tirsdag 22. februar 2011

Alberto Moravia: Romerinnen



Alberto Moravia (1907-1990) var  ein svært produktiv forfattar. Etter debuten med  Gli indifferenti (Dei likegyldige) i 1929 gav han ut meir enn 50 bøker, for det meste romanar, noveller, reiseskildringar og essays. Moravia var innfødd romar og budde det meste av sitt vaksne liv i Via dell`Oca like ved Piazza del Popolo. Som sin nære ven filmregissøren Pier Paolo Pasolini (som han bygde eit flott feriehus rett sør for Ostia saman med) var han antifascist og kommunist (Moravia vart valt inn i Europa-parlamentet i 1984). 

Hovudprosjektet til denne diktaren er kritikken av det borgarlege samfunnet. I motsetnad til forfattarkona Elsa Morante (dei var gifte frå 1941 til 1962) og til dømes Guiseppe Tomasi di Lampedusa verkar han uinteressert i den italienske historia og føresetnadene for den italienske nasjonen. Idealet hans er Afrika (som han vitja fleire gongar): Det frie mennesket utan historie.

Det mest typiske ved forfattarskapen hans er likevel studiet av menneske som er likegyldige til verda i kring seg og atmosfæren av tristesse og livstrøyttleik. Mange av personane hans ser ut til å gå på tomgang både mentalt og sjeleleg (om det går an å bruke eit slikt ord). Det verkar som om seksualiteten er det einaste som fyller dei mennesklege relasjonane med liv. Såleis blir erotikken eit sentralt element i dei fleste av Alberto Moravia sine bøker.    

Denne romanen, som vart gitt ut fyrste gongen i 1947, skildrar vegen til prostitusjon. Den unge Adriana byrjar som modell for fattige malarar, men eit tungt press frå si kravstore mor (som ikkje vil at døtra skal ta til takke med kva mannfolk som helst og heller ikkje gjere dei same tabbene som ho sjølv har gjort) og den meir enn tvilsame venninna Gisella fører henne bort frå kjærasten Gino og inn i Romas snuskete bakgater.

Om det er lengten etter materiell velstand (”å leve det normale liv jeg alltid har lengtet etter”) eller lenka av meir eller mindre uheldige val som fører fram mot denne yrkeskarrieren, kan ein sikkert diskutere.

La Romana dveler ikkje ved djupsindige refleksjonar, men skildrar einfaldige Adriana i møtet med dei mennene som vil utnytte henne. Serien av opptrinn, der det eine fører til det andre, blir kommentert av den truskuldige jenta på eit ope og nøkternt vis. Livet frustrerer henne. Ting utviklar seg ikkje slik ho hadde tenkt:

”Kanskje det mystiske i livet ligger nettopp i dette at de egenskapene som alle er enige om å kalle gode, i virkeligheten bare gjør oss enda mer ulykkelige.”

Omgjevnadane spelar ei overraskande lita rolle i denne romanen (jamfør tittelen). Roma er forfattarens heimby (noko som viser att i mange av tekstane hans), men gatene, piazzaene, kyrkjene og det alltid frodige folkelivet utgjer inga sjølvsagt ramme for historia her. Ein saknar den varme lufta, luktene, lydane. Den særeigne romerske atmosfæren (nokon vil seie tilstanden) er mesta fråverande. Språket i teksten er svært enkelt, ofte infantilt, nesten platt. Det er dei ytterst trivielle episodene i Adrianas unge liv som driv forteljinga vidare. Til saman skaper dei eit portrett av jenta sitt indre landskap. Teksten får preg av ei eksistensiell uro. Men trass i grunnfargar av underkasting og fornedring er her framleis lyse glimt av uskuld og empati:

”Disse tankene gjorde meg enda sikrere på at alle mennesker i hele verden er noen ynkelige skapninger som en må synes synd på – om ikke annet, så fordi de er til”.

Det vert sagt at Moravia hadde til føremål å lage ei novelle av dette tekstmaterialet. Resultatet blei ein roman på 360 sider (den norske utgåva frå 1987). Trass i at forteljinga utstrålar ein viss sjarm, er Romerinnen etter underteikna si meining ikkje av Moravias beste utgjevingar. For dei som vil bli kjende med denne spennande forfattarskapen, vil eg heller tilrå å byrje med La Ciociara frå 1957 (i norsk omsetjing som To kvinner  i 1959 og filmatisert med ei strålande Sophia Loren i hovudrolla i 1960) eller 1934 (1982), som vart utgjeven på norsk i 1991.

Uansett: Romerinnen vart ein salssuksess av dimensjonar. I USA selde romanen i over ein million eksemplar. Det var rekord for ei italiensk bok heilt til Umberto Eco gav ut Rosens navn i 1980.




1 kommentar:

  1. Ecos bok (Rosens navn) solgte femti millioner!

    SvarSlett