onsdag 13. juli 2011

RUPE TARPEIA

Den tarpeiske klippe

"Det er ikkje langt frå Capitol til Den tarpeiske klippe".


Med andre ord: Det er ikkje langt frå maktas tindar til undergangen.
 
I fylgje opphavsmannen til dette munnhellet, den franske greven Mirabeau, er det  faktisk berre eitt steg.
 
 
 
 Den tarpeiske klippe er ei fjellskrent på Capitolo.



I antikken var dette avrettingsstaden i Roma.
 

Her kasta dei forrædarar og andre statsfiendar utfor til den sikre død.
 
 
 
 Seinare plasserte romarane galgen på denne berghylla. 


Berre hundre meter bortanfor låg Forum romanum og Senatet, senteret for religiøs, politisk og økonomisk makt.

Denne tragiske staden - stupet - er oppkalla etter ungjenta Tarpeia, som (ein kveld ho var ute for å bere inn vatn) vart overtalt av sabinarane til å opne portane til borga på Capitol slik at dei kunne sleppe inn og hemne "sabinarrovet" (romerane hadde på 700-talet f. Kr. stole alle dei vakre sabinarkvinnene for å avle born med dei).
 
 
Som løn for strevet skulle ho få alle gullarmband og perleringar som krigarane bar på venstrehendene.



Sabinarane heldt avtalen, men ikkje slik som Tarpeia tenkte.
Dei betalte for forræderiet ved å klemme jenta i hel mellom skjolda sine (som dei jo heldt på venstrearmane).



Det høyrer med til historia at då sabinarane storma borga til romarane på Capitol, sprang dei fanga (og truleg gravide) sabinarkvinnene i mellom og tvang fram ei forsoning mellom dei to folkeslaga.



Det vert sagt at den europeiske skikken med å bere brura over dørstokken, har sin bakgrunn i sabinarrovet.
 
 
Ein umiddelbar assosiasjon går også til røvarane i Kardemomme by som stal Tante Sofie.



Vi lister oss så stilt på tå o s v.
 
 
Eg meiner å hugse at den historia fekk ein lukkelegare slutt.
 
 
Men Tarpeia, stakkar, forblei ugift. 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar