tilbake, til Churchill, etter store tap, gir ordre om at dei britiske avdelingane i Gudbrandsdalen skal trekkje seg heilt ut, slik at  forsvaret av Sør-Norge fell saman, og dei to stridande bataljonane i IR 11 går fullstendig i oppløysing.

Med beskjeden om at einkvar må kome seg attende til forlegninga si som best ein kan, kjem far seg, etter to dagar og to netter, for det meste springande, jamsides med engelskmennene, som stel mat og syklar frå gardane nedetter Romsdalen, og saman med nokre karar frå IR 11, den siste biten med tog, til eit brennande Åndalsnes, får mat med nokre lotter på ein suppestasjon, og når endeleg Setnesmoen, der han tre år tidlegare har gjennomført fyrstegangstenesta. 

Han grev ned Kragen og resten av ammunisjonen i eit skogholt ved Eidsbygda, før han haikar vidare til Molde,


som framleis luktar svidd etter alle brannane som bombene frå flya har skapt, der han søv i eit kaiskur i tre netter, før han endeleg får båtskyss heimover, utasunds, til dei små øyane heilt i vest. Her melder han seg for lensmannen. Får beskjed om å ikkje reise heim. Men vente på nye ordrar. Sør-Norge har kapitulert. Men Nord-Norge kjempar vidare. Det er den tredje mai 1940. 24 dagar har gått. Framtida er uviss.


Kjelder:
Intervju med far i 1995.
Portrett av far (april 1940)
digitaltmuseum.no
festningsverk.no
oslobilder.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar