mandag 10. mai 2021

Fenrik Stål og Willy Brandt


Om far Ejlert og son André Bjerke si norske gjendikting av Johan Ludvik Runeberg (1804-1877) si  bok "Fänrik Ståls sägner" (1848/60) utgitt på Gunnar Stenersens forlag som "Fenrik Stål - en samling sanger" i 1944 er det sagt mangt og mykje.

Dei fleste av dei 35 songane i det finsk-svenske nasjonaleposet tematiserer både svik og heltemot med bakgrunn i forteljingar frå den svensk-russiske krigen, som enda med at Finland gjekk tapt for Sverige i 1809. Altså eit litterært verk gjennomsyra av fedrelandskjærleik - og det vi gjerne kallar gode nasjonale haldningar. Den fyrste teksten i "Fänrik Ståls sägner" er "Vårt land, vårt land, vårt fosterland", som seinare skulle bli den finske nasjonalsongen. Seinare får vi høyre om heltane - den oppofrande Lotta Svärd, som blir med mannen sin i striden, og den einfaldige, men botnpålitelege soldaten Sven Duva, som døyr på sin post: 

"Han hade kämpat ut/han hade kämpat som en man, och striden, den var slut".


Men i Willy Brandt sitt tobandsverk "Krigen i Norge", som kom ut på Aschehoug allereie hausten 1945, levnar den tyskfødde forfattaren, som under eksilet i Stockholm hadde arbeidd som journalist med nære kontaktar til den illegale pressa i Norge heilt frå juli 1940 til krigen sin slutt, liten tvil om kva kontekst dette gjendiktingsarbeidet skulle forståast i - nemleg kulturkampen og kulturfronten - motstanden mot "nyordninga", altså nazifiseringa i brei skala, ved norske universitet, høgskular, galleri, museum, teater, aviser og forlag m m - noko som hadde ført til avsetjingar, fengslingar og jamvel deportasjonar til konsentrasjonsleirar av rektorar, direktørar, redaktørar og forleggjarar m m frå 1942 og frametter.

"Ved siden av kampen mot de politiske krav overfor høyskolene var det især forleggerstriden som preget stillingen på kulturfronten sommeren og høsten 1942. De første alvorlige nyordningsforsøk på dette felt ble gjort høsten 1941, etter at formannen i Den norske forleggerforening, Harald Grieg, var blitt sendt til Grini" (bd II s 110).

"I begynnelsen av 1942 ble forlegger Gunnar Stenersen innsatt som formann for forleggerforeningen. Samtidig kom loven om tvangsmedlemskap i denne organisasjon" (bd II s 111).

Primus motor for"nyordninga" og einsrettinga i kulturfeltet var Propagandadepartementet, styrt av statsråd Gulbrand Lunde (til han blei drepen i oktober 1942). Parallelt med fjerninga av "ukunst" av malarar som Picasso, Braque, Per Aulie og Per Krohg m fl frå galleri og andre offentlege rom, arbeidde denne instansen også hardt for å sette "unasjonale" forfattarar og bøker på svartelister.

"I virkeligheten forsto alle at departementet ikke bare ville ha adgang til å forby og legge beslag på bestemte bøker, men at det også skulle bestemme hva slags bøker som skulle gis ut på hvert enkelt forlag. Som følge av dette meldte samtlige forleggere seg ut av foreningen.....Gunnar Stenersen sendte ut meddelelse om at utmeldelsene ikke kunne godkjennes" (bd II s 111).

Det er truleg liten grunn til å tvile på dei fakta og opplysningar som Willy Brandt legg til grunn for si forståing av kulturkampen desse åra. Dei samsvarer i stor grad med andre kjelder. Men skrivesituasjonen er unik, og framstillinga original, konsis, samanfattande - og fersk! Heile tobandsverket vitnar om svært god kjennskap til forholda i Norge - slik dei nettopp hadde vore. 

Kunnskapen om kulturfronten under krigen gjer gjendiktingsarbeidet til far og son Bjerke problematisk å bortforklare. Det blir vel vanskeleg å kalle det noko anna enn samarbeid?

Men igjen - kor tungt skal denne handlinga vege - målt opp mot alt det andre tyskgagnlege arbeidet (stikkord: brakker, flyplassar, forsvarsanlegg) som mange nordmenn trass alt var med på - utan å få reaksjonar på det - ved oppgjeret sin time - då freden kom? 

Og - kva kostnader ville det ha medført å la vere?

Ein av "skurkane" i "Fänrik Ståls sägner" er viseadmiral Carl Olof Cronstedt, ein tidlegare helt frå sjøkrigen mot russarane, som overga festninga Sveaborg til fienden i 1808 - utan større kamp. 

Så kanskje ligg det ein liten ironi i dette - at verket som vart gjendikta til norsk av Ejlert og André Bjerke i 1944 - med okkupanten i ryggen - formidlar verdiar og haldningar som vi heilt fram til i dag har sett på som gode - og som på underleg vis kan ha fungert som ein dolk mot okkupanten sitt hjarte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar