lørdag 12. februar 2011

SOLA KLYV HORNET

Så har også eg kasta meg ut i bloggverda. Det er absolutt IKKJE for å konkurrere med dei mange flinke familiemedlemane som kan dette mediet. Bakgrunnen er rett og slett eit ynskje frå ulike medspelarar innanfor bokbransjen: Bli sett! La folk få vite om kva du styrer med! Om dette er den beste måten, står att å sjå. Uansett: Om eg får tid framover, skal eg prøve å leggje ut litt informasjon om dei bøkene eg har skrive (og kanskje også eitt og anna om det eg emnar på). Det er heller ikkje umuleg at eg kan finne på å dele nokre tankar rundt ei bok, ein film, ein fotballkamp e l. Truleg er dette altfor optimistisk. Men eg let det stå til. I dag - den tolvte februar - har sola for fyrste gong i år klivra Melshornet og fylt Hareidsdalen med sol frå morgon til kveld! Det gjer faktisk noko med humøret. Oss snakkast! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar