fredag 22. juli 2011

Agape

Tjueandre juli 2011.


Ingen kjem til å gløyme denne dagen.

I skrivande stund er mykje framleis usikkert.

Men ein er viss på at noko forferdeleg har skjedd.


Mange liv er gått tapt. Mange er blitt skadde.

Endå fleire er blitt redde, utrygge, fortvila, sinte.

Jamvel sjuke.  

Og vi kan ikkje gjere anna enn å sende varme tankar til dei som er blitt råka.



Tjueandre juli 1962.

Saman med fleire av dei som skulle bli mine skulekameratar,

vart eg døypt i Hareid kyrkje.

Jon Bjørlykke var prest.

Kanskje nokon hugsar han.



Og utan at eg er nokon teolog, så har eg forstått det slik at vi menneske får del i agape under dåpen.

Agape er eit gresk ord som uttrykkjer Guds kjærleik.



Og gjennom agape får vi også del i evna til å gjere det gode.

Gjere det gode for å kjempe mot det vonde.

Om det så skal gå på kostnad av våre eigne interesser.



Vel, eg veit eigentleg ikkje kvifor eg kom på dette.

Berre eit tilfeldig samantreff av dagar.

Men det blir i alle fall vanskeleg å skrive begeistra reisebrev frå Italia etter denne dagen.

I den store samanhengen er det ein svært liten ting.



Det einaste som verkeleg opptek meg, er familiane og venene til dei som er blitt utsette for denne meiningsløysa.

Måtte dei få god hjelp og trøyst.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar